Det er slett ikkje alltid at stigande alder og ugreie ulykker fører med seg eit sløvare ganglag.
6
«Du gjorde meg sjuk,» syng Aslag Haugen. Men han verkar då å vere svært så frisk. Ein tilstand han deler med resten av bandet sitt, der dei Leite Etter Lykka, og trør til med sitt mest elektriske sett sidan dei starta med denne leiken, for sånn cirka tjue år sidan.
«Du gjorde meg sjuk,» syng Aslag Haugen. Men det er ikkje det brå møtet med den harde bakken nedføre ein scenekant i Skiippagurra han har i tankane. Eit møte som førte han inn i ein periode av rekonvalesens, og Hellbillies i konsertlimbo. Eit platestudio i Spydeberg skulle derimot gjengen fort finne vegen til. Der har dei arbeidd fram ei plate som er tufta djupare i klassisk Lynyrd Skynyrd og Grateful Dead rock’n roll enn noko anna dei har servert.
«Du gjorde meg sjuk, sjuk, du gjorde meg sjuk,» syng Aslag Haugen, med trykk på s’en, og eit salig glis om kjeften. Sjukdommen han slit med kan lett diagnostiserast som forelsking. Så livet gnistrar, broder Lars Håvard Haugen rotar fram nokre sleipe Stones-riff frå baklomma, uoffisiell sjettemedlem Lars Christian Narum lar dansen gå langs tangentrada på pianoet som ein annan Ian Stewart, og det er fest.
Helsetilhøva førde med seg at tida i studio denne gongen strakk seg over eit lengre tidsrom enn det som har vore vanlig i Hellbillies-leiren. Mykje av arbeidet som vart lagt ned denne tida må vi vel rekne med at mannen med produsentansvaret, Lars Håvard Haugen, stod for. Han har mellom anna teke seg den fridom å gje den elektriske gitaren sin ei dominerande rolle. Det skal ingen klandre han for. Det er ei frisk rolle den har fått. Han sig aldri inn i det sidrompa og rutineprega. Han er leiken, frampå, og drivande god.
Drivande god i eit sonisk bilde større og meir innhaldsrikt enn kva Hellbillies har signert nokon gong. I tillegg til Haugen sine ulike strengeinstrument, er nemnte Narum ofte og mykje til stades, og oftare bak orgelet enn på pianokrakken. Men bildet blir ikkje for tettpakka. Det finst luft mellom lydane. Og det finst songar som fortener det. Gode songar. Som vanlig komponert av Aslag Haugen, og tekstforfatta på underfundig og treffsikkert Arne Moslåtten-vis. Ein Moslåtten som nøyer seg med den rolla denne gongen. Han spelar ikkje på plata.
Det handlar ofte om samspelet eller samlivet mellom han og henne, eller mangelen på eit slikt. Men det handlar òg om Den Redde. Han som går der med frykta si, og i reint vanvare set altfor sterke spor. Mørket er ein ugjennomtrengelig mur, gitaren ei manande mørk skodde, og festen held hus ein annan stad. Kanskje der fyren i Fordi Eg Glei har vore gjest litt for mange gonger, i staden for å prioritere vedlikehald av helse, sjel og slarkne hengsler.
Så var det det der samlivet og samspelet då. I det vennlegsinna tittelsporet ligg det meste til rette for gode dagar for dei to. I Spela Eit Spel driv dei derimot mest rundt og ser olmt på kvarandre. I det melodifagre høgdepunktet Håp I Tome Glas handlar det meir om sakn og såre minner enn om håp. Medan hovudpersonen i den akustiske countryrock-avslutninga Dirkefri har hamna i eldlinja til eit par lokkande blå auger, men har sterke intensjonar om å stå i mot; «Nei bruk «kji energi på kjensletjuveri, for døre te min hug æ dirkefri».
At balladen Du er Den (med Benedikte Narum Jenssen som duettpartnar) har nokre Lys og Varme-gen for mykje, og at det finst eit par spor med eit litt preglaust vesen, tenkte eg eigentlig å la ligge. For her finst jo så mange fleire grunnar til å trampe takten med eit salig glis om kjeften.
Først publisert på Groove.no (i 2010)