Alabama Shakes – Boys & Girls

Standard

Dei tar soulmusikken med på ein groovy southern rock’n roll tur.

7

cover

Eg har i grunn aldri vore inne på tanken å bestille ein cocktail av Janis Joplin og Etta James, med Booker T kledd i White Stripes som groovy tilsettingsstoff. Men no sitt eg her og lurer på om det ikkje nettopp er det eg er blitt servert. Eit knips med fingrane for å seie fram ein klage er likevel ein fjern tanke. Nei då knipsar eg heller i fingrane og tar meg ein liten dans. For slik verkar den i grunn, denne cocktailen. Alabama Shakes kallar dei den visst.

Eg har for så vidt kjent til den ei stund. Det har nemlig vakse fram ein aldri så liten hype. Frå dei små blogsfærar via Jack White og SXSW til langt inn i hipstersfærar. Om eit soulrockband frå det djupe sør som skulle ha i seg ein flamme kraftigare enn dei fleste. YouTube kan vere ein bra stad å søke sanningsgehalten i slike tilfelle. Ei takknemlig oppgåve i dette tilfellet. For jammen har det florert med opptak av bandet, og jaggu har desse vist eit band med takta i botn, greipa i posisjon, og ein pasjonert bodberar i frontlinja.

Det er ikkje langt frå Athens, Alabama til Muscle Shoals (i same stat). Det viser kartet, og det kan eg høyre, av debutalbumet til Alabama Shakes. Det var i Athens, Alabama dei fant i hop for eit par år sidan, dei fire i bandet. Sidan har dei spelt. Zeppelin og Otis Redding. Rock’n roll og soulmusikk. Dei har turnert med Drive-By Truckers (viss frontfigur Patterson Hood er son til grunnleggaren av legendariske Muscle Shoals Studio), og både Jack White og Robert Plant har erklært seg som svorne fans.

Det er til å forstå. Det er energi i omsetnad der Alabama Shakes byr fram sitt tonale brygg. Ein energi som svingar seg med lys og skugge dynamikken frå dei to nemnte herrars respektive band. Etablert kring songar som har sørstatssoulen som ein grunnpilar, og ungdommelig pågangsmot som sitt vesen.

No skal eg ikkje hardnakka hevde at all den energien som dei jobbar fram på sine beste konsertopptak der ute i YouTube-jungelen er blitt med over på debutalbumet. For det har den ikkje. Like fullt, det er blitt ei plata som grev fram nok av slikt til å få merkelappen drastisk levande.

Det openbare midtpunktet i bandet er ei kvinne. Brittany Howard. Ho er stemma. Ei slik ei som fortærer liksom-souldamer som nattmat, med cajunkrydder på. Den går djupt, den er rå, den er sår, den er var. Den tar inderlig eigedom i kvar einaste tone den har omgang med. Den er ei ekte kraft.

Bless my heart
Bless my soul
Didn’t think I’d make it to 22 years old
There must be someone up above
sayin» come on Brittany, 
you got to come on up
You got to Hold On

Med slike ord presenterer ho seg. I eit opningsspor der groovet krev, riffet forsikrar og melodien signerer. Jubel og tvil i potent foreining, og eit glødande utålmod:

You got to wait!
Yeah! You got to wait!
But, I don’t wanna wait!
I DON’T WANNA WAIT!

Det er ikkje tida for dei utførlige funderingar kring tilværet, Brittany tuner inn på dei essensielle. Og då kan det handle om både det håpefulle og det trøysteslause. Ho oppfordrar å overlate til havet å «worry about being blue» i lausleg drivande Hang Loose. I den kraftfullt fyrige balladen You Ain’t Alone møtest sosial angst og katastrofeangst, og løyser billett for betre tider. Medan det grundige orgeldrivet i Hearbreaker aldri kan dysse ned at det ligg eit knust hjerte og skjelv då siste tone døyr ut.

Tittelsporet er ei vemodstung skildring av eit vennskap som brått fordunsta. Då dei to barndomsvennene blei fortalt at ho og han ikkje kunne vere venner lenger. No når barndommen var over. Han lystra, medan ho står att, og forstår mindre. Ei personlig skildring har eg registrert Brittany uttale. Neppe den einaste på plata. Noko seier meg at dama har ei sentral rolle i dei fleste songtekstane her. Og særlig i det elastisk groovande, og etterkvart febrilske, høgdepunktet Be Mine. Her er det kamp. «All them girls might wanna rip us apart» syng ho til sin kjære, «if they wanna fight, they done fucked with the wrong heart» forsikrar ho sine omgjevnader, før ho og bandet driv inn i albumets mest krakilske parti.

Ein må gjerne kalle det anakronistisk, og at dei er nærare 60-talet enn talet dei faktisk lever i. Vel, seier eg, dei lever då, ja ganske så tydelig lever dei, sånn i kraftfull kontrast til all den sterile soulmusikken på boks som stadig kjem flytande forbi no for tida.

Først publisert på Groove.no (i 2012)

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s