Tag Archives: Johnny Dowd

Hellwood – Chainsaw of Life

Standard

Tre skrudde fyrar slår seg i hop. Blir dei mindre skrudde av det, trur du?

cover  Frå kvar sitt skrudde hjørne har Johnny Dowd og Jim White, sidan midten av nittitalet, gjort individ frå tilværet sine meir dunkle avkrokar til sentrale aktørar i songuniverset sitt. Det vere seg lystløgnarar, lovbrytarar, blasfemikarar, svovelpredikantar, kvakksalvarar eller andre meir eller mindre suspekte figurar som ikkje dansar etter A4-rytmen. Når dei no i år slår seg saman er det derfor heilt sjølvsagt at dei må kalle prosjektet sitt for noko slikt som Hellwood.

«Hellwood, population 3» står det å lese på baksida av coveret. Tredjemann er Willie B, ein trommeslagar og multi-instrumentalist som har kampert med Dowd på dei fleste oppdraga hans. Saman med eit par besøkande kvinnelige songkrefter inviterer trioen oss med på ein tur rundt omkring i sjelelige labyrintar av det heller dysfunksjonelle slaget.

Sonisk sett snik dei seg stort sett rundt i dei same grøftekantane dei har hatt for vane å vitje. Vi snakkar med andre ord om ein heller møkkete og stridig mikstur av folk, country og blues. Ein mikstur som har i seg eit gufs av den same fredlause americanaen som pregar The Handsome Family, og som kanskje har fått eit stikk og to av Wall of Voodoo og ein whiskytår frå Mark Lanegan.

Heilt sidan Dowd fornærma White i deira første møte, for ni år sidan, med utsegne «oh yeah, you’re that kid who does what I do» har eit samarbeid liksom hengt og sveia i lufta som ein muligheit. I tida som er gått sidan den gong er det Dowd som har vist seg som den mest produktive låtskrivaren av dei to. Dette faktum speglar seg igjen i Hellwood også.

Men den aller beste låta er det Jim White som har hovudansvaret for. Den heiter A Man Loves His Wife, og ein tar vel ikkje så veldig hardt i om ein seier at tittelen lyg litt. I ei enkel, naken og inntrengande form fortel White historia om fyren som «keeps his pistol in a drawer by the bed, it’s been loaded and waiting since the day they were wed». Kim Sherwood-Caso fyller ut det vokale bildet, og gjev kona ei stemme, i refreng og konklusjon; «’till death do us apart is all they think of».

Det er to White-sungne låtar til på plata. Den småspretne parentesen Spider In the Bed, og den banjofronta og elles nokså spartanske balladen Dream On. Ein audmjuk utdrøymt draumar fører ordet; «I might be a dreamer, but I’m all dreamed out», og får hjelp av ei kvinnerøyst innimellom, tilhøyrande Jim White si kone Robin Pratt.

Resten av det vokale er det i hovudsak Johnny Dowd som meislar ut med si ukultiverte og anti-vakre røyst. Han startar med å takke Gud. I ein noko sarkastisk tone takkar han for lidingar, jordskjelv, orkanar generelt og Katrina spesielt, før ein ilter gitarsolo avsluttar låta. I hælane på denne, til tonar henta frå Twin Peaks sitt nabolag, blir vi så presentert for ein heller syndig og suspekt gjeng i Fireworks Factory.

I skakk rekkefylgje dukkar det så opp den eine soniske og tematiske åndsfrenden etter den andre. I hyllinga til gospelmusikken sin far Thomas Dorsey kjem Dowd med fylgjande programerklæring overfor sine eigne talent; «I sing songs of lust and depravity, it’s the only songs that come out of me». Han gjer sitt beste for å halde hevd i den påstanden og drar fram i lyset ein tvilsam og tjuvaktig predikant i God’s Back Pocket. Han lar galskapen blese om øyrene på lyttaren i Alien Tongue. Medan «another candidate for the losers hall of fame… another missing link in the big chainsaw of life» blir grundig dissekert i Man in a Plaid Suit.

Ser gjerne at herrane tar turen tilbake til Hellwood, ved eit seinare høve, for å kreere nye anekdotar frå dei suspekte breiddegrader.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2006)

 

Johnny Dowd – More Songs From the Wrong Side of Memphis

Standard

Med Wire Flowers gjer Johnny Dowd tilgjengelig resten av innspelingane han gjorde før platedebuten.

cover  I 1998 dukka for første gang Johnny Dowd opp i platesammenheng. Verket han hadde med seg bar tittelen Wrong Side of Memphis, og er eit album full av historiar, ikkje berre frå feil side av Memphis, men også frå livets vrangside. Til tonane av mørk, dunkel og piggtråd-skarp folk-blues formidlar Johnny beretningar om forhold som har gått dukken, om sjalusi, paranoia og mord – ikkje særlig lystige temaer, altså. Alt sammen spelt inn på ein privat 4-spors opptakar.

Det var ingen ung jypling som platedebuterte, for Johnny runda 50 år omtrent samtidig med at Wrong Side Of Memphis kom ut. Etter mange år i rockeband, utan at dei dreiv det lenger enn til uregelmessige live-jobbar, tok han til å spele inn materialet sitt etter at bandsamarbeidet hadde teke slutt. Kassettkopiar med deler av innspelingane vart formidla rundt til venner og kjente, dermed begynte den berømte snøballen å rulle, og vips så hadde han ein CD på markedet.

Sidan kom det i rask rekkefølge tre øvrige plater der han har utvikla sitt særegne sound, men nå i samhandling med andre musikarar. Av desse er spesielt Pictures From Life’s Other Side ein gnistrande studie i barsk rock og skeiv blues, og med tekstar henta frå livets sidelinje.

Nå er vi framme med den femte utgjevinga på like mange år, men dette er ikkje ei ny plate i ordets rette forstand. For med Wire Flower: More Songs From the Wrong Side of Memphis gjer Johnny Dowd tilgjengelig resten av innspelingane han gjorde før platedebuten. Nok ein gang får vi oppleve mr. Dowd i fri utfolding, der han gjer sin versjon av den evige blues- og folk-tradisjonen slik legender som Robert Johnson, Son House og Leadbelly gjorde for mange år sidan. Låtmaterialet kan nok måle seg mot debuten (nesten, i alle fall), men overraskelsesmomentet er ikkje tilstades denne gangen, og det har dukka opp endå betre innspelingar av dei beste låtane (Monkey Run, Judgment Day, Just Because, Woody Guthrie Blues) på andre plater. Derfor blir heilhetsinntrykket at dette er meir ein middels interessant dokumentasjon enn ei verkelig solid plate. Men ikkje for det, hans litt Tom Waits / Cpt. Beefheart liknande grep om rocken og bluesen er jo alltid ein liten begivenhet å oppleve, og her finst sangar som definitivt gjer sitt til å forsvare utgjevinga.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)