Ein primitiv vagabond frå andre sida gjer lo-fi om til no-fi.
I den populære serien «Groove ser nærare på CD-R utgjevingar frå dei rurale strøk av New Zealand» er vi no komme fram til Swagger Jack. Ein syklande vagabond, ivrig campar og nådelaus slaktar som under eit dunkelt måneskinn framfor eit knitrande bål rett som det er drar fram gitaren og syng ei vise, eller ein blues, om det primitive og ikkje alltid like pålitelige livet som fridomsøkande eventyrar litt på utsida av folkeskikken.
Det er vel kanskje her eg skal skyte inn og fortelje at Swagger Jack er ein illusjon. Eller kanskje meir korrekt ein karakter skapt og handtert av Antony Milton. Ein Milton som har mangt og mykje for seg i lyd- og låtskapande samanheng. Så godt som ingenting av det har nådd mine øyrer tidlegare. Men ifylgje biografien snakkar vi om ein som spankulerer rundt i eit underlig og ikkje særlig oversiktleg sonisk vegkryss, der elektroakustiske komposisjonar møter både improviserte tonar og ustabile støyfakter ifrå dei psykedeliske utkantstrøk.
Det er altså Milton sine visesongar-gen som får komme til uttrykk gjennom Swagger Jack skikkelsen. Men det er ikkje gen som er heilt i takt med dei rådande idear for korleis ein handterar tonar på visesongarvis. Nei det er slike som skrapar og sjanglar godt på sida av normaliserte konvensjonar. Slike som har langt lettare for å ta trappa ned til The Velvet Underground, enn å vandre arm i arm med James Taylor.
Skulle eg driste meg til å plassere Swagger Jack inn i ein sjanger, er vel psych-folk den mest nærliggande å komme drassande med. Visst eg då i tillegg ytrar noko slikt som at eg også kan sjå fyren for meg vandrande kvilelaust rundt i ei blues-røys der både Cpt. Beefheart og Skip James har vore, og at han både der og i andre samanhengar gjer lo-fi om til no-fi, ja då skulle kanskje hans soniske vesen vere sånn nokonlunde innringa.
The Feral Blood of Swagger Jack er ei samling av låtar henta frå to album og ein ep som opphavleg kom i CD-R form i løpet av dei tre første åra etter årtusenskiftet. Her syng han om undergang og død, lediggang og latskap, fridomstrang og livet på vegen (eller utafor vegen), og om slakting og fortæring av eit og anna dyr.
Ei nasal, tynn, noko skjelven og ikkje plagsamt rein røyst er saman med ein akustisk gitar gjengangarane. Desse blir så utfylt, vitalisert eller tynt av atonal strengegnikking, skeive elgitar-riff, uidentifisert støy, ei munnharpe og laussluppen rytmikk.
Eit høgdepunkt er countrytrash-bluesen No Camping. Eit episk stykke om styresmaktene sin hang til å legge campingforholda til rette for turistar, medan lokale vandrarar blir drivne frå skanse til skanse. Elles tykkjer eg om My Good Guts, ein ugod folkblues med overstyrte lydparti. Mixed Metaphor gjer også inntrykk, der den startar i varlege countryvise-former, men plystrar etterkvart svikefullt i det og gjer seg villskapen i vold. Medan Bad Politics er litt Neil Young, litt slidegitar og ein god dose syre, og bit bra ifrå seg.
15 låtar og ein heil time med dette etterkvart litt einspora og lydmessig utfordrande opplegget til Swagger Jack vil eg tru kan bli i meste laget for dei fleste. Men at han er noko for seg sjølv, den godaste Jack, skulle det vel vere liten tvil om.
5/10
Først publisert på Groove.no (i 2007)