Great Lake Swimmers – Lost Channels

Standard

Dei canadiske folkrockarane byr på nok eit lett vemodsfarga og jovialt album.

5

cover

Det første albumet til Great Lake Swimmers vart spelt inn i ein gammal kornsilo på det canadiske bondelandet. Der høyrde vi Tony Dekker si vemodsvarme røyst, hans akustiske gitar, nokre fjerne pianotonar og lyden av ein del tusen sirissar. Det var den katakombeliknande lyden av einsemd. Dels kontemplativ, dels lengtande. Det var vakkert. Det var i 2003.

Men akkurat slik landsmennene i Cowboy Junkies i si tid vanskelig kunne fylgje opp sitt legendariske Trinity Session-album, med igjen å stille seg framfor ein mikrofon i eit kyrkjerom, kunne ikkje Great Lake Swimmers entre ein kornsilo att. Det hadde blitt for søkt. Og akkurat som Cowboy Junkies har ikkje Great Lake Swimmers heilt klart å tenne den same interessa i underteikna med sine etterfylgjande utgjevingar.

Kvifor? Kanskje eg litt motvillig lyt erkjenne at atmosfæren som omkransa debuten satt (og sit) såpass sterkt i meg at det gjer det litt vanskelig å akseptere Great Lake Swimmers i eit anna lydbilde. Kanskje. Men eg trur helst det har med å gjere at eigenarta har blitt noko utydeligare (sjølv om Great Lake Swimmers har halde fram med å spele inn musikken sin andre stader enn i ordinære platestudio, mellom anna i ei kyrke). I tillegg har vel heller ikkje dei seinare platene hatt eit fullt så rikhaldig arsenal av sterke låtar.

Når det er sagt; Great Lake Swimmers har ikkje gjort dårlige plater etterpå, ikkje middelmåtige heller. Dei har vore godt dugande. Både Bodies and Minds frå 2005 og Ongiara frå 2007 er fine folkrockplater i ein vemodsprega og medgjerlig skapnad. Plater der Great Lake Swimmers gjekk frå å vere Tony Dekker si greie til å likne meir på eit band.

Det fjerde albumet til Great Lake Swimmers har på ingen måte ført til at eg har endra på mi oppfatning av at debuten er best. Lost Channels er eit album som veldig så knirkefritt og greitt plasserer seg ved sida av dei andre to albuma. Sjølv om albumet har litt fleire låtar med tempo og pop i seg enn kva Great Lake Swimmers har pleidd å by på. Ikkje alle desse er like vellykka, men ei låt som Pulling On A Line er sympatisk nok banjopop, og den kraftfullt akustisk-gitar drivne Still synst eg særs godt om, der den leitar etter lys i «dark wells», og sym rundt i harmoni.

Ein harmoni den deler med store deler av plata. Både sonisk og tematisk. Harmoni i eit vemodig og jovialt bilde. Der fleirtalet av låtane står fram som kompetente, utan at dei skriv seg inn i musikkhistoria akkurat. Men nokre set det ein kan kalle minneverdige avtrykk. Då tenker eg først og fremst på desse tre:

1. River’s Edge har ein tittel som forpliktar. Men i motsetnad til i åttitalsfilmen med Crispin Glover i sentral rolle er det ikkje mord og spesielt mykje uhygge å spore i Great Lake Swimmers sin River’s Edge. «So quiet and full of potential» startar Dekker med å omtale elvebreidda. Ei ro og eit potensiale vi høyrer att i låta. Ei ro og eit potensiale Great Lake Swimmers får fram med enkle middel. Ein akustisk gitar, eit sordinert piano, og Dekker si stemme i sitt mest gripande modus; «now they sing in a symphony of keepers, and they hail in the harmony of saviours».

2. Concrete Heart er ein nostalgisk ballade om Dekker sin heimby Toronto; «this was the centre of the world for me once, where I saw «I love you» all over the place». Varleg orkestrert er den, med cello-vemod og fjerne pianoakkordar.

3. Unison Falling Into Harmony er melodisterk countryfolk bore fram av attraktive banjotonar. Det kunne vore ein Ben Weaver-låt, men har eit langt reinslegare uttrykk enn kva den mannen plar by på. Ei medrivande kjærleikserklæring bygd opp av tvil, håp, og ikkje minst respekt; «your beauty is static, but steady and fast».

At låta også talar om «a river of fear» og «the unstoppable river» er ganske symptomatisk. For denne elva dukkar opp fleire stader på albumet. Og då vel mest som ein metafor for livets gang. Ingen original metafor det. Men så er vel ikkje dette ei plate som akkurat renn over av originalitet heller. Men ei ganske så fin ei er det. Fin og medgjerlig.

Først publisert på Groove.no (i 2009)

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s