Ein godgjerande dose med folkorientert og rimelig skyfri popmusikk.
7
Frå å vere Eric Johnson sitt einmannsprosjekt har Fruit Bats gradvis ekspandert via duo- og trioformatet, til dei i 2009 står fram som ein driftig kvintett, eit band. Grunnleggar Johnson har skrive låtane, og er vokalist, denne gongen også, men elles får han grundig hjelp frå resten av gjengen. Slik det kan høve seg ein gjeng som i fylgje platetittelen har eit og anna felles med drøvtyggarar.
Den kanskje ikkje mest utfordrande eller glupske måten å gjere musikk på, drøvtyggarmetoden. Men rykta seier den kan ha sin forse når det kjem til det å nyttiggjere seg næringa i kvar ein tone. Utan at eg skal gå så langt som til å hevde at Fruit Bats lukkast med nett det absolutt heile vegen.
Men godt med næring er det mykje av i det som siv ut frå The Ruminant Band. Godt med næring, og eit ganske så tradisjonsbunde preg. Om det siste er det kanskje fort å tenke, sidan bandet no ein gong har lagt opp til det, at her blir det togge drøv på gamle idear. Vel, ideane er gode dei (stort sett), og metodane friske (som regel), så trøyttande vert det ikkje. Ikkje identitetslaust heller. Sjølv om det nok ikkje blir sådd ein popfryd av ratt same kaliber som ved førre framstøyt, Spelled In Bones.
Heile fire år er gått sidan Spelled In Bones såg sommarlyset. År der Eric Johnson har vore mykje rundt og spelt. Med Fruit Bats, men vel så mykje med Vetiver og The Shins. To band som på kvar sitt vis opererer i det soniske nabolaget til Fruit Bats. Spesielt slik Fruit Bats låt på Spelled In Bones. Kanskje litt mindre slik dei lyde på The Ruminant Band. For denne gongen har Johnson og hans menn gjort ein endå grundigare 70-tals sving, som merkar dei på eit litt anna vis enn kva som har vore tilfelle før. Innslaga av dei Californiske folk- og countrytonar, slik desse vart smidd i hop tidleg på 70-talet, er blitt endå tydeligare. Samstundes som dei også er merka av noko Led Zeppelinsk. Ikkje den hardtrockande og Bonhamske parten, men den luftige og smidige parten.
Det siste er mest til stades i albumets første halvdel. I det melodisterke og folkpsykedeliske tittelsporet, i countryrocknummeret Tegucigalpa, og i den nennsame visa Beautiful Morning Light. Medan den tilårskomne vinden frå sørvest er meir dominant i spor som The Blessed Breeze og Feather Bed. Når det er sagt, dei ulike inspirasjonane gjer seg nok helst til kjenne både litt her og litt der. Det gjer Sam Wagster sin steel-gitar også. Den dominerer ingen av låtane, men er til stades i dei fleste. Det same kan ein vel seie at eit lettbeint og ledig popbegjær også er. Eit begjær som hjelper til med å halde Fruit Bats eit par armlengder unna å bli kategorisert som reinspikka folk- og countryrockarar.
Det er også eit begjær som i tekstlig utfolding langt oftare omfamnar enn forbannar livet. Som sjeldan går seg fast i mørket, som heller søker lyset. For «there is a light at the end of the line where everything’s defined …and you’ll finally be just fine». Slik lyde det i alle fall i spretne og harmoniflotte Being On Our Own. Ikkje djuptloddande eksistensielle ytringar, verken i denne eller elles rundt om kring på plata. Men finurlige, litt pussige og smått absurde linjer. Der bilde frå naturen, dyrelivet og det økologiske system både lever sitt eige liv, og prøver fungere som metaforar i skildringar av mellommenneskelige tilhøve. Og lukkast ofte med det.
The Ruminant Band byr kanskje ikkje på dei saliggjerande ekskursjonane til nye landskap. Men dei mange flotte svippturane rundt i kjent og kjært terreng duger dei også.
Først publisert på Groove.no (i 2009)