Med ein sumpete romklang forserer Tame Impala ei sonisk løype som svingar seg frå gylden harmoni til eldraudt kaos.
8
Psykedelia er som kjent inga ny oppfinning. Den søkte sine fargeblandingar, og utvida sitt og andres medvit, lenge før Kevin Parker vart født. Utan at det hindrar han i å kalle fram eit hypnotisk groove og pensla kringom det med tonar av kosmisk karakter. Ikkje sensasjonelt ulikt enkelte psykedeliske saker som verda har høyrt før. Likevel skil han seg ut. Hans utvilsame teft for det melodiske blir utfordra av hans trong til å overrumple. Sjølv hevdar unge Parker at det berre er lyden av musikken inne i hovudet hans. Den har ei merkverdig evne til å ta bustad i andre hovud også. Som mitt til dømes.
Når dei er ute på tur for å spele er Tame Impala eit band. Slik er det ikkje når musikken blir laga og spelt inn. Då er Tame Impala i all hovudsak berre Kevin Parker. Ein 26 år gammal multiinstrumentalist frå klodens mest avsidesliggande millionby. Perth, Australia. Der har han romstert og spelt inn musikk på soverommet sitt sidan grytidleg tenåringsalder. Etterkvart vart han med i eit og anna lokalt band. Band med namn som Canyons og Pond. Det er folk frå desse banda som mønstrar på og blir ein del av Tame Impala når det skal spelast konsertar. Noko det har blitt ein del av dei siste åra. For etter at bandet fekk rimelig med merksemd for sitt debutalbum Innerspeaker (i 2010) har dei turnert både Europa og det amerikanske kontinentet relativt flittig.
Innerspeaker var solid forankra i eit svulmande psykedelisk lydbilde, der ein fuzzy gitarlyd og eit skiftande og tidvis sølete groove gjorde sitt for å overmanne Parker sine Beatlesslekta vokallinjer. På reise mellom konsertstader, i ein leiligheit i Paris, eller i sitt husvære i Perth, har Parker så skapt oppfølgjaren. Det går greitt an å høyre at Lonerism er laga av same mann som skapte Innerspeaker, men det går også greitt an å høyre at han har komme seg vidare. Kan eg seie noko slikt som at han no har frigjort seg frå det psykedeliske 60 og 70-talet? Samstundes som at eg godt kan høyre at slike ting framleis heng fast i han?
Eg har høyrt, eg har nytt, eg har tenkt. På eit stadi tenkte eg at dette må då være den beste plata med Flaming Lips-tonar sidan Soft Bulletin. Ved eit anna tilfelle veit eg at det slo meg at dette er då om lag like eventyrlig som Todd Rundgrens A Wizard, a True Star. Og så er det sjølvsagt ikkje råd å komme utanom at det framleis er tydelige spor etter det psykedeliske Beatles i rillene, og då særlige den Lennonske Beatles-biten. Det skadar ikkje. Det finst nokre millionar band eg tenker det er verre å nytte avtrykka etter enn nett det bandet.
Lite minnar i grunn om både det eine og det andre av det eg nett nemnte når opningssporet gjer seg til kjenne. Eit intenst kviskrande mantra («I gotta be above it, I gotta be above it») blir gjentatt og gjentatt, og går inn i ein rastlaus loop. Lyddønningar frå gitar men først og fremst frå synthesizerar slår innover, og Parker syng sakte og tydelig (og … eh, litt Lennonsk) om å takle kvart minste hinder som måtte komme i vegen for han. Etter kvart som albumet skrider fram blir det klart at nett det skal vise seg å ikkje være så heilt enkelt.
Plata heiter ikkje Lonerism utan grunn. I tillegg til at det vel er ganske så dekkande for måten plata vart til på så er einsemda og det å kjenne seg utanfor eit slags gjennomgangtema her. Frå å drøyme høglytte draumar og fostra akk så feilslått optimisme fordi «she remembers my name» i Mind Mischief. Til å kneble kjærleiken allereie i fødselen i Keep On Lying. Eller tenke håpefulle tankar i innleiingsfasen av Apocalypse Dreams, og så via spørsmålet «do you really live without the fear?» føre songen inn på temmelig så fatalistiske banar.
Ved eit tilfelle gjer Parker det i litt popcatchy former. «Lonely old me, whoops-a-daisy I thought I was happy» syng han då. Why Won’t They Talk To Me heiter songen, som via nølande synthlinjer dansar inn i poppen (og etter kvart utav den igjen). Augeblikket på plata som får stå som representant for hans sjølverklærte hang mot Britney Spears og den spretne poptonen. Frå ein heilt annan kant kjem monsteret Elephant dansande. Eit stykke psykedelisk blues, driven fram av eit brunstig bassdriv, som i sin midte har synthesizerar som både produserer robust aggresjon og audmjuk tilbaketrekking. Medan songaren syng om ein skikkelse med eit overdimensjonert ego og ein underdimensjonert sosial intelligens.
Det var trommeslagar Parker først og fremst var då han starta si ferd inn i musikken. Det var rytmemønsteret han fant først då han kreerte låtane sine. Framleis er det slik, seier han, at det å sette seg ned på trommekrakken kjennest mest naturlig. Hypno-groove er ein etikett eg har sett blitt klistra på den biten av lydbildet til Tame Impala. Eg tenker eg kallar den treffande. Samstundes som eg føler ein trong til å informere om at det er eit mangfaldig groove fyren bringer fram. Frå det nesten bedagelige til det hardt pågåande. Frå Apocalypse Dreams si insisterande krautåtferd, til same låt sin tilbaketrekte døsige rytme. Frå Mind Mischief sitt rullande Bonhamske mønster til Sun’s Coming Up sitt fråvær av trommer.
Lett fordøyelig skal eg ikkje hevde at Lonerism er, men høg på seg sjølv eller vanskelig å like er plata heller ikkje. Den er sant å seie trustappa av storarta musikalitet. For sjølv om plata er spelt og skrudd i hop med omhug har den lite og ingenting jålete over seg. Lonerism kjennes i grunn usedvanlig levande ut. Og aller best er den når ein tar seg tid til å gå inn i den, og være i den, utan opphald, frå første intenst kviskrande linje til siste drap på ein ugod gitartone. Så gjer det, det kan godt være at du ikkje kjem til å angre.
Først publisert på Groove.no (i 2012)