Tjuefem år etter det første steget gjer dei framleis sin musikk med eklektiske og gode steg.
7
Eit Yo La Tengo-album peikar aldri i berre ein retning. Det plar danse, døse, drøyme og drive rundt i sjangerignorerande former. Og jo vidare det femner, dess sterkare det blir.
Sånn verkar det vere med Yo La Tengo. Sånn har nittitalsklassikaren I Can Hear the Heart Beating as One, og deira førre framstøyt I Am Not Afraid of You and You Will Beat Your Ass blitt deira to største bravadar. Fullt så vidt femner ikkje Popular Songs, men tru ikkje vi snakkar stringent og einsretta av den grunn. Langt ifrå. Og tru ikkje dette er uinteressant stoff.
Sjølvsagt er det ikkje det. Trioen frå Hoboken kjem jo aldri tomhendte. Det har dei, gjennom tjuefem år, og eit drygt dusin av albumtitlar, vist oss at dei ikkje gjer. Det vil seie husbond Ira Kaplan og hustru Georgia Hubley har vist det gjennom tjuefem år. Bassist (og ein del anna) James McNew kom med ein del år seinare. På Painful. Det var vel då dei for alvor vart skikkelig gode. Det har dei aldri slutta med å vere.
Førre gong, for tre år sidan, var inngangsporten eit djuptgroovende og ti minuttar langt ragnarock kalla Pass the Hatchet, I Think I’m Goodkind. Denne gongen avsluttar dei seansen med noko liknande. I over eit kvarter krautar og røskar All the Glitter Is Gone rundt eit standhaftig tema, utan at den heilt maktar ta eit fullt så grepa tak som Pass the Hatchet gjorde. Men eit dugande forsøk gjer den.
Glittersortiet følgjer i hælane på elleve minuttar med ambient grønt akustisk vemod titulert The Fireside. Og det er på slutten av albumet Yo La Tengo har lagt dei lange spora denne gongen, for The Fireside på si side avløyser den nesten ti minuttar lange saktevandrande More Stars Than There Are in Heaven. Utan at nokon av dei legg inn søknad om plass i øvre del av trioens kanon.
Men det gjer opningssporet. Here to Fall er bølgjande psykedelia i eit rikt og ope sonisk lende. Ein songar som proklamerer «I’m here to fall with you, what else is there for us to do», ein groovy bass, og ein fiolin. Ein fiolin som snor seg i dei sentrale områda, på smått intoksikert og sterkt forførande vis. Storarta greier.
Dei tre byter på å synge, som vanlig. Dei har ikkje denne planetens mest markante røyster, nokon av dei, men dei klarar seg. Dei er absolutt ikkje soulsongarar, men dei gjer ein veldig Motown-inspirert sak kalla If It’s True. Og det funkar, og vert flott.
Dei skriv songar som omfamnar kjærleiken, og songar som talar litt mistruisk om den. Dei syng om løyndomar, og driv med nattlige funderingar. Denne gongen oftast i soniske former der støyen blir framstilt med sordin, eller berre har ei birolle i horisonten. Men ikkje Nothing to Hide, den har eit skittent gitaroppsyn, og eit sprettent ganglag, og så handlar den mest om at «we’ve all got something to hide».
Dei har ikkje gjort det til vane å legge ved tekstane når dei kjem med plate. Heller ikkje denne gongen. Tekstane og det vokale er ein sterkt inkorporert del av heile bildet, og skal derfor vere der, i bildet. Det gjer seg best der. Men Periodically Double or Triple har nokre fiffige linjer eg har skrive med raud tusj på tavla mi.
«Never read Proust,
seems a little to long,
Never used the hammer,
without somehow using it wrong»
Den funky Periodically Double or Triple med sitt skitne orgelgroove, og sitt vesle opprør mot å vere så jævlig betydningsfull; » I’ve got hole in my brain where what I meant to say lives … I don’t have to make it rain». Så det så.
Dei høyrer ikkje til blant dei sensasjonelle, dei trendy, eller dei eksplisitt nyskapande. Det dei driv med har dei for så vidt ikkje funne opp sjølv. Men dei driv med sitt, og gjer i grunn ikkje særlig til nummer utav at dei finst. At dei finst bør vi like fullt vere takknemlige for. At dei finst, og syng songar som All Your Secrets. Nennsamt, sittande, og pakka inn i eit berusande orgelbilde, alldeles uimotståelig vakkert.
Då, akkurat då, og rett som det er elles også, er Yo La Tengo ordentlig populære. I alle fall heime hos meg.
Først publisert på Groove.no (i 2009)