Girl Band – Holding Hands With Jamie

Standard

Det er meir enn fire grunnar til at dei hamnar på utsida av kategorien «typisk girlband».      8

 Det finst bråk, og så finst det bråk. Bråk som kan vere beint fram uuthaldelig, eller i alle fall sterkt forstyrrande og ganske så ubehagelig. Og så finst det bråk som er uthaldelig, til tider noko forstyrra men ganske så behagelig i grunn. Sa eg verkelig behagelig? Ja det gjorde eg. Meinte eg det? Nei du, det kan nok vere at eg ikkje fant det heilt presise ordet der. Men la det no henge der i lufta, og dirra, dirra i takt med etterdønningane av den siste gjennomspelinga av debutalbumet til Girl Band.

Slå saman albumtittelen Holding Hands With Jamie med bandnamnet Girl Band og du vil kanskje sjå føre deg ein jentekvartett som syng uskuldsreine poplåtar om ungdomsforelskingar og slikt. Det er ikkje situasjonen her. Ikkje det at det hadde vore noko gale om det er det som hadde vore situasjonen. Men den er altså noko annleis, situasjonen altså.

Girl Band er fire unge menn frå Dublin. Og dei lagar bråk, til tider eit helsikkes bråk. Sånn stort sett med hjelp av dei enklaste middel, eit trommesett, ein bassgitar, ein elektrisk gitar og ei røyst. Tonalt og ikkje minst atonalt. Disharmoni sett i eit system, eit rytmisk system, eit eggande system. Forma av dei motoriske faktene frå krautrocken, hardcore-innstillinga til band som Big Black, den klassiske lågt/høgt-dynamikken til band som Pixies, og techno-råskapen til band som Chemical Brothers. Noko i den duren.

Dei fire fant saman i 2011, og har etter kvart skaffa seg eit rykte som eit heftig konsertband. Eit par ep’ar har dei også sendt i frå seg i tida som har gått sidan starten. Med låtar som har spent frå det bra bråkete til det litt ufokuserte. Eg finn lite anna enn den førstnemnte kategorien her på debutalbumet.

Girl Band opererer og driv med sitt nokre brutale og skarpt dansbare skritt til venstre for den konvensjonelle rocketone. Eg opplever dei ikkje som fangbare og heilt enkle å plassere i nokon slags bås. Og bra er vel det? Spesielt enkle å ha med å gjere blir dei vel kanskje heller ikkje opplevd å vere. Men når det er sagt, så har eg ikkje personlig opplevd kvartetten som spesielt vanskelig å komme innpå, og å trivast i selskap med (i den grad trivast er rette ordet då, noko eg forsyne meg trur at det er).

Interaksjonen mellom kontrollert monotoni og ustyrleg villskap treff meg, derfor treff Girl Band meg. Songar som dansar på stupet av samanbrot men som like fullt aldri bryt saman tiltalar meg, derfor tiltalar Girl Band meg. Ein vokalist som opererer vel så mykje som ein del av det rytmiske som at han tar melodiske grep vil eg som ei avveksling gladelig omfamne, derfor omfamnar eg Girl Band.

Det gjer jo heller ingenting at bandet utfordrar idear om kva eit bråkete band skal tematisere i songane sine, eller at dei driv inn i reinspikka absurditetar, eller snur eitt og hitt litt på hovudet. Paul heiter ein av låtane deira. Ein personlig favoritt. «My daughter Paul» er eit av omkveda i låten, «Daddy long legs put his shoes back on and pissed with the seat down» er eit anna, «better not ask our bleached moustache» eit tredje. Og gudane veit kor dei vil hen med slikt (eller forresten, eg trur ikkje ein gong gudane veit det). Men eg veit at låta varer tett på sju minutt, og at det tar 1 minutt og 40 sekund før den elektriske gitaren til Alan Duggan gjer seg til kjenne. Fram til dess har Dara Kiely sunge og snakka frå sentrum av eit heilagt groove. Eit slikt eit som både her og andre stader på plata kjem seg av brunstige tonar frå Daniel Fox sin bassgitar og av suggererande trommespel frå Adam Faulkner si side. Når Duggan kjem inn med gitaren startar ekspansjonen, vegen inn i og ut av det totale bråk. Kort fortalt: eksplosivt stoff.

Og eksplosiv er Fucking Butter også. Eitt minutt lenger enn Paul og like eksplosiv. Det rytmiske er noko meir intrikat enn i Paul-låta, men ikkje med mindre suggestiv kraft. Duggan sin gitar kvin og skrik og ber seg, meir enn at den spelar konvensjonelle akkordar. Noko den vel sant og seie stort sett gjer plata igjennom. Slik blir eit sonisk uvær skapt, ei låt av det sterkt offensive slaget, der Dara Kiely i åtaksmodus formidlar linjer om tvilsame smørbrød, ei merkelig joggeskoannonse, og gjentar nokre gonger at han «like you like girls, not telling you why», før han i siste fase slår eit oppglødd slag for sjokoladepålegget Nutella («Nutella, Nutella, Nutella, no tell her, Nutella, no tell her, Nutella»).

Fucking Butter  er ikkje den einaste songen der Kiely har for seg slikt ein puttar i munnen, altså mat av ymse slag og kvalitet. I det krakilske opningssporet Um Bongo har ein «chicken fillet roll» ei sentral rolle.  I den metallisk perkussive og riffrøffe Baloo (med ein katt, «Proffesional Cat», og ikkje ein bjørn som hovudrolleinnehavar) blir det servert «sardines and puke soup». Medan Kiely i det smått arrogante og rytmisk tette åtaket Pears For Lunch har oppdaga fruktavdelinga. Sjølv om låta strengt tatt handlar om heilt andre ting enn frukt. Som det å sjå på Top Gear med buksa nede, innsmurt i Sudocrem, eller å gje uttrykk for at ei kvinne ikkje er så lett å forstå seg på, og i den samanhengen høglytt sukke «wish I was a wife» samstundes som gitaristen spelar ei psyko gitarlinje.

Så ja, dei er altså noko for seg sjølv desse fire irske rakkarane. Ikkje det at dei gjer noko heilt nytt. Dei har som alle andre naska i frå historia, men når dei skrur det heile i hop blir dei i grunn høyrandes ut som Girl Band og ingen andre. Og det går det jo an å sette pris på.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s