Album nummer to med suggererande rocketonar frå Leeds-kvintett. 8
Dette er eit album. 38 minutt som høyrer i hop, og som derfor har sin mest essensielle verknad om ein set av nett 38 minutt, og lyttar. Eg talar av erfaring for eg har gjort det, fleire gonger. Det har sendt meg inn i ein fjetra tilstand. Ein god ein, frå inst og utover. Med si årsak i ein betydelig larm, psykedelisk vitalitet, hektande melodilinjer og suggererande rytmiske tilhøve.
Halvanna år etter sitt frenetiske debutalbum Pearl Mystic er Leeds-bandet Hookworms klar med ein oppfylgjar som ikkje firer på krava. Den fylgjer for så vidt i dei same spora, og vekslar erfaringar i same vegkryss. Krysset der psykedelisert garasjerock møter krautrock møter minimalisme møter massivitet møter villskap, og denne gong også noko som kan minne litt om eit popansikt.
Av årsaker som ikkje er komme meg for øyre har dei fem i bandet funne ut at dei i denne samanhengen ikkje vil avsløre kva dei heiter. Dei nøyar seg med initialane. MJ spelar keyboard og syng. Då debutalbumet kom ut forfatta han eit lite presseskriv der han fortalte kva låtane handla om. Noko som for så vidt var ein tenlig idé sidan vokalen der ikkje opererer i fremste del av lydbildet, og i tillegg er blitt utsett for såpass forvrenging at å gje seg ut på å prøve å oppfatte kva mannen syng om er ei særdeles krevjande øving. Men altså, han kom oss til hjelp. Eit hovudtema var i fylgje nemnte skriv hans personlige angst- og depresjonsvanskar. Han er heller ingen utstrakt optimist, og hadde ikkje rekna med særlig interesse om plata. Det var ei lita feilvurdering. Rosande omtalar spratt fram, musikken vart høyrt, og MJ sine psykiske vanskar blei omtalt både her og der. Openheita hans kring desse vanskane formidlar han no har ført til mange gode tilbakemeldingar.
Denne gongen har eg ikkje sett noko presseskriv. Denne gongen er vokalforvrenginga litt mindre. Men orda som MJ formidlar trer ikkje fram i ei tydelig nok form til at eg skal gje meg ut på å fabulere noko særlig omkring kva han formidlar. Om eg skal seie noko så må det vere at det tenderer meir mot å ha eit mørkets preg enn lysets fargar. Eller er det desperasjonen eg høyrer i røysta til MJ som først og fremst får meg til å tenke slik? Hans hang til å skrikesynge? Ikkje umuleg, for eg høyrer jo (trur eg i alle fall) at han syng håpefulle linjer som «I moved towards the sun» og «I got a feelin» for love». Dei siste orda der har eg snappa utav avslutningssporet Retreat. Ein heidundrande fengande psych-rockar, der orgelet gjallar og groovet tar tak, eit alvorlig tak. Fram til den bråstoppar og slik sørgjer for at albumet får ein bardus avslutning. Noko liknande kan ein vel også seie om starten. Etter nokre sekund med synth-prikking kastar bandet seg hovudstups inn i eit stykke brutal garasjepunk kalla The Impasse, der den forvrengte røysta gjentar ei linje som kanskje lyde «love, what are you dyin» for».
Tre instrumentale mellomspel er med å binde albumet i hop. På debuten hadde tre slike titlane I, II og III, denne gongen går bandet til det skrittet å kalle dei for IV, V og VI. Dei har ei slags dempande rolle. For der tempoet er høgt og tonen pågåande i fem av seks hovudspor, er tempoet nær avskrudd i desse mellomspela. Det er ikkje heilt avskrudd i Off Screen, men målt opp mot dei andre hovudspora er den ein flytande, sfærisk og varm ballade, med ein dunst av Jesus & Mary Chain i seg. Når MJ gaular «I got a mind with a red hot feeling» (trur eg) i Beginners dukkar eit anna band opp i tankane, Sonic Youth og låta Teenage Riot. Men berre i ein kort sekvens av låta, den svirlar i andre retningar også. Som resten av låtane. Som On Leaving, med sitt ekspanderande vesen, og si monolittiske søyle av eit groove. Eg høyrer noko udefinert LCD Soundsystem der. Eller som Radio Tokyo, der eg får ei Spiritualized-kjensle, men endå meir opplever låta som heftig og orgeltungt popleven.
I forhold til debuten har The Hum eit strammare og meir koherent vesen. Ein klarare retning, ein god retning. Albumet verkar kanskje meir å vere resultat av eit samspelt band, mindre sett saman bit for bit. Om det gjer det til eit betre album? Ikkje nødvendigvis akkurat av den grunn, men eg opplever The Hum som betre. Det gjer eit sterkare inntrykk, det har hekta seg fastare fast i meg. Ja fastare enn dei aller fleste album som er blitt gitt ut i år i grunn.