Woods – With Light and With Love

Standard

Tåka er borte, sekstitalet er tydelig, groovet er aktivt, og det melodiske blomstrar.                     8

With Light and With Love  Skogen ville vore uendelig stille om det berre var dei beste fuglane som song, var det ein som sa ein gong. Så bra då at det ikkje er uendelig stille i skogen, tenker eg. Så bra at Jeremy Earl ikkje teier stille, men syng. Med ei falsettrøyst som ikkje prøver å vere perfekt, som er det den er, som har litt Neil Young i seg, og som er oppriktig til stades i songen. I ti songar til ende på den sjuande plate til Woods. Ein tanke lenger framme i skogholtet (les lydbildet) enn den har vore på dei seks føregåande. Der finn den seg absolutt til rette.

Woods har vore i eit skikkelig platestudio. Det er ein arena dei aldri har oppsøkt før. Alt dei har spelt inn tidlegare er blitt gjort i frontfigurane Jeremy Earl og Jarvis Taveniere sitt eige vesle heimestudio. Musikken som har komme utav det har vore lausleg, psykedelisk, tåkete, folk, rock. Av og til har dei søkt inn mot eit motorisk groove, oftare har det vore vimsete og tilsynelatande ikkje heilt fokusert. Når det er sagt har dei plate for plate skjerpa fokuset. Presentert fleire og fleire låtar med eit klarare blikk, og rakare rygg. At denne utviklinga samstundes skulle føre til betre og betre plater er ingen sjølvsagt ting. Dei kunne fort ha polert bort både sjarm og sjel undervegs. I staden har dei berre fått slikt tydeligare fram. På to år gamle Bend Beyond i så blomstrande substansielle former at plata stod fram som eit av det årets beste. With Light and With Love er forsyne meg endå betre.

1967 er ikkje uendelig langt unna. Ein elskelig poptone trenger seg inn i det meste, og den psykedeliske faktoren er lysande. With Light and With Love, det er selvfølgelig ikkje berre ein platetittel, det er også ein song. Albumets mest sentrale song, og i særklasse lengste. Gjennom ni samfulle minutt driv den fram. Med unntak av ein kort sfærisk pause cirka midtvegs har den eit kvilelaust vesen. Groovet er der, orgelet gjallar, Earl syng om kjærleik og død, og gitarlyden er kvesst. Det er ei låt som er på veg framover, framover, heile tida framover. Med krum nakke. Utan å nøle. Her blir det ikkje myst mot fjerne horisontar, eller dingla inn på sidespor. Eg opplever låta som ein slektning av klassiske langlåtar som Down By the River (Neil Young) og Marquee Moon (Television). Den har den same suggererande krafta, og for så vidt også ein tekstlig tematikk som ikkje er heilt ulik. I Young si låt handlar det om at dama drar hovudpersonen «over the rainbow» før ho av uklare grunnar blir skoten nede ved elva, hos Television er linja «The kiss of death, the embrace of life» sentral, medan Earl han syng om å vandre med kjærleiken for så brått å melde «death brings us close». Men først og fremst er det energien, den uimotståelige konsise energien det handlar om.

I andre låtar handlar det om litt andre ting. Shepherd er ei countrylåt. Ei småskakk countrylåt, ute til venstre for Gene Clark, med ein slidegitar som høyrest ut som ein steelgitar, og ord som omhandlar livets gang – «fallin» in and out of love». Livets gang meinar eg å oppfatte som tema i Moving To the Left også. Ein grasiøs og gemyttlig melodi med ein tanke Beatles i seg, og ei tett rytmisk åtferd – «floating by and by … spinning with the sun … moving with the rest … moving to the left».

Tett rytmisk åtferd er forresten noko som går att plata igjennom. Sånn stort sett, og i alle fall målt mot tidlegare Woods-bragder. Eg høyrer det i Leaves Like Glass (som visstnok er ei av to låtar som er spelt inn heime). Her høyrer eg også noko umiskjennelig Dylansk. Frå det innleiande trommeslaget og orgeltonane sin slektskap med Like A Rolling Stone til Jeremy Earl si smått snerrande frasering retta mot ein ikkje namngitt person – «this life won’t wait for you … you try to clear up your life … I know I fucking wait for you».

Eg nemnte Gene Clark, og eimen frå det mest kjente bandet han spelte med, ærverdige The Byrds, er ikkje å komme forbi. Sterkast er den i New Light. Ein fengande folkrocklåt , der noko psykedelisk gnir seg inntil dei indre regionar og fruktbar harmonisong opererer i dei ytre. Den er der også i Only the Lonely, ein godlynt kjæledegge av ein popsong. Med melodisk siger i blikket, skarpleik i hoftepartiet, og varme i bringa – «with some love, with some light, in the human heart».

Og akkurat der fall eg for freistinga å kalle det som openbarar seg på With Light and With Love for human popmusikk. Ganske enkelt fordi eg opplever plata som 100 % menneskelig. Med sine manglar, med sine intensjonar, med sitt overskot. Den har mykje i seg og mykje for seg, og står fram som kongruent og variert i same andedrag. Sprett både lett over overflata og skjer seg inn i materien. Er fredfull og har ein sterk vilje. Vemodet blir oppmoda om å danse kinn mot kinn med gleda. Lyset blir slått ganske så ettertrykkelig på, sola skin, samstundes som det heller aldri blir lagt skjul på at motgang og død luskar i skuggane. Det er vel i grunn musikk som ikkje skal preikast i hel. Derimot er det musikk som ganske mange kunne finne på å like, trur eg.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s