Racing Heart – To Walk Beside That Ghost

Standard

Ein ung nordmann, nokre amerikanarar, og bedagelige poptonar.

5

cover

Det finst mange grunnar til å busette seg i Brooklyn. Sånn reint bortsett frå at Mathias Tjønn skulle ha seg ein plass å bu då han i 2009 var ferdig med musikkstudiet i Boston kjenner eg ikkje hans motiv for å gjere det, men han gjorde no det.

Det finst mange band i Brooklyn, ja drøssevis av band i Brooklyn. Det har lenge gjeve ein god dose kreditt å kunne vise til at ein held til i Brooklyn. Ja så pass lenge no at det i hipsterleiren sannsynlegvis ikkje gjer særlig til kreditt lenger. Like forbanna, Racing Heart kjem frå Brooklyn.

Mathias Tjønn er imidlertid like norsk som vokalen i etternamnet hans. Og Racing Heart må kallast hans, først og fremst hans, men er ein trio. Tonen deira ligg nærare det bedagelige enn det energiske. Nærare Grizzly Bear enn Yeasayer. Den er meir intrikat enn den er enkel og lettfattelig. Meir melankoliorientert enn sangvinsk.

To Walk Beside That Ghost er bandet sitt debutalbum. Det blir gitt ut på den vesle norske labelen Movemountains. Ein label som så langt stort sett har nøgd seg med å servere oss plater av det attraktive, men litt for hemmelige, norske bandet The Captain & Me. Og akkurat som hos det bandet dreg Racing Heart si soniske åtferd i meir enn ein retning.

I sitt vesen må det vel seiast å vere popmusikk, eller indiepop vil sikkert mange heller insistere på. Pop (eller altså indiepop for dei som føretrekk det) med eit ikkje ubetydelig jazzsinn, ein mild vestkystbris i ryggen og sterkt framtredande songharmoniske manerar. Då skulle eg i alle fall vere i nærleiken av å ha plassert dei på det soniske verdskartet.

Unge Tjønn spelar stort sett på akustiske strenger, samt eit og anna tangentinstrument. Dei to andre som utgjer bandet spelar klarinett og kontrabass. Og alle tre syng dei. Av innleigde krefter finn vi ein trommeslagar, blåsarrekka til Sufjan Stevens, og ein strykarkvartett. Ein del folk altså, men dei unngår i grunn på rimelig elegant vis å gå i vegen for kvarandre.

Dei spelar songar som avgjort gjer tilkjenne visse ambisiøse takter. Utan at dei verkar plagsamt forserte. Mest fengande, og sjarmerande, er This Pretty Mistake. Ein lettbeint poplåt med eit vagt Radiohead-slektskap. Vakrast og luftigast er Words For the Ones We Lost, med sin klarinett/strykar samtale og sine naturlig skiftande melodiske vegar. Jazzgroovet er tydeligast i bittersøte Photos. Emma er raffinert smygande jazzpop, og Et Ønske, Et Håp er ei lita salig linje på norsk («et ønske, et håp, fødde sol i min sjel»).

That Ghost, det spøkelset, som Racing Heart vandrar ved sida av er tida som har gått, saker som har skjedd, og som ikkje ligg att gløymte og ferdiglevde, men blir med, og fargar dagane som kjem, slett ikkje alltid i dei livligaste fargar. Plata eg har høyrt, To Walk Beside That Ghost, er vel nokre hakk unna å skape den kraftigaste kriblinga i sjela. Men den har no vore her, har absolutt vist seg å ha sitt å by på, og eg vil ikkje bli forundra om denne Tjønn viser seg å ha eit og anna å by på i framtida også.

Først publisert på Groove.no (i 2012)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s