Margo Price – All American Made

Standard

Country med soul, og ei frisk og uredd røyst.

Bilderesultat for margo price all american made  Kor mange songar finst det der ute som handlar om lønnsforskjellar mellom kvinner og menn? Ikkje veit eg. Ein og annan kampsong finst der nok vil eg tru. Pay Gap er av eit anna kaliber vågar eg å hevde. Men songen handlar så definitivt om lønnsforskjellar mellom kvinner og menn. Med kontrast som eit sentralt verkemiddel. For det er ein mjukleik i songens soniske vesen. Den dansar inn i bildet med trillande accordion-tonar i ei avgjerande rolle. Gjer til kjenne ein medrivande mexicana-melodikk, og spleisar vemod og jovialitet på ein vinnande måte. Og framstår slik som reine motsatsen til ein kampsong. Men orda som Margo Price fører til torgs er av det slaget som går like i striden. Som ikkje etterlet noko tvil. «Pay gap, pay gap, why don’t you do the math … ripping my dollars in halfwomen do work and get treated like slaves since 1776». Og dei ho adresserer urettvisa like i augo på er «rich white men». Og albumet heiter All American Made, og Margo Price trør ikkje utprega varsamt, men ho trør og lagar spor på eit vis som gjer ho til ein av dei aller beste countryartistane vi har om dagen.

Debutalbumet hennar, Midwest Farmer’s Daughter, er berre eit drygt år gammalt. Ho slår seg altså ikkje til ro av den grunn. Ho er midt i ein kreativ periode. Med All American Made byr ho på eit endå betre album. Som på debuten kan ein dra linjer til Loretta Lynn og Dolly Parton, men ho touchar denne gongen soulmusikken, og kjem opp med eit meir variert album. Først og fremst er det nå likevel den grunnleggande sterke låtkvaliteten som er det avgjerande her.

Låtane skriv Margo Price ofte saman med mann sin Jeremy Ivey. Han er også med som musikar på albumet, som gitarist her og bassist der. Det er tangentisten Micah Hulscher også. Når han ikkje spelar accordion på Pay Gap, kan han til dømes spele feite orgeltonar på det absolutt groovy soul-nummeret A Little Pain. Ja det kokar bra rundt dama når ho med krum hals slår fast at «a little pain never hurt anyone». Noko ho sjølvsagt har heilt rett i. Ho går seg heller ikkje bort når ho i same slengen drar fram Levon Helm-utsegna «I ain’t in it for my health». Og det er vel livet som utøvande musikar ho siktar til. Og at det er eit liv ho som kvinne og mor krev same aksept for å velje som ein mann og far.

Albumtittelen All American Made har vel ein viss slektskap til Springsteens Born In the USA. Og akkurat som hos Springsteen kan ein hos Price høyre både ein kjærleik til og ein kritikk av the american way. Aller tydelegast i tittelsongen. Eit semi-akustisk nummer der det blir teikna eit bilde av eit Amerika som snublar og haltar seg framover i historia. Mot vår tid. Eit Amerika der borna blir «raised on sports and Jesus and all the ususal suspects». Eit Amerika der pengane rår og våpensal til fienden ikkje er ein framand tanke. Margo Price undrar seg om presidenten «gets much sleeps at night». Og så vender ho seg til Mr. Petty (nyleg avdøde Tom Petty antar eg) og spør, heilt oppriktig, «what do you think will happen next

Debutalbumet hadde ein viss ang av det sjølvbiografiske. Med All American Made vender Margo Price, som de skjønar, blikket meir utover. Utover Amerika. Heart of America heiter ein song, og den handlar om gardsbruk som blir lagt ned og armod som kjem inn. Ho nemner Neil og Willie og deira Farm Aid. I ein annan song, albumets ultimate ballade, Learning To Lose, er ho så å høyre i duett med nettopp Willie, Willie Nelson. Eg klarar ikkje synest anna om den enn at den er vakker. Og ganske så rik på livsvisdom, av slaget «I’m so far away from where I started, but no closer to where I belong». Livsvisdom dukkar det også opp mykje av i det friske nummeret Weakness. Der det tar for seg alt det motsetnadsfulle livet har å by på, og der det audmjukt blir slått fast at «sometimes my weakness is stronger than me».

Elles blir vi presentert for både einsame sjeler, Cocaine Cowboys og Wild Women. Ubrukelege liksom cowboyar frå storbyen, og kvinner som utfordrar innarbeida kjønnsrolletankar. Og det soniske drivet er bra du, det er nærast litt funky. Men mest funky blir det i Do Right By Me. Eit sveitt soulnummer med frodig koring frå The McCrary Sisters.

Tilliks med debutalbumet blir All American Made gitt ut på Jack White sin Third Man label. Og tilliks med debuten er det blitt til i Memphis. Den gongen i legendariske Sun Studio. Denne gongen i det noko større studioet som Sam Phillips bygde, Sam Phillips Recording. Der har Margo Price og hennar medsamansvorne skapt eit album med ei ledug og fyrig nerve. Ja det må vel seiast å vere aldri så lite uimotståeleg det heile.

8/10

TIDAL: MARGO PRICE – ALL AMERICAN MADE

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s