Det er ikkje mange som har mot til å servere ein så hudlaus og til tider brutal poesi som det Lucinda Williams gjer.
Å være Lucinda Williams-fan har på mange måtar vore ein tålmotsprøve. Sidan ho overbeviste med sitt melankolske countryrock-mesterverk, den sjølvtitulerte Rough Trade-utgjevinga frå 1988, har ho ikkje akkurat gjort det til ein årlig begivenhet å komme med ny plate. I løpet av dei neste 13 åra vart det med tre stykker; Sweet Old World (1992), Car Wheels On a Gravel Road (1998) og Essence (2001). Alle er briljante album i skjæringspunktet mellom country, folk, blues og rock. Etterkvart har ho også gradvis vunne større og større anseelse i breiare lag, og Time Magazine gjekk for eit par år sidan endåtil så langt som å utnevne henne til Amerikas beste låtskrivar.
World Without Tears som nå er ute, følger altså kun to år etter forrige plate. Den er blitt til i eit eldre herskapshus i Los Angeles. Medprodusent Mark Howard installerte eit mobilt studio, og saman med sitt faste turneband har Lucinda spelt inn sangane live, noko som har resultert i eit åpent og livfult lydbilde.
For sjelden har eg høyrt ei plate så intenst levande som denne.
Den er eit knust hjerte, ei skadeskutt sjel, eit rått og nakent oppgjer, og er full av lengsel og begjær. Det er ikkje mange som har mot til å servere ein så hudlaus, og til tider brutal poesi som det Williams gjer i desse 13 sangane. Ho opptrer utan sikkerhetsnett i sine beskrivelsar av korleis innvollane vrir seg i opprørthet og bitterhet over svikefulle elskarar, eller i skildringane av frynsete og stormfull lidenskap. Men ho er aldri i nærheten av å brekke nakken, den presise inn-til-beinet poesien fangar essensen, og Lucinda framstår nok ein gong som ein av vår tids mest truverdige skildrarar av mellommenneskelige (unntaks)tilstandar.
Platene til Lucinda Williams har alltid vore dominert av balladar, den forrige Essence, med alle sine langsomt glødande sangar, var bortimot kjemisk rensa for kjappare takter. World Without Tears er i så måte blitt damas mest varierte plate, for sjølv om den har sin forsyning med balladar, finn vi fleire meir groove-baserte saker også. Som den Stones-aktige Real Live Bleeding Fingers and Broken Guitar Strings, ein energisk og tøff men vemodig countryrockar, som etter Lucindas eigne utsagn skal være inspirert av Paul Westerberg. Endå kraftigare går ho til verks på Atonement, eit nesten seks minuttar langt frenetisk bluesnummer, eit monster der Howlin» Wolf møter Duane Allman i Lucinda Williams sin skikkelse. Låta er eit beinhardt oppgjer med organisert religion. American Dream derimot er eit oppgjer med, ja nettopp, den amerikanske draumen. Til eit komp som er noko sånt som Curtis Mayfield møter Riders On the Storm møter TripHop, snakkesyng (rappar) Lucinda ein tekst der refrenget konkluderer med at «Everything is wrong».
Gale er det også i den glødande countryballaden Ventura, der eit brudd driv hovedpersonen inn i fortvila rastlaushet. Lucinda sine eigne opplevelsar frå eit forhold som gjekk i oppløysning er nok bakgrunnen for fleire av sangane på plata. I den praktfulle countrysoul-låta Fruits of My Labor, handlar det om slitet å komme over sorgen og savnet. Det samme i den blå balladen (smått Patsy Cline-inspirerte) Overtime, begge er for øvrig utstyrt med nydelige og effektfulle tonar frå vibrato (tremolo) gitar.
Den langsomme og triste Minneapolis er eit åpent sår:
Let my blood flow red and thin
Into the glistening
Into the whiteness
Into the melting snow of Minneapolis
Snev av pågangsmot er å spore i den nesten livlege People Talkin», som oppfordrar til å «Keep on walkin'» sjølv om «Livin» is full of misery and pain». Vital er også Those Three Days, der versa er eit rasande oppgjer med ein svikefull elskar, mens refrenget er meir audmjukt og stiller spørsmålet; «Did you only want me for those three days?».
Så trer vi inn i avdelingen for dei definitive høgdepunkta:
Kronglete lidenskap vært skildra i Righteously, ein småfunky og eggjande låt, der Lucinda tek det heilt ut med ytringar som;
When you run your hand
All up and run it back down my leg
Get excited and bite my neck
Get me all worked up like that
Medan vi i Sweet Side får oppleve countryrock-rap i ein gripande beretning om kjæresten sin kamp mot demoner, forårsaka av mishandling i barndommen;
I’ll stick by you baby through thick and thin
No matter what kind of shape you’re in
«Cause I’ve seen your sweet side
Tittelkuttet beskriv melankoli frå ein ny synsvinkel, og den gospelaktige harmonisangen som gjentas i den siste linja i kvart vers, er det lille ekstra som gjer denne til platas kanskje fremste høgdepunkt. I så tilfelle blir den tett fulgt av den spartanske balladen Words Fell, ein nærmast idyllisk sak om korleis ting kunne vore «in another place and time», kun akkompagnert av kontrabass, steelgitar, og sordinerte trommer. Med den sangen er femte kapittel i føljetongen «Lucinda Williams sine ekstraordinære album» over.
For eg har lytta, leita og granska og kan ikkje anna enn å konkludera med at World Without Tears er nett like strålande som dei fire føregåande.
8/10
Først publisert på Groove.no (i 2003)