Mount Eerie – Now Only

Standard

Sterke songar om livet etter å ha blitt ramma av døden, del 2

  «I sing to you» lyde den første linja på plata. Men det er ikkje lyttaren songaren har i tankane. «I sing to you, Geneviève» lyde den neste linja. «You don’t exist, I sing to you though» held han fram, og vi forstår at Phil Elverum er der han var sist. Der han var for eit år sidan, med albumet A Crow Looked At Me. Eit album der saknet etter, og kjærleiken til, hans nyleg avlidne kone dirra i kvar einaste tone, i kvart einaste ord.

Now Only er ei fortsetjing, ein del to. Seks songar, ganske lange songar, som er meir ordrike enn kva tilfelle var på førre plate. Seks songar som går langs den same stien, som lever rundt i det same huset, i tomrommet, i saknet. Men eg opplever ikkje at songaren står fast der. «I don’t want to live with this feeling any longer than I have to, But also I don’t want you to be gone» høyrer eg Elverum synge, ambivalent, i tomrommet, med blikket mot framtida. «Every day that comes, the echo of you living here gets quieter» høyrer eg han også synge. For tida sin verknad har byrja å melde seg. Sånn er det.

Men framleis gjer det vondt. Framleis er ho nær, men frykteleg død. «When I address you, who am I talking to? Standing in the front yard like an open wound» sukkar han, tungt. Og så har han dette barnet han skal ta seg av. Barnet Geneviève fødde ikkje så lenge før ho døydde. Dei to, faren og barnet, ete frukost saman, og faren går bort for å sette på ei plate. «Our daughter sees and asks for mama’s record, and she’s staring at the speaker with this look of recognition» fortel han. I avslutningslåta, Crow, Pt. 2, ein dirrande oppfølgjar til avslutningslåta på førre album.

Seks ganske lange songar. Då eg snakka om A Crow Looked At Me for eitt år sidan drog eg fram parallellar til Sun Kil Moon-albumet Benji. Eg tenkjer Sun Kil Moon samanlikninga er endå meir fornuftig å komme dragande med denne gongen. For i dei meir ordrike tekstane puttar Elverum inn assosiasjonar og anekdotar på eit vis som absolutt kan minne ein del om Mark Kozelek sin måte å gjere det på. Songane startar gjerne der heime, i romma der ho ikkje lenger er, men så driv dei av garde, inn i ei anna tid, til minner, til opplevingar, til tankar og filosofering, før dei så brått er tilbake i nåtid. Til Now Only, til augeblikket som er omkransa av fortid og framtid, men som alltid er der vi er, og som ikkje er til å komme unna, i live.

Tittelsporet har eit refreng som kjem dansande i ein smått lystig popmelodisk modus. Og blir til ein kontrast som berre ein mann med littegrann avstand, littegrann perspektiv, på sakene kan komme opp med. «But people get cancer and die, People get hit by trucks and die, People just living their lives, Get erased for no reason» syng han. Og det gjer litt vondt. Og så fortel han om då han blei flydd inn på ein festival utafor Phoenix, og spelte «death songs to a bunch of young people on drugs». For seinare, ut på natta, å hamne i eit triveleg samkvem med Wise Blood og Father John Misty. På morgonkvisten står han så og lener seg mot bussen til Skrillex og venter på skyss til hotellet, blikket går mot himmelen, mot stjernene, og der, i stilla, under nattehimmelen, kjem ho til han igjen, hans «majestic dead wife».

Slik flyt songane av garde. I Earth, med nokre sonisk sett bra skranglete parti, fortel Elverum om ulike stader han har spreidd oska etter sin kjære, og om små beinrestar han finn på bakken som han lurer på kan stamme frå henne. I Distortion, der Elverum lar enkelte parti bli fargelagd av forvrengt gitarlyd, bringe han til torgs tankar om det å bli huska for noko etter sin død, og om den første døde kroppen han såg, sin oldefar, og den andre, Geneviève sin. Men mellom der fortel han om ein angst han hadde som 23-åring, om han kunne ha gjort ei dame gravid, og ei eventuell farsrolle han ikkje var klar for. Og han fortel om ein dokumentarfilm han såg på ein flytur som handla om Jack Kerouac, som vektla dottera si forteljing om kor dårleg far han var, mest opptatt av å ta «refuge in his self-mythology».

Og så kjem det flytande ein song som heiter Two Paintings by Nikolai Astrup, der to maleri av Astrup definitivt står sentralt. Priseld og Revebjeller. Og det handlar om dansen og båla og fjorden og skogen og blomar som er dei første som spirer frå øydelagt jord. Og det handlar om Geneviève, og det handlar om han, og barnet, og livet som skal levast vidare: «On the place where I’m about to build our house, And go to live in, let you fade in the night air, Surviving with what dust is left of you here, Now you will recede into the paintings».

Og så går Phil Elverum vidare. Med endå ei sterk Mount Eerie-plate om livet etter døden bak seg. Ei som er litt mindre lågmælt, kan vise til litt meir lyd, og til nokre håpefulle drag. Skildra med ukompliserte ord og linjer.

8/10

TIDAL: MOUNT EERIE – NOW ONLY

Mount Eerie

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s