Kurt Vile – B’lieve I’m Goin Down …

Standard

Vile og songane hans går sin slacke gode gang.                                                                                    7

  Her er ein banjosong, her er nokre pianosongar, her er fleire songar med fingerplukka akustisk gitar som instrumentell hovudkjelde, og her er eit par el-gitar og banddrivne greier. Variasjon altså. Eller, vent litt, dette er Kurt Vile, og då er ikkje variasjon det første ordet som spring meg i hu. Slik har det ikkje vore, og slik er det nok ikkje med B’lieve I’m Goin’ Down… heller.

Det er noko med Kurt Vile som får meg til å tenke på J.J. Cale. Den ærverdige gitaristen og songaren frå San Diego som gav ut eit drygt dusin med plater frå tidleg på syttitalet til godt inn på totusentalet. Alle i eit laidback folkbluesmodus som var Cale sitt eige. Han hadde funne sin tone, og heldt seg til den, heldt seg veldig til den. Døsig, beherska, sympatisk, og ikkje utan tiltrekkingskraft. Vile har funne sin tone han også, og har helde seg til den, i song etter song, på plate etter plate. Den er ein ganske annan enn Cale sin, det er den, men eg kan seie om lag det same om dan: Døsig, beherska, sympatisk, og ikkje utan tiltrekkingskraft.

Det er blues i tittelen, og det er natt i tonen – the wee wee hours og der omkring. Men Kurt Vile syng ikkje the blues og går heller ikkje heilt til botn av natta, han held seg i det melankolske mellomsjiktet. Der ein til dømes vaknar om morgonen, kanskje litt utpå dagen, men like forbanna om morgonen, ser seg i spegelen, og så kan ein ikkje dra kjensel på ansiktet som ser tilbake på ein. Ja og kanskje dreg ein det endåtil så langt som å nekte å kjemme håret til denne framandkaren. Deretter går dagane, ja heile veka, men då laurdagen kjem synst hovudpersonen at tida er komme for å spørje seg: «“Who’s this stupid clown blocking the bathroom sink?”, han som attpåtil kler seg i kleda mine. «I gotta say pretty pimpin’» lyde det lakonisk frå songaren, og vi er i gang. Opningslåta ber den smått suspekte tittelen Pretty Pimpin, og er ingenting mindre enn ein melodisk attraktiv og skikkelig bra Vile-låt.

«The laws of physics have shown that a man must walk through life via peaks and valleys» påpeikar Vile ein anna stad på plata. Ei særdeles lite sensasjonell påpeiking. Den ganske sjølvsagte tittelen på ein song med slik ei ytring i seg må vere That’s Life tho, og ganske så riktig er tittelen omtrent det. «That’s life tho, so sad, so true, that’s life tho, almost hate to say» lyde refrenget, og eg tenker vi er ganske nær kjernen for kva det handlar om. Desse songane til Vile. Eg ser på dei som refleksjonar kring livets gang, spelt og formulert frå ein velbrukt sofakrok. Mannen er nok ikkje heilt fatalist (kven er no det?) men ordtaket om å spele med dei korta ein har fått utdelt er nok illustrerande for meir enn ein Vile-song. Eller «roll with the punches» som Vile syng i ein eksplisitt song her, om livet. Den ganske så popfengande og pianopryda Life Like This.

Og livet det skjer, og vi prøver å gjere noko med det. Gje det eit innhald, drive rundt i det. Men kva det eigentlig er til for får vi aldri eit svar på. Noko som likevel ikkje stansar oss i å prøve å finne det. Nokon søker etter svaret på eit guddommelig plan – «Some bow down a hundred times a day or more, to find a way, to get back down to the temple one day». Andre prøver å finne noko kontemplativt i omgjevnadane ein trør rundt i. Og då kan kanskje vers nummer to starte slik: «There’s a desert down below the earth’s core, A hidden staircase in the house that you reside in». Songen heiter Wheelhouse, har eit enkelt og effektivt groove, ein ørkenvind susande i bakgrunnen og elektriske gitartonar som nøkternt søker midnattstimen. Kurt Vile spelte høvelig nok inn songen i eit studio i Joshua Tree.

Plata er sånn elles spelt inn både litt her og der, og har fått eit luftig og upretensiøst vesen. Den er ikkje fargelagt med dei same psykedeliske vibbene som førre Vile-plate, den storarta Wakin On A Pretty Daze. B’lieve I’m Goin’ Down er i grunn ganske så jorda, enkel og melodifokusert. Med Vile si fingerplukking på ein akustisk gitar som den mest markante lydkjelda. Men aldri som ei einsleg ei. Den nemnte banjosongen (I’m an Outlaw) handlar heller ikkje berre om ein banjo, om frisk fjelluft og oldtimes, eg høyrer eit orgel der også, og eit stringent groove, og ein songar som syng om ein fyr «on the brink of self-implosion».

Undervegs presenterer Vile typiske Vile-titlar som All In a Daze Work og Kidding Around, før han avsluttar med ein av dei finaste songane på plata, Wild Imagination. Ein melodisk varm sak, med eit groove som får ting til å røre på seg, og ein Vile som gjer uttrykk for at han er redd for at han føler «much too many feelings».

Sist gong eg skreiv nokre ord om ei Vile-plate (Wakin On A Pretty Daze) avslutta eg med å hevde at eg sleit med å komme meg utav den. Eg har nok ikkje blitt fanga like fast i B’lieve I’m Goin’ Down. Men du verden, den har sin gode dose av solide Vile-spor.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s