Kate Tempest – Let Them Eat Chaos

Standard

Eit dikt, ein historie, eit usminka og nådelaust hiphop-album.                                      8

Bilderesultat for kate tempest let them eat chaos  Det er natt. Klokka er presis 4:18. Forteljaren zoomar inn på ei gate i London. Husværa der er av ulik standard. Der er «rich flats, broke flats, new flats, old flats, luxury bespoke flats, and this-has-got-to-be-a-joke flats». Folka som bur i gata er forskjellige, slik folk er. Dei aller fleste søv på denne tida av døgnet, men sju av dei gjer det ikkje, og skal få ei hovudrolle i historia som skal forteljast. Ein av dei er «fourteen doors from home», dei seks andre oppheld seg bak kvar si dør. I denne gata. I London. Eit uvær er på veg dit.

Kate Tempest fortel. Ho er ein medrivande forteljar. Rytmisk og glødande. Uttrykksforma ho nyttar seg av kan kanskje kallast spoken word, men meir riktig tenker eg det er å kalle den for rap eller hiphop. Eg tenker uansett at Kate Tempest dansar over dei eventuelle skiljelinjene utan å bry seg det minste om dei. Det avgjerande her er at ho har eit stålgrep om diksjonen om rytmen om setningsmelodien og om orda. Ikkje minst om orda, om fortellinga.

For to år sidan kom Kate Tempest med albumet Everybody Down. La meg kalle det hennar debutalbum. Det er ikkje heilt presist, men eg gjer det likevel. Albumet blei ikkje oppdaga av underteikna før interessa for årets utgjeving sendte meg dit. Og det sjølv om det absolutt blei tildelt ein smule åtgaum frå ymse hald, ja det hamna endåtil på kortlista til Mercury-prisen. Den gongen som denne gongen fortalte Kate Tempest ein historie. Om tre noko forhutla individ (og deira omgangskrets) i utkanten av fellesskapet. Dei har sitt å slite med, i tillegg til søvnen, dei sju ho vender blikket mot på Let Them Eat Chaos også – «They shiver in the middle of the night, counting their sheepish mistakes».

Kate gjekk gjennom tenåra som fan av det amerikanske hiphop kollektivet Wu-Tang Clan, og med ein draum om sjølv å entre ei scene og rappe for berre livet. Men det skulle vere som diktformidlar av lyrikk skrivne av dei store meistrane (Blake, Yeats, Beckett) at ho byrja skaffe seg eit aldri så lite rykte. Dei siste fem åra, eller der omkring, har ho skaffa seg eit renommé innan fleire former for tekstformidling. Ho har skrive skodespel. Blitt lønna med ein prestisjefull pris for monologen Brand New Ancients (som forresten dukka opp på plate før Everybody Down). Ho har nyleg debutert som romanforfattar, og ho har gitt ut ei diktsamling.

Let Them Eat Chaos er også ei diktsamling. Eller meir presist, eit langt dikt. Gitt ut i bokform av forlaget Picador Poetry. «This poem was written to be read loud» skriv Kate framføre der diktet tar til. Ho tar grunnleggande tak i utsagne på albumet. Fordelt over tretten låtar framføre ho heile diktet med pasjon og artistisk overtyding.

Hennar instrumentale fylgje er ikkje rikhaldig. Men det er der, og det har sin effekt. Produsent Dan Carey (Franz Ferdinand, Bat for Lashes m.fl.) nyttar seg ikkje av stort anna enn ulike synth-tema, frå dei kalde til dei varme, frå dei melodiske til dei atonale, pluss ein bassgang og enten maskinelle beat eller eit meir konvensjonelt tromme-groove. Det har vel ein viss slektskap til slikt som har blitt kalla dubstep, og er akkurat nok.

Picture a vacuum
An endless and unmoving blackness
Peace, or the absence at least, of terror

Kate Tempest startar fortellinga i eit bilde som kan minne om bibelens skaparfortelling. Det handlar om jorda. Den vakre jorda. Men snart dukkar menneska opp, og ein by – «let’s call her London». Kate svevar over byen, ser folk som møtes tilfeldig, forelskar seg, driv frå kvarandre igjen, ho nærmar seg gata dette skal handle om, og ho halvsyng ei strofe som skal bli gjentatt nokre gonger: «Is anybody else awake? Will it ever be day again?».

Og så dukkar dei opp . Dei sju som ikkje søv. Ein låt til kvar. Først den traumatiserte Gemma, så helsearbeidaren Esther, den skjøre småbarnsmora Alisha, Pete som ranglar bort kvart pund han får inn, den «vellykka» Bradley som ikkje får tak på korleis det er å leve, Zoe som har sortert alt ho har i ulike kasser, og Pius som saknar Thorne, men stadige har med seg framande damer heim frå puben, fordi ho ikkje kan opna hjarta sitt til «anybody but strangers».

Parallelt med at Kate fortel om dei sju er også jorda vi bur på, klimakrisa, kapitalismen, krig og verdens flyktningar tema som blir opplevd som sentrale i fortellinga. Europe is Lost er eit sterkt nummer i så måte. Der Kate fylgjer dei urolege tankane til Esther, frå ho innleiingsvis filosoferer over at «Europe is lost, America lost, London lost» til ho til slutt slår fast at det er «No trace of love in the hunt for the bigger buck, Here in the land where nobody gives a fuck».

Og stormen kjem nærmare. «Hard rain falling on all the halfhearted» ytrar Tempest. Litt inspirert av ein gammal Dylan-song kanskje. «Massacres, massacres, massacres, new shoes» tenker Esther. «I know I exist, but I don’t feel a thing» sukkar Bradley. «Good place for a bad time» kunngjer Pete. Og Pius? Vel, «She doesn’t love, she just devours».

Så er stormen her. Som ein bibelsk apokalypse. Og «Seven broken hearts, seven empty faces are heading out of doors». Halvkledde, med og utan sko, og dei møtest, og dei smiler til kvarandre, og dei ropar «amazing!» mot himmelen, medan regnet vaskar dei.

What we gonna do to wake up?
We sleep so deep, it don’t matter how they shake us
If we can’t face it, we can’t escape it
But tonight the storm’s come

Kate Tempest snur litt om på det. Ho er komme fram til siste nummer og vender seg til dei sovande. Dei altfor mange sovande. Som med sitt «tunnel vision» ikkje ser kor dette ber i veg. Som ikkje ser kor ansvaret ligg. Som med sitt tomme og verdilause liv ikkje finn det verdt å engasjere seg. «But it was our boats that sailed, killed, stole, and made frail» påpeikar Kate. Og ein kan ikkje seie at ho er nådig. Men ein kan kanskje seie at ho sår eit lite håp til slutt, at ho ser ein sjanse. Den er ikkje sensasjonell. Den handlar om kjærleik utan atterhald, og om ei tøff dame som tryglar sine «loved ones to wake up and love more». Utan at plata på nokon måte forfalle til ei «make love not war»-oppleving av den grunn. Den er for skitten og illusjonslaus til det.

TIDAL: KATE TEMPEST – LET THEM EAT CHAOS

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s