Destroyer 4 år etter Kaputt: Dunkle kammertonar, brunstige blåsarar, og giftig og svartsynt poesi. 8
Blåsarar og strykarar og ei røyst i beherska flyt. Horn frå E Street og kammertonar frå Big Star sin tredje. Men Dream Lover og Bangkok er ikkje to gamle Alex Chilton låtar, ikkje denne gongen. Denne gongen er det to ganske så ferske Dan Bejar låtar. Frå kvar si side av Poison Season. Dream Lover kjem nedover gata som ein andpusten Young Americans. Det er full blås, absolutt full blås. Men songaren prøver å halde det litt meir avmålt. Der han syng om eit par «lovers on the run», blant skilt som seier «This Way», i seine nattetimar, i tidlege morgontimar … «oh shit, here comes the sun». Bangkok kjem frå ein annan stad. I noir og neon sit det ein fyr, heilt i ro, og minnest. Rundt han talar pianoet og fiolinane vemodig i eit jazzig tonebilde. Sunny heiter fyren og han har sett Bangkok, han har levd og han har reist og han har sett langt meir enn Bangkok. Ein trompet kjem inn, og hissar seg etter kvart litt frilyndt opp. Men ikkje før Bejar fleire gonger har gjentatt songens gåtefulle og poetiske klimaks:
So, bring out your dead!
Bring out the light!
Bring out your dark
Birds in flight!
Bring out your red
Roses too!
Hey, what’s got into Sunny?…
For tiande gong gjer Dan Bejar ut album under Destroyer signaturen. Sist gong det skjedde var året 2011, og albumet heitte Kaputt. Destroyer sitt kritikarroste og mestselgande album. Det sofistikerte Brian Ferry slash Steely Dan slash Talk Talk popalbumet som gjorde musikartilværet litt annleis for Bejar sitt Destroyer.
Med Poison Season gjer ikkje Bejar det kanskje mange hadde vore freista til å gjere: Å fylgje opp ein suksess med meir av same slaget. Først og fremst så kan det vel ikkje seiast å vere skrekkelig mykje pop over Poison Season. Meir korrekt blir det vel å beskrive albumet som ei ganske så nedpå kammertona og skyggefyll affære, med eit og anna tillaup til blåsarforfylgd rockebrunst innimellom. Det gjer ikkje albumet til eit svakare album enn Kaputt. Snarare tvert imot spør du denne lyttaren.
Ein lyttar som set pris på måten plata er sett saman på. Med det todelte semitittelkuttet Times Square, Poison Season som opnings- og avslutningsspor. Eit spor der ein cello, og berre bitte litt meir, er instrumentelt fylgje når Bejar syng inntrengande men likefullt avslappa om fire individ som har sitt å slite med. Ein av dei er Jesus, og han er «beside himself». Skrifta på veggen seier imidlertid «Jesus saves», eller kanskje gjer den ikkje det likevel, kanskje er den ikkje ein gong «writing at all», nei meir sannsynleg er den «just forces of nature in love with a weather station». Og derifrå, derifrå kan du, om du vil då, fylgje eit rosespor ned til Times Square. Ein skikkelig kryptisk New York-ballade altså. Som ikkje berre er ein ballade, men som kjem som eit sentralt plassert rytmisk og særdeles dansbart spor i tillegg. Då heiter låta berre Times Square, sannsynlegvis fordi den ikkje er like giftig. Sjølv om teksten er eksakt den same er det utruleg kva litt løftande blåsarar og yppige rytmar kan få til. Eg likar begge variantane eg, men om eg skal velje ja då vinn den gretne sida av meg, og eg vender meg mot celloballaden.
Eg vender meg like villig mot The River. Ein vakker pianogrunna låt. Der saker og ting skjer. Men kva? Det er lett å tenke om blåsarane som strøymer langs låta som ein allegori for elvas straum, så eg gjer det. Det er ikkje like lett å oppfatte kva den eigentlig handlar om. Sånn utanom at den frontar ein viss misnøyestemning då, blanda med fridomslengsel (ein utav-byen-«she despises»-lengsel), og dødsangst («I’m over before I begin to go»). Eg vender meg gjerne mot Midnight Meet the Rain også. Ein smått ustyrlig affære, med skingrande horn/gitar-overgangar. Ein ugod sak om eit menneske som ikkje vil delta i livet, som har grimme tankar om verda utafor vindauga, som har «no interest in getting dressed today, to go outside and play a game we know so well…». Og jammen santen vender eg meg mot Hell også. Der eg høyrer fiolinar i dialog med ein trompet, og ein songar som syng om ein fyr som har nådd fram dit vegen er som mørkast, som ser seg sjølv som «scum», som ein som vart født «bright» men no er «dark as a well», … «And it’s hell down here, it’s hell».
Lystelige stemningar grev ikkje Bejar fram i songane på Poison Season. Nei denne gongen har han nok leita i skuggane, eller kanskje endå litt lenger inn, for å finne fram til poesien. Når så arrangementa i tillegg ikkje er av det medhårsstrykande slaget, nei heller ser seg tent med å krangle litt i motvind, så kan nok dette ikkje få karakteristikken lettfordøyelig og fiks ferdige for ein radiokanal nær deg. Slik tilfellet var med Kaputt. Men eit tilfelle er no dette likefullt. Eit skummelt medrivande eit i grunn. Eit av Bejar sine beste, faktisk.