Mount Eerie – A Crow Looked At Me

Standard

Lågmælte og sterke songar om livet etter å ha blitt ramma av døden.

  Han kunne ha kalla plata for Death is Real. Han gjorde det ikkje. Phil Elverum vil fortelje om meir enn døden. Han vil fortelje om kjærleiken også. Og livet, både før og etter at døden blei ein betydeleg del av det.

I noko slikt som rundt rekna tjue år har Phil Elverum spelt inn og gitt ut musikk. Han har stort sett gjort det frå sitt vesle hjørne nordvest i USA. Frå den vesle staden der han vaks opp, Anacortes i staten Washington. Først med det som vel kan kallast eit band, The Microphones. Sidan bakom eit namn som vel kan kallast eit einmannsprosjekt, Mount Eerie. Så har det vore med Mount Eerie som med einmannsprosjekt flest, gode hjelparar har blitt invitert med. Ei som stundom har vore innom og hjelpt til var Geneviève Castrée. Ho lever ikkje lenger.

Geneviève Castrée døydde 9. juli 2016. Etter å ha kjempa eit drygt år med ein alvorleg kreftsjukdom herjande i kroppen. Hennar næraste den tida var ei lita jente på 1 ½ år og mann hennar, Phil Elverum.

Death is real.
Someone’s there and then they’re not
and it’s not for singing about.
It’s not for making into art.
When real death enters the house
all poetry is dumb. 

Med slike ord opnar Phil Elverum sitt tiande (eller der omkring) album under Mount Eerie-etiketten. Og så gjer han nett det, syng om døden, den verkelege døden, den som har treft så nær han sjølv, og hans vesle dotter. Men det eg høyrer han synge om er det fortvilande saknet og det store tomrommet, og kor sterk kjærleiken hans til Geneviève er.

When I walk in to the room where you were
and look into the emptiness instead
all fails.
My knees fail.
My brain fails.
Words fail.
Crusted with tears, catatonic and raw, I go downstairs and outside, and you still get mail. 

Og så fortel han om ei pakke Geneviève har bestilt, og inne i pakka er det ein skulesekk til deira vesle dotter. Kona hans har altså planlagt for ei framtid ho har visst ho ikkje ville vere ein del av. Ho har gjort det medan grepet hennar om livet veikna og den botnlause stilla venta. I love you er dei tre siste orda Phil Elverum syng i denne songen. Opningssongen. Real Death. Den varer i knapt to og eit halvt minutt, men er på ingen måte fort over. Den sette spor etter seg. På sitt spartanske og lågmælte vis. Med sine reserverte gitar-render, sorgsame tangenttonar, sitt subtile og langsame beat, og denne songaren som ikkje tar i, som syng, som snakkesyng, og som er der, i songen.

Etterpå kjem det fleire songar. Moduset frå opningssongen lever vidare i desse. Tematisk, sonisk. Låt etter låt går over i kvarandre. Liknar kvarandre. Søker inn i det same. Er i det same. Dette lågmælte uttrykket. Dette tomrommet. I eit nettmagasin (eg huskar ikkje kva for eit) såg eg innhaldet på albumet bli klassifisert som «så vidt musikk». Eg tenker at den som har skrive det på eit vis er inne på noko, samstundes som eg tenker, og kjenner på meg, at albumet er ei av dei sterkaste musikkopplevingane eg har hatt dei siste åra.

I den ganske så omfangsrike album-katalogen til Phil Elverum er det vel det vesle albumet frå 2008, Lost Wisdom, som er den næraste soniske slektningen til A Crow Looked At Me. Han har jo for vane å bringe inn meir støy, ja han har jo endåtil ved nokre høve bydd på svaiande soniske veggar over der mot støyrock-landskapet. Når han denne gongen tyr til den elektriske gitaren snakkar vi om varleg handtering. Det same gjeld dei andre instrumenta han nyttar. Dei er nesten alle Geneviève Castrée sine (i tillegg til at ho var teikneserieteiknar hadde også ein musikk-karriere i gang). Og han sitt i rommet der ho døydde og spelar på dei, spelar desse songane, som er skrivne ned på papir ho hadde liggande. Frå 31. august til den 6. desember gjer han dette. Med brystet fylt opp av si sorg og sitt sakn. Og nå deler han det med dei som måtte ville høyre. Og det kunne blitt feil, men det blir det ikkje. Han går til kjernen, til dei enkle og usminka orda, det blir ikkje dumt.

Plata har sine slektningar der ute, det har den. Sun Kil Moon sin Benji, Sufjan Stevens sin Carrie & Lowell er to som ikkje berre tematisk men også sonisk opererer i eit kryssande landskap. Elles tenker også at Elverum i dei elleve songane nærar ein viss likskap til Bonnie Prince Billy sine meir spartanske folk-dirrande stunder.

Han vender seg til henne som ikkje er der lenger. I song etter song gjer han det. Han fortel at han vandrar rundt i huset, i fråværet, i romma der ho ikkje lenger er, at han rydder i kleda hennar. Så møter han hausten utan henne. «I had to close the windows and doors without you coming through» syng han, «I kept them open for as long as I could, but the baby got cold». Og han tenker tilbake til tida før døden kom. Då dei visste den snart skulle komme men ikkje kor tid. Til oktober 2015. Ravens heiter songen eg då har i tankane. Med lite anna enn tonar frå den akustiske gitaren teiknar Elverum i denne først opp eit urovekkande bilde av to ramnar mot solnedgangen i kveldskulda. For så å mane fram ein seks minuttar lang historie som vandrar mellom fortid og nåtid, og ber fram både smerte, skuld og varme.

Det er ein song til her som strekker seg over seks minuttar. Den heiter Soria Moria. Den hentar fram minner frå lengre tilbake i tid enn andre songar på plate. Frå då unge Elverum nokre månader isolerte seg på ei hytte i Norge. Frå då han møtte Geneviève for første gong. Og så kjem han i hug eit bilde på Nasjonalgalleriet i Oslo som heiter Soria Moria, som viser ein gut som stirar over ein avgrunn av tåke mot eit slott i det fjerne. Med dette bildet i hovudet, og vendt til si kvinne, avsluttar Elverum så songen med å slå fast at «the distance from this haunted house where I live to Soria Moria is a real traversable space».

Eg har spelt opningssongen om igjen og om igjen, for eg opplever nett den som spesielt sterk, men A Crow Looked At Me er først og fremst eit album. Fullt opp av songar som gjer inntrykk, stillferdige og gripande inntrykk. Som Swims. Som når songaren i denne refererer til eit spørsmål frå dottera, og sitt eige svar. Ei dotter som var med faren til stranda den dagen han spreidde mora si oske utover vatnet. For meg summerer denne linja også opp mykje av essensen av albumet, avmaktskjensla og varmen det utsondrar: «Today our daughter asked me if maman swims» syng han, og held fram: «I told her “yes she does, and that’s probably all she does now”».

9/10

BANDCAMP: MOUNT EERIE – A CROW LOOKED AT ME

TIDAL: MOUNT EERIE – A CROW LOOKED AT ME

Bilderesultat for phil elverum daughter

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s