Tag Archives: Lars Håvard Haugen

Hellbillies – Leite Etter Lykka

Standard

Det er slett ikkje alltid at stigande alder og ugreie ulykker fører med seg eit sløvare ganglag.

6

cover

«Du gjorde meg sjuk,» syng Aslag Haugen. Men han verkar då å vere svært så frisk. Ein tilstand han deler med resten av bandet sitt, der dei Leite Etter Lykka, og trør til med sitt mest elektriske sett sidan dei starta med denne leiken, for sånn cirka tjue år sidan.

«Du gjorde meg sjuk,» syng Aslag Haugen. Men det er ikkje det brå møtet med den harde bakken nedføre ein scenekant i Skiippagurra han har i tankane. Eit møte som førte han inn i ein periode av rekonvalesens, og Hellbillies i konsertlimbo. Eit platestudio i Spydeberg skulle derimot gjengen fort finne vegen til. Der har dei arbeidd fram ei plate som er tufta djupare i klassisk Lynyrd Skynyrd og Grateful Dead rock’n roll enn noko anna dei har servert.

«Du gjorde meg sjuk, sjuk, du gjorde meg sjuk,» syng Aslag Haugen, med trykk på s’en, og eit salig glis om kjeften. Sjukdommen han slit med kan lett diagnostiserast som forelsking. Så livet gnistrar, broder Lars Håvard Haugen rotar fram nokre sleipe Stones-riff frå baklomma, uoffisiell sjettemedlem Lars Christian Narum lar dansen gå langs tangentrada på pianoet som ein annan Ian Stewart, og det er fest.

Helsetilhøva førde med seg at tida i studio denne gongen strakk seg over eit lengre tidsrom enn det som har vore vanlig i Hellbillies-leiren. Mykje av arbeidet som vart lagt ned denne tida må vi vel rekne med at mannen med produsentansvaret, Lars Håvard Haugen, stod for. Han har mellom anna teke seg den fridom å gje den elektriske gitaren sin ei dominerande rolle. Det skal ingen klandre han for. Det er ei frisk rolle den har fått. Han sig aldri inn i det sidrompa og rutineprega. Han er leiken, frampå, og drivande god.

Drivande god i eit sonisk bilde større og meir innhaldsrikt enn kva Hellbillies har signert nokon gong. I tillegg til Haugen sine ulike strengeinstrument, er nemnte Narum ofte og mykje til stades, og oftare bak orgelet enn på pianokrakken. Men bildet blir ikkje for tettpakka. Det finst luft mellom lydane. Og det finst songar som fortener det. Gode songar. Som vanlig komponert av Aslag Haugen, og tekstforfatta på underfundig og treffsikkert Arne Moslåtten-vis. Ein Moslåtten som nøyer seg med den rolla denne gongen. Han spelar ikkje på plata.

Det handlar ofte om samspelet eller samlivet mellom han og henne, eller mangelen på eit slikt. Men det handlar òg om Den Redde. Han som går der med frykta si, og i reint vanvare set altfor sterke spor. Mørket er ein ugjennomtrengelig mur, gitaren ei manande mørk skodde, og festen held hus ein annan stad. Kanskje der fyren i Fordi Eg Glei har vore gjest litt for mange gonger, i staden for å prioritere vedlikehald av helse, sjel og slarkne hengsler.

Så var det det der samlivet og samspelet då. I det vennlegsinna tittelsporet ligg det meste til rette for gode dagar for dei to. I Spela Eit Spel driv dei derimot mest rundt og ser olmt på kvarandre. I det melodifagre høgdepunktet Håp I Tome Glas handlar det meir om sakn og såre minner enn om håp. Medan hovudpersonen i den akustiske countryrock-avslutninga Dirkefri har hamna i eldlinja til eit par lokkande blå auger, men har sterke intensjonar om å stå i mot; «Nei bruk «kji energi på kjensletjuveri, for døre te min hug æ dirkefri».

At balladen Du er Den (med Benedikte Narum Jenssen som duettpartnar) har nokre Lys og Varme-gen for mykje, og at det finst eit par spor med eit litt preglaust vesen, tenkte eg eigentlig å la ligge. For her finst jo så mange fleire grunnar til å trampe takten med eit salig glis om kjeften.

Først publisert på Groove.no (i 2010)

 

Hellbillies – Spissrotgang

Standard

Dei er no komme inn i tiande runde og hallingkanaan deira er, imponerande nok, minst like ledug og sprek som den var i dei første rundane.

6

cover

Det har gått over femten år no, sidan dei fem hallingdølane for første gong byrje å sysle med sin lokale variant av tonar frå andre sida av Atlanteren. I starten var det Arne Moslåtten si alt anna enn tematru gjendikting av amerikanske countrylåtar. Og Birgjit Lien og Ei Krasafaren Steinbu skulle bli kjent både aust for Hallingporten og vest for Hallingskarvet. Etterkvart nytta dei seg mindre og mindre av ferdiglaga tonar, og tok i staden til å lage dei sjølv. Utan at Amerika-inspirasjonen vart dugelig mindre av den grunn, men no med eit litt sterkare trykk på sørstatsrock og vestkystharmonering, og litt mindre countryklang.

Spissrotgang er Hellbillies sitt tiande album. Dei er stadig dei same fem. Dei er ikkje vanskelige å kjenne att. Men dei er urovekkande friske og opplagte. Her er få tendensar til slark og lettvinte rutineløysingar, slikt som veldig mange andre i ein liknande posisjon ofte endar opp med. Ein ledug, luftig og rett så nyansert produksjon frå gitarmaestro Lars Håvard Haugen si hand skal ha sin del av æra for det. Samstundes har kanskje aldri broder Aslag Haugen komme opp med eit tettare koppel av vinnande tonekombinasjonar. Når så Moslåtten i tillegg kler desse opp med interesseskapande tekstar, som berre unntaksvis går litt på tomgang eller tyr til klisjéblødmer, er grunnlaget lagt for eit album som definitivt er blant dei beste underteikna har høyrt frå denne kanten.

No har ikkje underteikna gjort seg kjent med ratt alle av bandet sine utgjevingar. Så ei altfor sikker meining om kor Spissrotgang nøyaktig skal plasserast i Hellbillies-landskapet tar eg ikkje på meg å legge fram. Men albumet er i alle fall trygt innafor rammene av det sedvanlig usnobbete, ukompliserte og folkelige som alltid har vore ein viktig del av deira signatur. Ein signatur som like fullt loddar djupare enn berre lyden av laurdag og festfull allsong.

Slik det er når dei til lyden av elektrisk twang, smekre fløytetonar og eit offensivt groove startar albumet med å gå Mot Straumen på eit særs vinnande vis. Ei frisk historie om ein ramp og rebell, «ein raudfarga klut». Der siste verset vel må tolkast som eit lite innspel i klimadebatten; «Hvis pengane rår over tanken, ligg jorda snart ribba som vrak». Eit tilbakevendande tema hos Hellbillies er den vesle karen i periferien si oppleving av å verte lite verdsett av kapitalen i dei sentrale strøk. Denne gongen kaukar dei Hallo Telenor, og er rimelig misnøgde med tempoet på breidbandet. Eit par slag i retning makthavarar rettar Hellbillies også i albumet sine to røffaste (og minst minneverdige) kutt. Den southern-rullande Seks Tusen Hål, der vegkvaliteten «frå Hol ned te Ål» ikkje får særlig god omtale, og den kjaptrockande Svelg Ein Kamel, der ein politikar på kant med sanninga får høyre kor kamelen er blitt av.

Elles handlar det vel mest om dei nære ting. Kjærleiken, festen og dalen. Kjærleik som er sterkt forvitra i den strykar-raffinerte balladen Gamle Spor. Det motsette, kjærleik ein ynskjer velkommen, i den litt Åge Aleksandersen-aktige balladen Fint Å Væra To. Mislykka nettbasert sjekking i den raft countryrockande Ingen Der. Om ein festglad fyr som lyser morgonfuglar i bann i rockelåta Mørkemann. Og om ein annan som vel helst lyser festen i bann i det duvande bakrusnummeret Livsfarleg Leik. I eit vakkert Haugen-harmonert refreng høyrer vi så i tittelkuttet om ein stressa fyr som ynskjer seg bort frå dalen og ut mot havet. Medan jyplingen i Ukjend By helst vil heimatt.

Det finst som kjent songar for dei fleste høve. Hellbillies sin diskografi dekker vel ikkje alt, men ein god del. Fyren i den twangy balladen Drukne Ei Gudinne startar med å underrette om at han «har tusen sanga for alt». Men, skal det vise seg «tusen æ for få, mangla ein som kan drukne ei gudinne». Den er ikkje å finne, ikkje i lomma og ikkje i platehylla. Så no søker han råd hos lyttaren, og vil ha beskjed om det skulle vere nokon der ute som kjenner til ein slik song.

Eg kjenner ingen. Men eg er blitt kjent med ei god handfull her på Spissrotgang som kan gjere godt å møte att ved fleire andre høve.

Først publiseert på Groove.no (i 2007)

 

HGH – Miracle Working Man

Standard

Ujamnt, men i sine beste stunder eit friskt oppkok av banjodreven countryrock.

cover  Med ein liten bunke velfungerande låtar og godt med vitale strenger på plass smett det tidvis spirituelle prosjektet HGH innom med sitt fjerde album. Den særdeles aktive duoen Martin Hagfors og Håkon Gebhardt har funne plass på timeplanen til ei ny økt i hop med sin åndelige rettleiar Fader Seb. Resultatet har fått tittelen Miracle Working Man, og er i sine beste stunder eit friskt oppkok av banjodreven countryrock.

Med på leiken er også den opprinnelige siste H’en Lars Håvard Haugen, samt meir eller mindre kjentfolk som Andreas Mjøs (Jaga Jazzist), Morten Strøm (Askil Holm band), Kari Slaatsveen og Elisabeth Andreassen. På tonen kan det virke som det har vore ein rett så trivelig seanse.

Hagfors og Gebhardt refererer ofte til denne mystiske skapningen Fader Seb, som dei påstår å ha møtt ein omtåka morgon i Hamburg for nokre år sidan. Han tok karane inn i varmen og har sidan vore den store rettleiar og trygge følgesvenn. I tekstane til HGH er han kjærleiken sin forkjempar, toleransen sin tjenar, rastlausa sin forsvarar, englane sin herre og banjoen sin høgaste beskyttar. Ein metafor for den perfekte verdensånda, ein himmelsk framtoning som ser i nåde til syndaren, med sterk rytmesans og leiar av både street choir og storband. Det høyrest pretensiøst ut, men blir levert med eit solid glimt i auga.

I det melodisk virile åpningssporet 22nd Century Sacred Banjo er prosjektet å få alle englane til å byte frå harpespel til banjospel for å gje verda ein ny, frisk start. Banjoen har trass alt langt større sjansar til å overdøyve alle dei forstyrrande lydbølgjene som svirrar rundt i verdensrommet. Tittellåta følgjer i same friske spor, med nye referansar til den my(s)tiske skapningen. Blood For Oil er på si side eit countrynummer i Tom Russell’sk toneterreng, med kraftige meiningar om det amerikanske nærværet i Irak. Etter desse tre byrjar albumet å bli noko meir ujamnt. Saftige Jealous Girl og den noko skakke He Travelled With Our Band held like fullt mål. Det same synest eg faktisk den varlige og harmoniske versjonen av Anna Lovinda gjer, sjølv om den nok er eit godt stykke unna Erik Bye sine dimensjonar. Mindre gjevande er HGH i tilfeller som Mulder (Tom Waits møter Wall of Voodoo, men HGH maktar ikkje å gjengje psykedeliaen som oppstår på eit gjevande vis), og den noko over toppen prektige balladen The Day the Font Capsized (der Slaatsveen/Andreassen overtek sangen mot slutten, slik søstrene McGarrigle gjorde på Nick Cave sin Hallelujah, utan å vere i nærleiken like saliggjerande).

Hagfors er ein produktiv og aktiv mann på den norske musikkscena, som har kome opp med mykje fint stoff. Men albuma han er hovudansvarleg (og medansvarleg) for lid som regel av at dei også har sin del av mindre interessante saker. Han trivst sikkert med sin høge utgjevingstakt, men ville nok kvalitetsmessig tjent på å sile vekk ting og heller kome med plater litt sjeldnare. Hadde han til eksempel tatt det beste frå årets Home Groan-utgjeving og miksa saman med det beste frå denne HGH-seansen, ville han og hans medsamansvorne hatt ei utmerka plate på hand.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)