Hellwood – Chainsaw of Life

Standard

Tre skrudde fyrar slår seg i hop. Blir dei mindre skrudde av det, trur du?

cover  Frå kvar sitt skrudde hjørne har Johnny Dowd og Jim White, sidan midten av nittitalet, gjort individ frå tilværet sine meir dunkle avkrokar til sentrale aktørar i songuniverset sitt. Det vere seg lystløgnarar, lovbrytarar, blasfemikarar, svovelpredikantar, kvakksalvarar eller andre meir eller mindre suspekte figurar som ikkje dansar etter A4-rytmen. Når dei no i år slår seg saman er det derfor heilt sjølvsagt at dei må kalle prosjektet sitt for noko slikt som Hellwood.

«Hellwood, population 3» står det å lese på baksida av coveret. Tredjemann er Willie B, ein trommeslagar og multi-instrumentalist som har kampert med Dowd på dei fleste oppdraga hans. Saman med eit par besøkande kvinnelige songkrefter inviterer trioen oss med på ein tur rundt omkring i sjelelige labyrintar av det heller dysfunksjonelle slaget.

Sonisk sett snik dei seg stort sett rundt i dei same grøftekantane dei har hatt for vane å vitje. Vi snakkar med andre ord om ein heller møkkete og stridig mikstur av folk, country og blues. Ein mikstur som har i seg eit gufs av den same fredlause americanaen som pregar The Handsome Family, og som kanskje har fått eit stikk og to av Wall of Voodoo og ein whiskytår frå Mark Lanegan.

Heilt sidan Dowd fornærma White i deira første møte, for ni år sidan, med utsegne «oh yeah, you’re that kid who does what I do» har eit samarbeid liksom hengt og sveia i lufta som ein muligheit. I tida som er gått sidan den gong er det Dowd som har vist seg som den mest produktive låtskrivaren av dei to. Dette faktum speglar seg igjen i Hellwood også.

Men den aller beste låta er det Jim White som har hovudansvaret for. Den heiter A Man Loves His Wife, og ein tar vel ikkje så veldig hardt i om ein seier at tittelen lyg litt. I ei enkel, naken og inntrengande form fortel White historia om fyren som «keeps his pistol in a drawer by the bed, it’s been loaded and waiting since the day they were wed». Kim Sherwood-Caso fyller ut det vokale bildet, og gjev kona ei stemme, i refreng og konklusjon; «’till death do us apart is all they think of».

Det er to White-sungne låtar til på plata. Den småspretne parentesen Spider In the Bed, og den banjofronta og elles nokså spartanske balladen Dream On. Ein audmjuk utdrøymt draumar fører ordet; «I might be a dreamer, but I’m all dreamed out», og får hjelp av ei kvinnerøyst innimellom, tilhøyrande Jim White si kone Robin Pratt.

Resten av det vokale er det i hovudsak Johnny Dowd som meislar ut med si ukultiverte og anti-vakre røyst. Han startar med å takke Gud. I ein noko sarkastisk tone takkar han for lidingar, jordskjelv, orkanar generelt og Katrina spesielt, før ein ilter gitarsolo avsluttar låta. I hælane på denne, til tonar henta frå Twin Peaks sitt nabolag, blir vi så presentert for ein heller syndig og suspekt gjeng i Fireworks Factory.

I skakk rekkefylgje dukkar det så opp den eine soniske og tematiske åndsfrenden etter den andre. I hyllinga til gospelmusikken sin far Thomas Dorsey kjem Dowd med fylgjande programerklæring overfor sine eigne talent; «I sing songs of lust and depravity, it’s the only songs that come out of me». Han gjer sitt beste for å halde hevd i den påstanden og drar fram i lyset ein tvilsam og tjuvaktig predikant i God’s Back Pocket. Han lar galskapen blese om øyrene på lyttaren i Alien Tongue. Medan «another candidate for the losers hall of fame… another missing link in the big chainsaw of life» blir grundig dissekert i Man in a Plaid Suit.

Ser gjerne at herrane tar turen tilbake til Hellwood, ved eit seinare høve, for å kreere nye anekdotar frå dei suspekte breiddegrader.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2006)

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s