Paul Weller – Wake Up the Nation

Standard

Ein eklektrisk vår har råka den grånande Weller midt i skaparevna.

7

cover

«The public wants what the public gets, but I don’t get what this society wants, I’m going underground», song Paul Weller for tretti år sidan. Det er vel ikkje heilt sikkert at han kjenner seg fullt så framandgjort i 2010, men nøgd med tilstandande i England er han på ingen måte. Om vi skal tru tittelen, og ein del utsegn, på hans siste plate. Og det skal vi nok.

I løpet av dei 33 åra som er gått sidan han kom inn frå Woking, og gjorde seg sterkt gjeldande med The Jam, har Weller fått ein nesten uangripelig posisjon på musikkscena i heimlandet. Men å hevde at Paul Weller av den grunn aldri har vore skikkelig dårlig blir feil. For det har han vore. The Jam kom med sitt middelmåtige sistealbum i 1982, og resten av 80-talet brukte Weller til å ta ein forsert musikalsk avstand til bandet gjennom det retningslause og gråe Style Council prosjektet sitt. I 1992 kom han så med ei elegant soulplate som bar hans eige namn, og viste seg verd å lytte på att. Denne blei fylgt opp av den meir rufsete soulrock plata Wild Wood, og mannen var for alvor tilbake. Sidan har han vel stort sett vore det. Sjølv om underteikna nok synst at denne soulpop/rocken hans ganske fort fekk for mange slappe og fargelause drag over seg.

Så rundar mannen 50, og håret har blitt grått. Men, skal det vise seg, hans musikalske instinkt opnar seg opp og tar til seg fleire fargar og tonar enn nokon gong. 22 Dreams heiter plate, og er ein eklektisk og fabelaktig venstresving inn på eit territorium Weller tidlegare berre så vidt har hinta interesse for. Det er folk, det er pop, det er Bowie, det er østen og vesten og psykedelisk og fritt og grønt, og det beste han har gjort sidan Sound Affects.

Det var i 2008. Simon Dine (Noonday Underground) var sterkt medansvarlig. Det er han i år også. På ei plate der innhaldet er om lag like omfangsrikt som på 22 Dreams. Men det er langt meir elektrisk. Bråkete, vilt, urbant, hektisk og elektrisk.

Det går unna på dei fleste vis. Den gjennomsnittlege låtlengda er vel sånn cirka 2 ½ minutt, men det er likevel ikkje til hinder for at dei fleste låtane må tåle diverse typar av soniske påfunn, temposkift eller retningsendringar. Så førsteinntrykket er avgjort noko kaotisk. Men etter kvart ramlar det eine etter det andre på plass, og låt etter låt viser seg å ha ei attraktiv melodisk ryggrad. Rock’n roll drivande Moonshine, det energiske og fengande tittelsporet, funkpsykedeliske og frittdansande Aim High, soulswingande Grasp and Still Connect, og det allsongfyldige statementet Find the Torch, Burn the Plans.

Weller og Dine har hand om mykje av lydutøvinga sjølve, men har også med seg eit lag av musikantar. Mest oppsiktsvekkande er det kanskje at den gamle Jam-bassisten Bruce Foxton spelar i lag med Weller igjen (for første gong sidan The Jam vart lagt ned). Frå ein noko anna kant kjem Kevin Shields og gjer sitt for at 7 & 3 Is the Strikers Name blir albumets sterkast psykedeliske og skeivtflytande tilfelle. Medan Weller gjer sitt for å understreke si misnøye; «Curse my master and his slave, and his soldiers too, curse those fuckers in the castle, they’re all bastards too».

På sitt aller mest ambisiøse er Weller i Trees. Ein suite der mellomkrigspop møter punk møter psykedelia møter soul, og tar samstundes på seg å seie noko om menneskets utvikling frå ungdom til alderdom. På sitt aller beste er han i No Tears To Cry. Ein Spectorsk orkestrert poptriumf, med fraseringar i Willy DeVilles ånd.

Det beste post-Jam albumet heiter framleis 22 Dreams, men det nest beste heiter no Wake Up the Nation.

Først publisert på Groove.no (i 2010)

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s