Lambchop – FLOTUS

Standard

Kurt Wagner har skaffa seg vokalprosessor — Men Lambchop er no Lambchop likevel.    8

Bilderesultat for lambchop flotus  Til slutt kjem The Hustle. Men den kom først også. The Hustle dukka opp i august som første singelen frå FLOTUS, Lambchop sitt ellevte studioalbum. Litt av ein singel du. Atten minuttar lang, med kjappe hakkande beats og eit elektronisk lydbilde, pluss litt klarinett putring som ekstra ingrediens. Ikkje eit heilt gjennomsnittleg Lambchop opplegg altså. Etter ein cirka fem minuttar lang instrumental innleiingsfase, som til trass for sin hurtige puls ikkje drar særleg vidt omkring, byrjar Kurt Wagner å synge. I sitt tempo. Det der bedagelege og sympatiske. «I don’t want to leave you ever, and that’s a long long time» syng han, som om han gjer ein lovnad til ei kvinne. Og det er vel i grunn det som skjer også. Om det ikkje er han som lovar, så blir det i alle fall gjort. Wagner er nemleg i bryllaup, og det går det jo an å synge litt om. Det som skjer på dansegolvet til dømes. «Do the hustle» lyde oppmodinga, inspirert av ein gammal disko-låt. Å kalle greiene Lambchop har føre seg her for disko blir no likevel feil. Det svirrar vel meir rundt i ein krysning av Kid A-era Radiohead og ambient Eno-musikk, men med den dere tydelege Lambchop-signaturen.

For det er no ein gong slik med Kurt Wagner og hans Lambchop at uansett kva svingar som er blitt gjort undervegs på ferda, sidan det midtre nittitalet, er det noko kjært og velkjent med det som kjem utav det. Denne gongen også. Aldri har dei vel svinga seg lengre unna utgangspunktet, men dei kjem seg ikkje unna. Ei viktig årsak er å finne i den humane røysta til Wagner. Den er no ein gong det kjennemerket den er. Når det er sagt, på FLOTUS gjer han eit alvorleg forsøk på å gjere den ukjenneleg.

Kva han gjer? Han brukar vokalprosessor, eller autotune. Ja det gjer han. Ikkje for å dekke til eigne manglar, men for å sjå kva han i kreativitetens namn kan få til. I eit lite essay han har skrive om bakgrunnen for plata fortel Wagner at når han gjennom åra har hatt røykestunder ute på verandaen har han ofte hatt musikk frå nabohuset som soundtrack. Hiphop for det meste. Det, kombinert med at han dei siste åra har latt seg imponere av produksjonane til Kendrick Lamar og Kanye West, har ført han inn på sporet. Ein liten svart boks han såg hiphop-duoen Shabazz Palaces nytte seg av tok han endå nærmare. Leiken var i gang. Kanskje han også kunne kreere noko musikk kona likte?

Kva Wagner syng om på andresporet Directions to the Can skal eg absolutt ikkje ha noko meining om. Det kjem altfor utydeleg fram. Røysta hans er tidvis prosessert over i eit falsett-lende han tidlegare nådde utan maskinell hjelp, men som han for nokre år sidan erkjente at han ikkje lenger meistra. Innimellom snakkar han. Elles glir røysta rundt og inn imellom jazzige Tony Crow-spelte pianotonar, elektroniske lydkjelder, og eit groove som gror seg til. Så pass gror det seg til at kanskje Can i tittelen viser til det legendariske tyske krautrockbandet.

Kva Wagner syng om i song etter song er nok ikkje meint å finne utav. Den i ulik grad, og på forskjellig vis, manipulerte klangen av røysta hans glir rundt i det soniske bildet utan at det nødvendigvis blir gjenkjennelege ord av det den uttrykke. Eit varmt bilde, farga av Crow sitt pianospel, av synth og programmert lyd, av eit nedpå og hyggeleg groove, eller eit som går meir på. Det er musikk med litt jazz i seg, med litt easy listening i seg, med litt ambient i seg, med lite fucked-up country i seg. Det er musikk eg lenar meg godt inntil utan å vere redd for at den sviktar. Det er musikk som har den motsette verknaden av det ein har vore redd for at maskiner har, kulde og framandgjering. Kurt Wagner bevarer det menneskelege i røysta.

I tillegg til The Hustle er heller ikkje det popspretne nummeret Writer forsynt med prosessert vokal.  Dermed kjem ei bra rekke med underfundige Wagner-strofer tydeleg fram i dagen. «Once there was a writer, now there are a reader» startar han, og held fram med linjer som «once there was a doer, now a thinker» og «once there was a fool, always a fool». Men den beste teksten presenterer han i opningsnummeret. Det tolv minuttar lange opningsnummeret In Care of 8675309. Talrekka der er identisk med eit telefonnummer referert til i tittelen på ein liten åttitals-hit av powerpop-gruppa Tommy Tutone (867-5309/Jenny). Det kan jo ikkje vere tilfeldig, sjølv om eg ikkje er i stand til å finne ein einaste verken sonisk eller tekstleg kopling mellom dei to songane. Sannsynlegvis ein av desse små Wagner-fintene det der. Det er ein song rik på tekst, og sjølv om Wagner si røyst hakkar og knitrar litt, er det ikkje spesielt utfordrande å få med seg kva han syng om. Eller det vil seie, akkurat kor han vil hen i løpet av teksten er ikkje klart. Men det er eit fint vemod der, som eg tenker tar for seg tida som går, og at det ikkje er stort anna å gjere med det enn å leve det beste ein kan. Wagner drar inn dei store ting og dei nære ting, religion, politikk, sjukdom, vennskap og kjærleik, og spørsmål det ikkje finst svar på (og som han heller ikkje ynskjer å høyre noko svar på) – «Whoever said you had the answer, Living by the ghost of the house of cancerPlease I beg you do not answer, Just board it, care the house of cancer».

I den innramminga har Wagner og hans Lambchop nok ein gong laga ei plate eg berre held fram med å lytte på , og lytte på.

TIDAL: LAMBCHOP – FLOTUS

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s