Kendrick Lamar – DAMN.

Standard

Ein meir nedstrippa og personleg Kendrick Lamar siterer bibelvers og stirrar livet i kvitauga.

  Om det er eit tema, ein gjennomgangsmelodi, på Kendrick Lamar sitt femte album så kan det vere Gud vs. mennesket, eller kanskje heller mennesket vs. Gud (sidan dette nå ein gong går føre seg på mennesket sin heimebane). Opplegget, eller skal eg kanskje seie kampen, går over fjorten rundar, og sluttar med eit pistolskot, ganske så uavklart. Undervegs har det dreidd seg om både åtak og omfamningar, og mennesket har vel strengt tatt påført seg sjølv fleire kilevinkar enn det Gud er blitt tildelt. I sonisk format vandrar opplegget frå det kvasse og aggressive og over mot meir dovne leier. Jazz-elementa som var veldig dominerande på suksessplata To Pimp A Butterfly er så godt som fråverande. Her er beats og loops og klipp og r&b og funky basslinjer i ein kanskje meir klassisk hiphop-tradisjon. Strammare og meir minimalistisk kan ein vel også seie.

DAMN. er tittelen. Med store bokstavar og eit bestemt punktum bak. Låt etter låt fylgjer i det same sporet. Eitt ord, store bokstavar, og det der punktumet. Klisjeen «å snakke med store bokstavar» er nærliggande å dra fram. Så kan det sikkert drøftast kor tydeleg Lamar får fram det han har på hjartet. Sikkert er det i alle fall at det ikkje er lite, denne gongen heller. Meir enn eg har liv nok att til å sette meg skikkeleg inn i. Så eg fylgjer mennesket vs. Gud sporet, og hamnar sikkert godt utover sidelinja (for ikkje å seie heilt på jordet)  innimellom:

What happens on earth stays on earth

Jodå, det er vel strengt tatt ein gjenbruk av eit ikkje heilt ukjent Las Vegas-slagord («what happens in Vegas, stays in Vegas»), men eg synst nå det slår ganske bra eg. Og ikkje berre ein gong. Lamar drar det fram fleire gonger undervegs på plata. Kva han vil uttrykke med utsagne? Med tanke på at det i den bibelen Lamar rett så ofte refererer til blir fortalt at ikkje ein sporv fell til jorda utan at Gud får det med seg, kan ein jo saktens lure. Eg vel å tolke det som ein av dei meir trassige treffa mennesket prøver å få inn. I slekt med «eg syndar, det er slikt vi driv med her, så det så». I neste omgang slår like fullt ei indre stemme inn og eit sitat frå Jakobs brev lyser mot den syndige: «friend of the world is enemy of the Lord». Og låta heiter LUST., og det er jo ei av dødssyndene. Og det handlar om sex, «let me put the head in» blir det uttrykt fleire gonger, og det handlar om ubegrensa sex. PRIDE. er ei anna dødssynd. I låta med det namnet går Lamar inn i eit ganske skånsellaust oppgjer med seg sjølv og menneskeslekta. «Love’s gonna get you killed, but pride’s gonna be the death of you» lyde det innleiingsvis. Han snakkar så om å velje rikdom framfor tru, og stirar rett inn i seg sjølv. Han snakkar om «sick venom in men and women overcome with pride». Han snakkar om kor utopisk ei perfekt verd fortonar seg – «A perfect world is never perfect, only filled with lies». Og dette gjer han i eit sonisk bilde som er ganske så mildt og audmjukt. For å spele fram kontrastar vil eg tru. Kontrasten mellom ordet og handlinga, som er eit hovudtema i kampen han utkjempar på plata.

Å vere HUMBLE. er ingen dødssynd. Snarare tvert imot. Men låta med det namnet har ikkje eit spesielt audmjukt sonisk vesen. Med eit djupt pianoriff, ei funky basslinje og ein rappar med ein definitiv driv i flowen er det ei låt med åtakslyst i seg. I tråd med tittelen fremjar Lamar audmjukheit og ekteheit som meir enn gangbare eigenskapar. Og forbannar i den samanhengen Photoshop, samstundes som han slår eit slag for strekkmerker. Andre og meir alvorlege merker gjer seg gjeldande i DNA.. «I got, I got, I got, I got» pælmar Lamar utav seg, og held fram: «I got power, poison, pain and joy inside my DNA, I got hustle though, ambition, flow, inside my DNA». Og han snakkar for fleire enn seg sjølv, og han snakkar i eit rasande tempo, eit punkslekta tempo. Bakom duvar ein basspuls, sakte, men definitivt ikkje tryggande.

Og inn frå kjendismarkene kjem U2. Låta heiter XXX., og Bono syng eit par strofer. Det handlar om hemn, om at når nokon tar livet av ein som står deg nær, viser ein ingen nåde – «Ain’t no Black Power when your baby killed by a coward». Men det handlar også om politisk hykleri, om amerikansk våpenpolitikk, kriminelle gjengar, terroristar, Trump, Wall street. Eg merkar i grunn lite til U2. Eg merkar meir til Rihanna i låta ho deltar i, LOYALTY.. Den nest svakaste på plata. Noko slapp og rotete. Utan at eg skal gje dama skylda for det. Eg skal heller ikkje skulde Gud for at GOD. er den aller svakaste låta. For at den låta manglar temperatur. Noko til gjengjeld FEAR. har bra av. FEAR., albumets lengste spor. Sonisk fleirfassetert men aldri utflytande, heile tida veldig på. Kendrick Lamar går inn i ei slags danningsforteljing, med seg sjølv i hovudrolla. Frå mora si evige truing med juling i barndomen, via ungdomstidas tvillause farar, og fram til han no sit her nesten tretti år gammal og søkkrik. Angsten har vore der som ein raud tråd heile vegen, den er ikkje blitt mindre raud – «I’m talkin» fear, fear of losin» creativity, I’m talkin» fear, fear of missin» out on you and me, I’m talkin» fear, fear of losin» loyalty from pride, «Cause my DNA won’t let me involve in the light of God».

Til slutt kjem ei låt viss tittel er identisk med Lamar sitt familienamn, DUCKWORTH. Oppå eit bra beat og ein sample/loop av ei gammal soulsviske fortel rapparen ei historie om den kriminelle Anthony og den unge familiefaren Ducky. Deira vegar kryssar kvarandre på fastfood-restauranten der Ducky jobbar. Ducky serverer Anthony gratis kylling. Så når Anthony ein dag ranar restauranten skyt han ikkje Ducky. Tjue år etter hendinga spelar Kendrick Lamar inn musikk på labelen til Anthony «Top Dawg» Tiffith. Den same Anthony som i historia ja. Og Kendrick Lamar, han er sonen til Ducky i forteljinga. Slik avsluttar han historia: «Whoever thought the greatest rapper would be from coincidence? Because if Anthony killed Ducky, Top Dawg could be servin» life, While I grew up without a father and die in a gunfight». Og kan vel ha rett i det.

DAMN. er eit album ganske så spekka på moralske og religionsfilosofiske fabuleringar. Skal det kokast ned til ei linje blir det vel kanskje den ikkje altfor sensasjonelle: Nei det er ikkje lett å vere menneske, ikkje Kendrick Lamar heller.

8/10

TIDAL: KENDRICK LAMAR – DAMN.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s