Laura Marling – Semper Femina

Standard

Sonisk sparsamt og sterkt, og tekstleg skarpskodd om relasjonar kvinner imellom. 

semper-femina  Det første glimtet frå det sjette albumet til Laura Marling dukka opp for nokre månader sidan: To latexkledde damer dansekryp rundt på ei seng. Bevegelsane deira er grasiøse og sensuelle. Dei to kryp over og under og inn mot kvarandre. Det skjer til tonane frå ein song som heiter Soothing. Eg høyrer Marling synge om ein eks-elskar som dukkar opp på trammen, ein det finst grunnar for å ikkje sleppe inn. Eg høyrer hovudpersonen be om litt «soothing». Koplinga mellom det visuelle i den Marling-regisserte videoen og det ho syng er ikkje innlysande. Kanskje videosekvensen er ein draum? Medan songen gneg meir rundt i realitetane? Det er ein song der kontrabassen er sentral, for ikkje å seie kontrabassen og ein bassgitar og ein perkussiv rytmikk. Det er ein song støypt i ei nøysam form, med eit distinkt ganglag. Den er god.

Det finst fleire gode songar på Semper Femina. Ikkje så overraskande det. Det plar jo vere slik på platene til Laura Marling.

Det andre glimtet eg fekk av Semper Femina: Wild Fire. Ikkje saman med levande bilde denne gongen. Berre som ein singel. Ein smakebit. Ein absolutt sterk ein. Ein song i slekt med ein og annan soulballade der ute. Ein lummert brennande ein. Ein sparsamt men merksemdsvinnande arrangert ein. Den akustiske gitaren spelar i framgrunnen, det er ein dirrande klang i trommelyden, samt eit gyng, og langt bakom ein el-gitar med lengt i tonane. Marling si stemme vandrar frå det snerrande, det nonsjalant snakkesyngande, og til det varmt soulklingande. Hovudpersonen i songen, som eg reknar med er ei kvinne, vender seg mot ei anna kvinne. Eg vêrar ein ambivalens. Eg høyrer snakk om både vilkårslaus kjærleik og ein kjærleik med fleire atterhald. Eg høyrer Wild Fire. Det gjer inntrykk.

Dei to orda Semper Femina har Laura Marling hatt tatovert på eine hofta si i fleire år. Uttrykket er henta frå det romerske nasjonaleposet Æneiden, skrive av Vergil like før vår tidsrekning starta. I norsk omsetjing tyder utrykket noko slikt som «alltid kvinne». Eg høyrer Laura Marling søke inn i det kvinnelege, det mellomkvinnelege i songane på denne plata. Songar om vennskap, kjærleik og med ein viss seksuelt farga undertone.

Det tredje glimtet eg fekk av Semper Femina: Next Time. Den akustiske gitaren ligg igjen fremst i det soniske bildet. Serverer eit varleg driv. Strykarar og subtil elektrisitet slår fylgje. I ein song med eit melodisk vesen som evnar å forføre. Videoen, ja for denne songen blir også presentert med ein Marling-regissert video, viser ei kvinne i eit stort soverom. Ho ser ut gjennom eit stort vindauge, ho ventar, ho dansar ein dans med ein desperasjon i seg, ho lengtar. «I feel her, I hear her, weakly scream» syng songaren. «It feels like the last time I run my fingers through you hair» syng songaren. «There may never next time be» avsluttar songaren. Det er ein song med ein merkbar skjelv i seg.

Tre veker før albumet ligg der framfor meg, og eg er allereie blitt kjent med tre av songane. Sånn er det blitt no for tida. Tre-fire låtar frå eit kommande album blir gjort kjent i månadane før utgjevingane. Ikkje ein absolutt god ting, spør du no meg. Noko av magien forsvinn då, gjer den ikkje? Du går ikkje inn på urørt territorium lenger når albumet er der. Spenninga er ikkje den same. Når det er sagt. Ein er vel fri til å opne pakkane som ligg der? Ein avgjer vel dette sjølv? Ein kan vel vente? Tja, om ein er utstyrt med sterk nok sjølvkontroll så.

Twenty-five years and nothing to show for it
Nothing of any weight
Twenty-five more, will I never learn from it?
Never learn from my mistakes?

Og der er vi inne i songen som heiter Always This Way. Til eit nok ein gong sparsamt og grasiøst arrangement syng Marling vakkert om å vere i verda. Og der både snuble og sigre, men å gjere det på sin måte. Som kvinna ho syng om i songen The Valley til dømes. Ei kvinne eg-personen i songen nærar ei sterk beundring for, men som «sings in the valley» og vandrar «in the valley» og har ei rastløyse som ikkje kan leve opp til eg-personen sitt ynskje om at ho skal bli. Sonisk og melodisk ein song med eit klassisk engelsk-folk vesen. Songaren harmonisyng med seg sjølv, strykarar glir innom, og Marling og produsent Blake Mills serverer eit samspel på akustiske gitarar som har eit tiltrekkande jag i seg. Ein Mills som saman med Marling har gått for det sparsame, og som har skapt ei plate som i all sin nakenskap veks seg sterkare for kvar gong eg har høyrer den.

8/10

TIDAL: LAURA MARLING – SEMPER FEMINA

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s