Med ein eldre herre i ryggen entrar den unge dama manesjen, og overtar den.
7
Etter å ha levd mykje av sitt vaksne liv som profesjonell gamblar, tok Chip Taylor på midten av 90-talet oppatt sitt ungdomsvirke som låtskrivar. Og låtar har han skrive, og skrive, i ein takt få kan vise til. Det er som om den aldrande herren (født i 1940) skal ta att alt han forsømte desse åra med kortstokken og filtduken. Han tek det ikkje att på lettvint vis heller, for dei er gode desse låtane hans, countrylåtane hans, veldig mange av dei i alle fall. Enten han gjer dei sjølv, eller han overlet dei til andre.
Felespelar og songar Carrie Rodriguez var hans duettpartnar nokre år. Før ho gjekk solo i 2006, med nyttig låtskrivarhjelp frå Taylor. Året etter presenterte Taylor ei ny ung dame på sin Trainwreck label; Kendel Carson. Frå Canada. Og jaggu meg spelar ho fele ho også, og syng, songar Taylor har skrive.
Sidan Taylor er så involvert som han er, blir det sjølvsagt nærliggande å stille spørsmål med kor mykje Kendel Carson dette til slutt blir. Songane sin melodiske skapnad er velkjent Taylorsk. Albumets lydbilde har dette opne, luftige og sterkt organiske som vi kjenner frå mannens produksjon. Han er også tilstades som både gitarist, korist, og duettpartnar. Og sjølv om det er dama sjølv som spelar på fela, veit vi jo at nett det er eit instrument Taylor ofte har kolorert sine tonar med. Likevel, dette er Kendel Carson si plate.
Songane er laga for henne (ved fire høve også saman med henne), og ho set sitt merke på dei. Tøft, sensuelt og pasjonert. På det to år gamle debutalbumet, Rearview Mirror Tears, kan ein innimellom få ei lita kjensle av at ho kanskje ikkje er 100 % fortrulig med opplegget. Den kjensla gjer ikkje Alright Dynamite meg. Det gjer meg kjensla av å vere eit fyrig stykke musikk, der lyst, synd, skuld og smerte dansar og snor seg om kapp med ein ikkje ubetydelig sjarm.
Ein låt har dama henta anna stads frå, det er Janis Joplin sin ikkje heilt ukjente Mercedes Benz. Kendel likar bilar, på debutalbumet heitte paradenummeret I Like Trucks. Og så likar ho cowboystøvlar. I den uimotståelige og snedig oppbygde Cowboy Boots etterlet ho seg i alle fall eit slikt inntrykk. Dama er på terapeutisk shopping, og får komplimenter frå den eine mannlige konfeksjonsdetaljisten etter den andre. «You look so pretty in lace» ytrar ein smilande luring i siste vers. «How much is the price of this sin», repliserer dama. «I don’t know, I just followed you in», lyde svaret. Kor på dama tar fyren i armen og dansar ut av butikken, syngande:
Now I think I wanna get me some cowboy boots
Don’t you wanna buy me some cowboy boots
I want, I want, I want my cowboy boots
I gotta have me some cowboy boots
Get down and put me in my cowboy boots
Get down and love me in my cowboy boots
Hot lace and some cowboy boots
Don’t you wanna get me some cowboy boots
Ho kan ha eit listig glimt i auga. Ho kan framstå som viljesterk. Ho kan framstå som sårbar. I Don’t Wanna Be Your Mother hevdar ho hardnakka i dampande countryblues omgjevnadar ein stad. «I am naked and cold … Oh baby lie down, next to me» syng ho i den smakfullt smygande opningssongen. «I just walked by the shade where we left our clothes» ytrar ho i det memorerande sporet Jesse James. Om ei kjærleiksaffære som nok ikkje enda særlig lukkeleg, for slik lyde konklusjonen: «Screw you Jesse – and the horse that you rode in, I just ran down to the stream where we did not swim».
Den overordna tonen er country. Men den blir krydra og dratt i, av blues, av rock, av jazz. Det blir variert. Stilfull balladering i Lady K (om ei moden kvinne og eit kjærkomme erotisk eventyr). Heitt, røft og blåsardekorert i Belt Buckle («Sugar sugar shiny thing – sugar sugar sexy thing»). Og gyngande og jazzy i Ooh That Dress (om begjæret etter ein spesiell kjole).
Kendel Carson var namnet, ho er verd litt merksemd.
Først publisert på Groove.no (i 2010)