The Forresters – Skindeep

Standard

Straight og godhjerta pop-rock med meir enn ein avstikkar til alt-country sfærer.

cover  Anthony Bautovich er ein sangar og låtskrivar frå Sydney, som eg går ut frå ikkje så mange har høyrt om. For underteikna er han i alle fall heilt ukjent. Det blir då litt ekstra hyggelig å kunne melde om ein låtsnekker som veit kva som skal til av krydder og tilsettingsstoff for å skape tiltalande pop/rock. Til å hjelpe seg på albumet Skindeep har han fått med seg diverse folk frå musikkmiljøet i Sydney. Prosjektet/bandet har fått navnet The Forresters (visstnok etter ein av Australias talrike såpeoperaer), og resultatet dei serverer her i sitt første forsøk er ei plate full av straight og godhjerta pop-rock med meir enn ein avstikkar til alt-country sfærer.

Når The Forresters i det nær magiske powerpop-nummeret Are You Ready fyller på med blendande Teenage Fanclub inspirert harmonisang har dei lagt grunnlaget for ein poptur i godhetens og mimringens teikn. Der Bautovich og gjengen opererer ein eller annan stad i skikte mellom The Byrds sine meir countryinfiserte stunder og Badfinger sin sensitive powerpop. Og sjølv om dette indikerer ein melodiøs og stemningsfull musikalsk retning, ligg ikkje låtane heilt fram idagen, og treng nokre rundar før dei får synt fram sitt sanne ansikt. Eit ansikt som viser seg å ha både vemodige trekk og godlynte linjer. Og gjer i det heile inntrykk av å være eit ualminnelig sympatisk bekjentskap.

Det dei skulle mangle i originalitet tar dei igjen i ulastelige og til tider intrikate arrangement, og ikkje minst gjennom frodig harmonisang. Kanskje aller best demonstrert i nydelige Tremblin», ein dynamisk og skjør countryrock låt som blør, og ber forsiktig om medynk; «Stripped, cold and blue, tremblin» without you». I samme gata losjerer også Don’t Leave Me Now, sjølv om den er utstyrt med eit litt mektigare tonefølge. I Outtamyhead og Way You Do er dei inne på eit område som The Jayhawks har trakka mykje rundt på; popharmoniar med ein country-injeksjon.

Dei trør også til med litt riff rock à la The Rolling Stones og The Faces. For Wake Up med sine «hoo-hoo-hoo»-inspirerte klapping, boogie woogie piano og fleirstemte sang er sammen med Rescue Me The Forresters på sitt mest skrålande. Mens dei i tittelkuttet går for eit meir overveldande uttrykk, samstundes som refrenget er hudlause poptonar. Før dei til slutt renn ut i sanden med litt country-soul-pop i God Willing, ikkje heilt fjernt frå noko The Eagles kunne gjort i sine betre øyeblikk.

Jodå, The Forresters markerer seg med ei plate det absolutt er verdt å sjekke ut for folk som har lyst på litt fuzzfri og ikkje altfor balstyrig popmusikk.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s