Ikkje akkurat tra-la-la.
Dei har kantar tonane til Protomartyr. Taggete og ugode høgg dei seg fram til meg. Eg vil ikkje seie at dei sånn med det same også blir der. For dei er ikkje heilt utan vidare lette å like. Dei tolv songane som utgjer Relatives In Descent kan med første, og andre, og tredje, høyring fortone seg melodisk tronge, og noko plundrete å ha med å gjere. Noko det nå, litt i ettertid, absolutt er mogeleg å sjå annleis på.
Eg oppdaga Detroit-kvartetten Protomartyr då dei i 2015 kom ut med sitt førre album, The Agent Intellect. Det var deira tredje. Mine matematiske evner fortel meg då at årets album er bandets fjerde. Mine øyrer, og nokre andre kroppslege funksjonar, fortel meg nå, etter å ha levd med albumet nokre veker, at det er bandets beste. Eit utsegn eg kan stå inne for sjølv om eg ikkje finn ein song her som ristar meg fullt så kraftig som Does It Shake? frå førre plate. Eller vent, snakkar eg vas nå? Alvorleg vas?
Vel, vel, vel, og svarte netter til ende, opningslåta A Private Understanding er då eit bra beist av ein song, er den ikkje? Jo då, det er den. Sine samfulle fem minuttar og atten sekundar til ende er den det. Frå den rumlar i gang, og trommeslaga opererer nett litt på sida av den naturlege rytmen har den uroa og desperasjonen i seg. «In this age of blasting trumpets a paradise of fools infinite wrath in the lowest deep» forkynner vokalisten Joe Casey. Han snakkar om sanninga som gøymer seg i kablane, og folk som lever med ei privat forståing av korleis ting heng i hop. Han gjentar fleire gonger undervegs at han ikkje vil høyre «those vile trumpets anymore», desse folka (denne presidenten) som ropar høgast og i altfor stor grad blir høyrt. Han drar inn den gamle filosofen Heraklit og hans idé om at ein aldri kan gå over den same elva to gonger. Fordi alt er i endring heile tida. Casey tar seg fridomen til å vri litt på det, til å synge «Heraclitus the Obscure constantly weeping because the river doesn’t move, it doesn’t flow, it has been leaded by snider men to make profit from the poor».
Det er grunn til å tru at Joe Casey har lest ein dugande dose av forhistoriske skrifter og både klassisk og nyare litteratur. Han skriv i alle fall tekstar som refererer til både eitt og hitt i den retning, og som har ein poetisk/litterær-kvalitet det er verdt å merke seg.
In my own head
Near the hole where hope drains out
and fear is branded deep
Amid the death of all things
not under law
or the thoughts I had before
Only in darkness does the flower take hold
It blooms at night
Slik lyde det siste av tre skilsettande vers i songen Night-Blooming Cereus. Det næraste albumet er ein ballade. Ein ballade henta borte frå eit dunkelt hjørne til venstre for The National. Med ein Casey som crooner i Nick Cave-lende. Og i det lendet, Cave-lendet, nærare bestemt lendet til den unge Cave, og nokre av dei samtidige av han der godt tilbake på åttitalet, som The Fall, som ei god handfull andre engelske postpunkband, der er det at ein kan plassere det soniske uttrykket til Protomartyr. Pluss litt garasjerock à la Detroit då. Nokre nyttige meter unna konvensjonell etterplapring. Ganske så nær sentrum av slikt eg vil kalle dugande eigenart. Eg ymta innleiingsvis frampå om melodisk trongleik og plundrete åtferd. Eg vil vel heller nå seie det slik at uttrykksendringane som fleire av låtane blir utsett for etter kvart viser seg å ha ein dynamisk vinst. Det er luft her, mellom tonane, og det gjer godt. Og det melodiske? Vel, det viser seg å blomstre, umerkeleg men effektfullt, som ein Cereus om natta. Ja i albumkatalogen til Protomartyr viser plata seg nok å vere den, ikkje berre beste, men også lettast tilgjengelege. Utan at eg på noko som helst vis er der at eg vil kalle den lett. For det er den jo ikkje. Og dagslys er den sparsam med å sleppe til.
War, and rumours of war
Clouds of poison in the sky
and poison in the soil
O Lord, how I wish there was a better ending to this joke
Casey ser samtida i augo, og kjem ikkje opp med vidare optimistiske betraktningar. Noko han vekslar mellom å melde tydeleg og i meir abstrakte former plata igjennom. Når han spyttar orda i ei hengslengt snerrande form i låta Here Is A Thing opplever eg han i det abstrakte lunet. Når han i det gitarkvasse nummeret My Children skildrar arven vår generasjon etterlet oss er han i det meir eksplisitte hjørnet – «good luck with the mess I left you innovators».
Og til slutt kjem Half Sister, og Casey fortel tre historier frå ulike stadar og ulike tider, og sanninga står på spel. «Truth is the half sister that will not forgive» syng han. Før han legg inn mantraet «She is trying to reach you». Som han også gjorde då han avslutta opningssporet A Private Understanding. Dermed er ringen slutta. Med ei lita fortvila spore av håp, vågar eg å hevde.
8/10
TIDAL: PROTOMARTYR – RELATIVES IN DESCENT