Dei 5 beste albuma frå april 2014 (Slik eg har oppfatta det)

Standard

Woods – With Light and With Love                 8

With Light and With Love (Eit utdrag av ein lengre omtale publisert 10. mai 2014)

I si utvikling mot låtar med eit klarare blikk, og rakare rygg, har Woods denne gongen tatt steget inn i eit skikkelig platestudio. Det er ein arena dei aldri har oppsøkt før. Det kunne fort gjort ting verre. Dei kunne jo til dømes ha polert bort både sjarm og sjel. Noko som ikkje har skjedd, slikt er i staden berre blitt tydeligare.

1967 er ikkje uendelig langt unna. Ein elskelig poptone trenger seg inn i det meste, og den psykedeliske faktoren er lysande. With Light and With Love, det er selvfølgelig ikkje berre ein platetittel, det er også ein song. Albumets mest sentrale song, og i særklasse lengste. Gjennom ni samfulle minutt driv den framover, framover, framover. Groovet er der, orgelet gjallar, Earl syng om kjærleik og død, og gitarlyden er kvesst, soloane er konsise, og energien upåklagelig.

Aktiv rytmisk åtferd er noko som går att plata igjennom. Sånn stort sett, og i alle fall målt mot tidlegare Woods-bragder. Eg høyrer det i Moving To the Left, ein grasiøs og gemyttlig melodi med ein tanke Beatles innabords. Eg høyrer det i New Light, ein fengande folkrocklåt, der noko psykedelisk gnir seg inntil dei indre regionar og fruktbar harmonisong opererer i dei ytre, og The Byrds er like i nærleiken. Eg høyrer det i Leaves Like Glass (som visstnok er ei av to låtar som er spelt inn heime). Her høyrer eg også noko umiskjennelig Dylansk. Frå det innleiande trommeslaget og orgeltonane sin slektskap med Like A Rolling Stone til Jeremy Earl si smått snerrande frasering retta mot ein ikkje namngitt person.

Med sine manglar, med sine intensjonar, med sitt overskot, står plata fram som human og godgjerande popmusikk. Ord og tonar sprett både lett over overflata og skjer seg inn i materien, og det heile står fram som kongruent og variert i same andedrag. Vemodet blir oppmoda om å danse kinn mot kinn med gleda. Lyset blir slått ganske så ettertrykkelig på, sola skin, men det blir heller aldri lagt skjul på at motgang og død luskar i skuggane. Det er vel i grunn musikk som ikkje skal preikast i hel. Derimot er det musikk som ganske mange kunne finne på å like, trur eg.

 

Timber Timbre – Hot Dreams                          7

Hot Dreams   (Eit utdrag av ein lengre omtale publisert 7. mai 2014)

Utan at verden på noko vis har gått av hengslene har Timber Timbre drive på å laga bra musikk ein åtte-ni års tid no. Spesielt bra var bandet på sitt sjølvtitulerte tredjealbum. Eit album der frontfigur Taylor Kirk opererte mykje på eiga hand, og serverte heimsøkt og klaustrofobisk folk-blues under ein luftig og vidstrakt himmel. Året etter rista det meir i det soniske bildet. Dei var fleire, og nittenfemtiåra vart frekventert, i form av ein tumult mellom Roy Orbison og Screaming Jay Hawkins. Eller noko i den duren.

I mitt forsøk på å Hot Dreams kjem eg heller ikkje denne gongen unna Orbison. Det er noko med røysta, fraseringane, og tonane til Taylor Kirk som får meg til å tenke på den gamle heidersmannen. Og aller tydeligast er det i tittellåta. Tonen er krystallklar og tilhøva er lumre. Belysninga er fløyelsraud og syndarar sitt i kvar ein krok. Er det ein dagdraum eller eit nattleg mareritt? Kanskje aller mest ei sveittetokt i ytterkanten av røyndomen. «I wanna wake from hot dreams of you babe» syng songaren, før han lar Colin Stetson sin saksofon røyklegge sluttpartiet.

Ein Stetson som serverer saksofontonar av meir krakilsk skapnad i siste del av Grand Canyon. Ei western-melodisk framstilling, i god Lee Hazlewood ånd, av ein flytur frå Phoenix over Grand Canyons mektige munn til Hollywood. Der eg meinar å kjenne att konturane av førtitalets detektivar i svart og kvitt, eit forlorent motellrom, og «a divining by venetian blinds». Apropos vindaugsforheng: Curtains!? er plata sitt funky nummer. Westernfunky. Og ein auditiv filmsnutt der det tvetydig vert konkludert med at «curtains can conceal what it is they were to hide». Låta har forresten ein eim av Portishead i seg, og er ikkje aleine om det. Ikkje minst kan eg høyre slikt i opningsnummeret Beat The Drum Slowly. Der Kirk syng om kameraet som skal rulle, og generelt sett skapar eit filmatisk inntrykk. Eit inntrykk som også er der over alt på plata, ikkje minst når songaren knelar i This Low Commotion, og kjem med ei bebreiding om at «you turned me on, than you turned on me».

Hot Dreams er ein tanke meir raffinert enn tidlegare plater av Timber Timbre, og har ein varme som ikkje alltid konsulterer gufset. Men fredlaust er det.

 

EMA – The Future’s Void                               7

The  Future's Void  Tretti år etter at William Gibson gav ut sin cyberpunk-klassikar Neuromancer dukkar EMA opp med ein song som ber bokas tittel. Songen går strake vegen inn i teknologiens og menneskets ve og vel. «ur makin» a living off of takin» selfies, is that the way that you want it to be? It’s such a narcissistic baby, it’s such a new milennial baby».

På coveret kan vi sjå Erika M. Anderson (EMA) med virtuelle røyndomsbriller. Eit gjennomgangstema på plata er livet på og rundt internettet. Ikkje så mykje ein framtidsdystopi, meir ein kommentar og ei skildring av tilstanden slik ho ser den rundt seg akkurat no.

På debutalbumet sitt, Partial Life Martyred Saints, vrengte ho av seg ni støyande viser med eit tidvis popmelodisk ganglag. Det tekstlige fokuset var retta innover mot hennar eigen kjenslesentral, mot dei subjektive sanningane. Slikt finst for så vidt på denne oppfølgjaren også.

«Feel like I blew my soul out, across the interwebs and streams» syng ho, og det handlar om den personen ein presenterer seg som på nettet kontra den personen ein «feel inside», og så handlar det om å føle seg som ei beskjeden brikke i «a big advertising campaign». Men det handlar nødvendigvis ikkje om Erika M. Anderson, det handlar vel i grunn om kven som helst.

Kven som helst som har klikka på linken som fortel om ein «dead celebrity». Kven som helst som har følt på ei skam ståande der «stupid naked». Kven som helst som opplever ei verd «eclipsed by a fever, striking masses down in their prime».

Instrumenta som fylgjer songane er denne gongen i all hovudsak av elektronisk art. Strenge, skarpe, kalde lydkjelder dansar og kranglar rundt låtar som oftare enn det kan virke som, sånn med det same, har eit godt melodisk hjerte. Dama syng hymnelikt i songar som When She Comes og Dead Celebrity, dvelande i 100 Years, manande og pågåande i god PJ Harvey stil på fleire spora, og både Blondie-fagert og Hole-iltert i den rivande grunge-kommentaren So Blonde.

Ei iskald og ekstremt dyster affære blir dette altså ikkje. Snarare ei med songar som pustar inn dugeleg med luft, av det livgjerande slaget.

 

Old 97’s – Most Messed Up                             7

Most Messed Up  «Rock’n roll’s been very very good to me» slår Rhett Miller ettertrykkelig fast. I opningslåta på Old 97’s ellevte album, Longer Than You’ve Been Alive. Eit ubetalelig dukk ned i livet til ein rock’n roll aktør. Ein ekspanderande melodi av det uimotståelige slaget, og ein seks minutt lang sjølvbiografi, som utelet mykje og sikkert lyg til litt, men som først og fremst klapsar til myta mitt i fjeset. «I’m not crazy ’bout songs that get self-referential, most of this stuff should be kept confidential, ah, but who even gives a fuck anymore?, you should know the truth, it’s both a blast and a bore , rock stars were once such mythical creatures, up there with presidents, playmates and preachers».

20 år etter at bandet suste inn på nittitalet med countryrock av det punkprega slaget har kvartetten enno ikkje lagt inn årene. Faktisk viser dei seg på Most Messed Up frå ei friskare og meir hardtspelande side enn dei har gjort på lenge.

Opningssporet er ikkje det einaste på plata som tar for seg livet som rockeartist. Temaet blir såpass heftig behandla undervegs at det kan vel forsvarast om eg hevdar at dette er eit konseptalbum rundt temaet. «Lets drink whiskey, and do it all night long, lets get drunk and get it on» lyde det i ei feststemt batalje. «I’m gonna play my guitar till my fingers fell off, sing till my voice is gone» blir gjentatt eit par gonger i ein annan song. Og så er den stygt fengande kaktusrockaren Guadalajara då. Ein liten røvarhistorie om ein fyr som får ein førespurnad frå ei kvinne om litt nødvendig hjelp – fordi «my bikini is stuck in the back».

I det tittelkuttet raljerar ut med sitt mantra «I am the must messed up motherfucker in this town» er det ikkje vanskelig å slå fast at dette er langt unna å kunne bli kalla elegant. Men du verden som det rockar og rullar.

 

Arc Iris – Arc Iris                                             7

Arc Iris  Sist gong eg høyrde Jocie Adams var ho ein av medlemene i The Low Anthem. No er ho frontfigur i Arc Iris. Kanskje vart The Low Anthem for trongt for henne. Ting kan tyde på det. Arc Iris kan tyde på det. Eit eklektisk tiltak. Her finst songar som ikkje driv veldig langt bort frå slikt The Low Anthem held på med, men her finst fleire songar som driv i ganske så mange andre retningar. Alle komponert av ei dame som har si musikkopplæring innan den klassiske musikken, men som set like stor pris på ein naken fjelltone som eit innfløkt prog-tema eller ein gnagande kammermelodi. Ho vil mykje, men ikkje meir enn det ho får til.

Instrumenta som er i bruk plata igjennom tel slikt som akustisk gitar, piano, orgel, kontrabass, cello, banjo, trompet, trombone og slagverk. Stilartane dei tar seg gjennom spenner frå bassig bluegrass (Money Gnomes) og sorgtung countryvisesang (Whiskey Man), via sensuell jazzig swinging (Singing So Sweetly) og praktfullt balladeri med venger av doo-wop (Ditch), til spenstige cabaret-tilstandar (Swimming).

Heile greia heng heilt naturleg og fabelaktig godt i hop.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s