Tame Impala har funne funken og åttitalet men ikkje mista psykedeliaen. 8
Det er makt i den psykedeliske tone. Ei makt til å frakte ein lyttar avstad. Innover, utover, oppover, vestover. Ei makt Tame Impala har utøvd på overtydande vis på sine to første album, Innerspeaker (frå 2010) og Lonerism (frå 2012). Det psykedeliske grepet er så avgjort der på Currents også, men omgjevnadane, dei soniske omgjevnadane har endra seg sidan starten. Så Currents er eit heilt anna album enn Innerspeaker.
«Yes I’m changing, yes I’m gone, yes I’m older, yes I’m moving on» syng Kevin Parker. Og det er ein statusrapport god som nokon om kva som har skjedd på Tame Impala-fronten sidan sist. Frå Innerspeaker si gitarfyldige åtferd via begynnande synthesizerbruk på Lonerism er Currents ein straum av åttitalets synthlyd miksa med funk og disco. Men endringa er altså ikkje så total at det seine sekstitalets psykedelia-tone er blitt kasta over bord. For den er der, og den er god, steikande god.
Tame Impala har aldri vore meir til band enn at studiodelen av det som blir gjort under namnet er det ein mann, Kevin Parker, som i hovudsak har tatt seg av. Denne gongen har han tatt seg av det i endå grundigare former enn tidlegare. Alt har han gjort sjølv, absolutt alt. Spelt, mekka, fiksa, sunge, forbetra, forkasta og foredla. Han har komme i mål utan å ta livet av noko som helst. Currents er pop-perfekt på den groovy måte.
«Yes I’m changing, yes I’m gone, yes I’m older, yes I’m moving on» syng Kevin Parker. Og det handlar ikkje berre om at han har flytta seg sonisk sidan sist, det handlar vel minst like mykje om eksistensielle transformasjonar. Eit brot i eit kjærleiksforhold spelar, nær sagt sjølvsagt, ei rolle i denne prosessen. Men det handlar om meir enn det. Det handlar om modning, det handlar om å vere søkande, det handlar om å rette blikket mot seg sjølv. Det handlar om å Let It Happen.
Den nesten åtte minuttar lange førstesingelen og opningslåta Let It Happen er ei sentral og stor stund. Ei låt i stadig endring. Den er både rettlinja og skakk, veldig tilstades og nesten heilt borte, utfordrande og fengande. Den handlar om å ta sjansen, om å la virvelvinden løfte ein inn i noko anna. Inn i The Moment kanskje, låta The Moment i det minste. For der å vere i augeblikket, og bli gitt sjansen til å danse til eit knipsy groove, og å bli minna på i mantraform om at «it’s getting closer». Nærmare transformasjonen. For det er etter The Moment at erkjenninga Yes I’m Changing kjem. Til eit seigt groove, som også er eit lett groove, og der det melodiske flyt med straumen og ein er tilbøyelig til å tru at ein er på rett veg.
Ein veg som ikkje svingar rundt i same romklangen som har funne stad på dei føregåande platane. Lydbildet er reinare på Currents, og Parker si stemme er lengre framme i miksen. Ei lys tenorstemme, ikkje så lik på John Lennon som den har vore før. Men ikkje heilt Bee Gees heller, sjølv om Parker hevdar at det er ei velkjent Bee Gees-låt som skal ha ein god del av skulda for at Currents er blitt som den er blitt. Ein gong Parker ikkje var i sin straightaste og mest sobre tilstand openberra discoklassikaren Staying Alive seg for han, som eit gripande psykedelisk nummer med eit heilt overveldande beat. Så – med fare for å gjenta meg sjølv – han let det skje. Parker knipsa med fingrane og fant sin indre funk. Ein funk, eit groove, som på ulikt vis ber fram den eine psychpop-raffinerte danselåta etter den andre.
Eg vil nemne The Less I Know the Better – melodisk fyndig, og ein tanke smussig. Eg vil nemne Eventually – sjølve kjærleiksbrotlåta her, sett frå perspektivet til den som tar initiativ til brotet («I know that I’ll be happier, and I know you will too»). Men mest av alt vil eg nemne ‘Cause I’m a Man. Med eit herlig dovent og distingvert groove og eit melodisk sigersmil rundt tonane søker den medlemskap blant dei udødelige. Og får det. Ikkje minst på grunn av refrenget, der Parker gjer seg sjølv og sitt kjønn det glatte lag: «’Cause I’m a man, woman, don’t always think before I do».
Transformasjonen som Parker har gitt seg ut på må til slutt nødvendigvis komme til ein slags ende. For plata kan jo ikkje vare evig. Og enden kjem, der den nok mest naturleg høyrer til, i siste låt. Tittelen seier vel, om ikkje det meste, så i alle fall sitt: New Person, Same Old Mistakes. Det er som kjent noko med den der nissen, han har ein tendens til å bli med på lasset. Det er som kjent noko med den der psykedeliaen, når den først har krope inn i eit hovud skal det meir til enn synth-straumingar og yppig rytmikk for å få den ut att. Og takk for det.