Janne Hea – Wishing Well

Standard

Countrytonar av den heilt naturlige, temmelig så spartanske, og absolutt medrivande sorten.     7

  Ho står der med songen i blikket. Står heilt i ro med songen i seg. Står der roleg og syng om draumen og røyndomen som møtes i eit endelaust fall, ned i ein Wishing Well. «So this is how it goes, so this is how it ends» syng ho, akkompagnert av ein middelaldrande fyr på akustisk gitar og ei ung kvinne med ei fele. Ikkje noko anna. Ei vakker von sildrar gjennom tonane. Eit mismot gjer seg til kjenne i orda: «Everything is gone, you are gone, there are no more wishing to be done».

Scena er henta frå eit TV-opptak gjort av NRK Hedmark og Oppland. Bak mikrofonen står Janne Hea. Ho er flankert av Torgeir Waldemar og Mari Skeie Ljones. Dei framfører tre songar. Alle er henta frå debutalbumet til Janne Hea. Og der er det mykje å hente. Rett nok ikkje meir enn åtte songar, men gode songar, dvelande songar, country- og folksongar som tar seg den tida dei treng. Det gjer dei rett i.

Det er ikkje meir enn eit par månader sidan eg høyrde Janne Hea kore på Torgeir Waldemar sitt debutalbum. No er rollene byta om, no er det han som korar på hennar debutalbum. I tillegg spelar han gitar, og litt banjo. Det er det ingen andre som gjer. Sant å seie er det ikkje så mange andre som spelar her i det heile. Plata har akkurat dei same tre aktørane som nemnte TV-opptak (med eit unntak, nokre pianotonar i songen Dust). Meir skal ikkje til for å gje ei plate eit besettande liv. Slik er i alle fall tilfelle med Wishing Well.

Platecoveret er i svart, kvitt og grått. Kledelig og passande nok, for dette er ikkje ei plate som femnar all slags fargar. Wishing Well sitt spartanske og melodivakre vesen er eit samstemt vesen. Plata har ein grunntone av varleg vemod, utanfor der beveger den seg sjeldan.

I dette vemodet er det dei vanlige mistenkte som dukkar opp. Dei mellommenneskelige tilhøva, og gledene og ikkje minst ugreiene som oppstår i spora av desse. Mest omsunge i så måte er som vi alle veit kjærleiken. Janne Hea går ikkje forbi den ho heller. Ho går så absolutt innom den, er i den, og går ikkje umerka utav den. Dust heiter eit sterkt og hustrig eksempel på nett det. Løgn og skam og destruktive handlingar er tema, og ned i kneståande ber det. Wrong heiter eit anna, eit med anger og erkjenning i seg –  «you bore the mark of all of my careless sins».

I låta Oslo, som tilsynelatande handlar svært lite om Oslo, blir vi presentert for to som har eit forhold meir utav gammal vane eller nødvendigheit enn av kjærleik. Eller som ho som fører ordet formidlar det: «the cure for my loneliness is you». Men det tar ein slutt, kuren er ikkje lenger særlig tilfredstillande. Og så er det at eg tenker at kanskje er det Oslo det handlar om likevel. Oslo som kuren mot einsemd, som no ikkje lenger strekk til?

Eit par tributtar dukkar også opp. Katie, om og til ei barndomsvenninne som stadig er der, som «know me better than even God will ever do». Og så ein song til faren, naturlig og enkelt nok kalla Father. Ei skildring av to som elskar kvarandre men ikkje kjenner kvarandre så godt. Vakkert formulert, med mellom anna denne linja: «My father and me is a quiet conversation hidden in a pretty melody».

Eg kjenner vel på meg at det er vanskelig å føre denne omtalen i mål utan å ha nemnt Gillian Welch og Dave Rawlings. Der var det gjort. Janne Hea vinn først og fremst merksemd for den ho er. Ein varleg og lysande songar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s