Hvitmalt Gjerde – Våken

Standard

Rastlause låtar er ute av garasjen og dansar uvørdent av garde langs fortauskanten.

  «Ja!» er det ein som ropar. Oppstemt, utolmodig, før det har gått 2 sekund av plata. For å få ting i gang. Og ting kjem i gang, det skal unekteleg seiast. Trommene kjem inn med tempo i takten, gitaren kvesser til og kvitmalinga klamrar seg fast til treverket.

Dei tre jyplingane i Hvitmalt Gjerde har på sitt tredje album eit sprudlande overtak på slikt som måtte bekymre for mykje. Med dei mest klassiske rock’n roll-middel som finst, gitaren, bassen, trommesettet og ein kvilelaus vokal, verkar dei ikkje å ha anna fokus enn å komme frå det heile med 12 låtar gjennomsyra av fengande energi. Absolutt ei innstilling som går an å like.

Eg likar korleis dei har blikket retta opp og framover. Eg likar korleis dei fer åt når dei fer framover. Korleis småstein blir sparka, sølepyttar blir trampa i, hushjørne blir dulta borti. Korleis dei sjanglar og sprett men aldri trynar. Korleis vokalisten sin diksjon er heilt utan taumar, og sånn cirka halvparten av det han syng er bortimot umogeleg å snappe opp. Eg likar friskleiken, den uvurderlege friskleiken. Den som er der i så rikt monn trass i at bandet tuftar opplegget sitt på saker som har skjedd før. Som skjedde på sekstitalet, i garasjar rundt om kring i Amerika. Garasjar der hengslene var lealause av riffrock og surfrock og ganske enkelt garasjerock. Slikt ja, samt ein dose av tonar som kom i kjømda av punken, sei postpunk, kan ein finne att hos Hvitmalt Gjerde. Men det smått fantastiske er at Bergenstrioen samstundes frigjer seg frå sine soniske røter, og heilt udogmatisk hiv seg uti det som om det var noko dei sjølve har funne opp under vinglete bølgjeblekkplater i heimbyen. Det er så ein kan bli reint glad i bandet.

Pretensjonar får ein servert andre stader. Hos Hvitmalt Gjerde får ein Fingen. Ein fing som seier meir enn tusen ord, om ein skal feste lit til songaren. Noko ein kanskje berre sånn delvis skal gjere. Det spontane, intuitive drivet smell i alle fall på plass umiddelbart, blir med over i eit «baba-bababa-ba»-optimistisk andrespor og vidare inn i friske utsegn om at «det er ingen penger i triste sanger» og åtvaringar av typen «nå går følelsene mine på».

Personlege favorittspor: Blå Bil og Utenfor. Den første byr på fengande vers og eit meir ettertenksamt refreng, om det å drøyme seg bort frå der ein er og til noko anna. «Berlin 1973» for eksempel (som kanskje kan vere eit lite vink til eit vidgjete Lou Reed-album, eller kanskje ikkje). I Utenfor vartar gitarist (og vokalist) Johannes Fjeldstad opp med albumets fyrigaste riffløp, som etterkvart må vike plassen for ein særdeles potent liten gitarsolo (for kort). Ja reint stålkvass og skimrande er den, som om den har fått seg ein liten tøtsj av Tom Verlaine.

Eit så definitivt vakent album.

7/10

TIDAL: HVITMALT GJERDE – VÅKEN

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s