Spencer Krug snublar utav ulveparaden og inn i solnedgangen, og forårsakar slik ein pasjonert kollisjon mellom det skakkøyrte og det monumentale.
Spencer Krug sitt ikkje i ro. Spencer Krug har ting han skulle ha gjort. Mange ting. Men han vil visst ikkje gjere det åleine, så Spencer Krug spelar i band. Mange band.
Han er nok mest kjent for å spele keyboards og kauke i veg i Wolf Parade. Litt mindre kjent er det kanskje at han av og til slår seg i hop med vennene i Frog Eyes. Eller at han saman med Frog Eyes sin songar Carey Mercer og ikkje heilt ukjente Dan Bejar (Destroyer, New Pornographers) har den alt anna enn lydlause hobbyen Swan Lake. Ei litt meir dempa side av seg dyrkar han gjennom å vere ein del av instrumentaltrioen Fifths of Seven.
Og så er det Sunset Rubdown, då. Eit prosjekt han starta heilt åleine for drygt to år sidan, men som fort vart til eit band. Shut Up I Am Dreaming er album nummer to. Det kom ut på andre sida av Atlanteren i 2006, men har først no i 07 blitt distribuert i vår retning. Det skjer berre kort tid før Sunset Rubdown har sitt tredje album klar for fortæring. Sjølvsagt har dei det, for Spencer Krug sitt som kjent ikkje i ro.
Meir om oppfylgjaren ein annan stad. No nokre linjer om Shut Up I Am Dreaming. Og ha meg då unnskyldt for å starte litt feigt. Med Wolf Parade. For det er mykje av den same skakke uroen og det brunstige pågangsmotet som driv Sunset Rubdown. Men dei stormar ikkje like hastig i veg, og så tar dei vegen om nokre snirklete bakgater (samt eit par blindgater) som ulveparaden glatt ignorerte i sin febrilske dans mot The Lonesome Crowded West.
Spencer Krug er for ung, for modig og for full av uro til å grunne på konsekvenser. Han vil mykje. Saman med banden sin lar han det mektige og det pretensiøse bli tirra av det skakkøyrte, det atonale, det spinkle og det skarpslipte. Og skapar slik ei kjensle av at ting stadig er på nippet til å ramle saman. Krug syng med ei bevrande og skjør, men sterkt pasjonert røyst. Nokre stader er den i front, andre stader kjempar den nærast forgjeves med å trenge gjennom ein ustødig lydvegg. Nokre stader syng den berre på eit «ba-dum, ba-dum da-da da-dum», andre stader kan den seie ting som «but I’m swimming Lord, just to be saved».
Det er i det heile ein del snakk om symjing her. Symjing for ikkje å gå under, symjing saman med ein partnar, i armane til ein partnar, eller bort frå ein partnar. Akkurat då trur eg eg veit kva Krug snakkar om. Det gjer eg ikkje heile tida. For tekstane hans er ikkje av det lett forståelige slaget. Eg tenker at dei krinsar rundt religion, seksualitet, fablar, makt og fridom. Eg tenker også at dei nok ikkje er av dei aller sterkaste eg har høyrt.
Men Us Ones In Between er sterk. På alle måtar. Ein pianodriven ballade som bygger seg frå skjør til kraftig utan å bli ein i mengda, og utan å miste taket i den attraktive tonen. Ein ballade der kvinna i bandet, Camilla Wynne Ingr syng med. Ein ballade som seier at «you are the waterfall, waiting inside a well, you are a wrecking ball, before the building fell». Akkurat når den linja renn forbi, tenker eg at det er litt poet i unge Krug. Like etterpå grunnar han over om det der dyret som et sine eigne babyar nokon gong stoppar opp «to think about the taste». Når sola så har gått ned utafor Arkansas er det tid for å snu litt på sakene; «oh baby, mother me, before you eat me». Eg trur eg kan seie at Us Ones In Between er høgdepunktet på plata.
Men det er fleire gode låtar her. Det mektige opningsnummeret, med den skarpe gitarlyden, Stadium and Shrines II. Den ugode, omtåka og tandre visa I’m Sorry I Sang on Your Hands That Have Been in the Grave. Den folksy og Bonnie Prince Billy slekta The Empty Threats of Little Lord. Mot slutten kjem det så to mangslungne låtar som strekker seg opp og ut og forbi 7 minuttar. Den pasjonerte og temposkiftande The Men Are Called Horsemen There. Og den vekselsvis skjøre og tungt bølgande Shut Up I Am Dreaming of Places Where Lovers Have Wings. Ingen vond draum det skulle ein tru, men hovudpersonen i Krug sin historie ser ikkje ut til å få oppleve at den blir ein realitet. Han står fast og han søkk.
Sunset Rubdown søkk ikkje. I alle fall ikkje så lenge Spencer Krug er på denne urolege, ungdommelige og vitale trippen.
6/10
Først publisert på Groove.no (i 2007)