Haley Heynderickx – I Need To Start A Garden

Standard

Ein liten hage av viser som blomstrar både nennsamt og sprekt.

  Det kan vel seiast å ligge ei viss handlekraft i tittelen på Haley Heynderickx sitt debutalbum. Handlekraft er det også i røysta til den unge dama frå Potland, Oregon når ho syng strofa, syng «I need to start a garden», fire gonger i strekk, og til slutt nærast skrik den. Det er ikkje noko ho gjer særleg mykje av på plata, skrik altså.

Nennsamt fingerspel på ein akustisk gitar er eit viktig element i det Heynderickx har føre seg. I ein stil ein nok kan trekke attende til folk som John Fahey og Leo Kottke. Slik startar det i den vesle varlege visa No Face. Med ein einsam gitar, og nokre ord, eit par vers, om ei uvisse. Der songaren syng på eit vis, formar tonar på eit vis, som kan føre tankane mot Vashti Bunyan, mot Sharon Van Etten, men som først og fremst med varme og klangfullheit gjer songen liv. Og slik held det for så vidt fram, hovudsakleg fram, den dryge halvtimen til endes.

Nå har ho eit band med seg. Eit lite band. Eit ikkje veldig bråkete band. Ein trommeslagar som slår varleg i frå seg, ein fyr med ein kontrabass, ei dame som handterer tangentar, og ein som stikk innom med ein trombone ved nokre høve. Saman med hovudpersonen ordnar dei med eit lydbilde eg vil kalle luftig og delikat.

I dette bildet dansar åtte songar av ulik lengde fram i lyset. I vårlyset. Eg har registrert at Heynderickx sjølv har kalla det ho gjer for doom-folk. Personleg må eg seie meg litt usikker på nett den etiketten. Eg opplever å høyre songar med eit godt melodisk hjarte. Songar eg tenker viser fram eit empatisk sinnelag. Songar som The Bug Collector, der trombonen får eit visst spelerom, og der songaren fortel ei historie om ei noko urovekkande morgonstund. Eller kanskje eg heller skal kalle det ei lita fiffig historie om ei som fjernar insekt etter insekt for å gjere morgonstunda leveleg for sin kjære. Eller kanskje eg skal kalle songen smått kryptisk. Der, i det smått kryptiske, er den i tilfelle i slekt med fleirtalet av songane på albumet.

Untitled God Song er eit høgdepunkt. Bak den underfundige tittelen dukkar det fram ei vise der Heynderickx plasserer Gud i eit ikkje-konvensjonelt bilde. Hennar bilde. Der er Gud ei kvinne, kanskje med «thick hips and big lips», og elles både med evner til å styre ein som ein marionett, og ikkje vere heilt til å lite på.

Popsongen, og det store sing-a-long nummeret på albumet, ja for det finst eit slikt eit, heiter Oom Sha La La. I tillegg til å innehalde linjene der Heynderickx syng albumtittelen i smått eskalert form har songen eit refreng som dansar med lettbeinte doo-wop-steg. Litt mindre lettbeint, men like bra er Worth It. Ein lang song (8 min. lang) der bandet spelar høgare og meir uvørdent enn på noko spor på plata. I ein lågt/høgt-dynamikk kastar songaren utav seg, i intensiv form, linjer som teiknar eit portrett av ei mystisk kvinne, ei både usikker og sterk kvinne, ei som ikkje er lett å erobre. Og som til slutt like mykje slår fast som spør: «maybe I, maybe I’ve been worth it». På eit album som absolutt er verdt å høyre på, både ein, to, og fleire gonger.

7/10

TIDAL: HALEY HEYNDERICKX – I NEED TO START A GARDEN

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s