Skamlaust bra rock’n roll frå ein garasje i Nashville.
Dette er total rock’n roll. Ingen tvil. Eg høyrer det frå første nummer. «Young lady, you’re scaring me» ytrar, snerrar, klunkar songaren. I henda har han ein gitar. Han nyttar den ikkje til å gå vidare respektabel til verks. Noko det for så vidt heller ikkje skulle vere grunn til å gjere. Han skildrar ein ustabil situasjon. «You’ll line my mattress with nails» syng han, med snerr i tonefallet, vendt mot denne kvinna som skremmer han slik. «One for every time something psycho came out of your mouth» legg han til, medan gitaren kneggar fram eit illevarslande omen. Og skitnare blir det. Gitartonane tar for alvor ein gudlaus retning, og den unge kvinna slepp ikkje taket. Etter at hovudpersonen, ein mørk kveld, høgst motvillig har køyrt henne heim, til hennar «bleeding dollhouse», ber ho han parkere «behind the hearse», og han, vel, han ber henne komme seg ut; «and take your purse». Det skal så vise seg medan albumet brenn av garde at det finst meir av om lag same kaliber der. Meir bitande songformidling, meir umoralsk gitarlyd, meir rock’n roll.
Om Heavy Meta skal kallast eit debutalbum eller ikkje er eg noko usikker på. Ein liten research fortel meg at denne Ron Gallo har vore rundt med gitar og song ei tid. Nokre år med eit band kalla Toy Soldiers. Som eg etter ein rask sjekk har konkludert med at spelte ein slags bluesy soulcountryrock. Grei og livat nok, men ikkje spesielt eigenarta eller spennande. I 2014 kom han med eit album under namnet Ronny. Ei semi-akustisk affære med songar som kan klassifiserast som country, eller distriktet rundt. Igjen, ei grei plate, men få spor som stikk seg alvorleg ut. Eit unntak er låta Started A War. Den har han elektrifisert og tatt med over til Heavy Meta.
Desse åra, som Gallo sjølv vel å kalle sitt førre musikalske liv heldt han til i Philadelphia. For eitt år sidan flytta han til Nashville. Vaska av seg mykje av sin soniske forhistorie, og søkte opp ei musikkscene han hadde fatta interesse for der i byen. Den handla ikkje om country. Den handla om garasjerock. Så, idet han køyrte låtar han hadde skrive dei siste to-tre åra inn i garasjearrangement fekk dei eit anna liv. Jepp, Heavy Meta er den skitne lyden av ein kar som står opp og fram med ein eigenart og ein spenst eg ikkje finn i stoffet han dreiv med før. Så eit slags debutalbum er det vel då kanskje.
Eigenart, men slett ikkje utan feste i både det eine og det andre som har skjedd før han. Særleg då saker som skjedde på syttitalet. Ein allegori kan jo vere noko slikt som «The Stooges som har tatt med seg T. Rex i ein blender heimsøkt av Lux Interior og ein dylansk snerr». Eg kjenner jo på meg at det er noko eg ikkje utan vidare ville gått glipp av.
«All of the punks are domesticated, all of the freaks have gone to bed» høyrer eg Gallo synge, i eit tilnærma Lou Reed-modus, og kjenner meg ufatteleg nøgd med at eg ikkje har gått glipp av fyren. Akkurat her, i det han syng nett den linja, er vi i det siste sporet på plata. Eit nesten trommelaust spor. Og eit temmeleg illusjonslaust også. På vegne av kulturen, vitskapen, musikken og framtida erklærer han at ingen har i grunn noko å seie lenger, noko levedyktig å komme opp med. Dei som skulle gjere ein forskjell eller utfordre dei vante banar er blitt ein parodi på seg sjølve, eller uniformerte og kjedelege, og songaren sjølv reknar med å vere «forgotten in two generations».
Songaren sine sarkastiske framstøyt råkar vel om lag like ofte han sjølv som dei råkar andre. I Poor Traits Of the Artist sklir Gallo inn med ei syrete gitarlinje, finn nokre rivande riff, og tar for seg ei sjølvopptatt kunstnarsjel med ei veksande tvil på seg sjølv, «a man who can’t stand what he stands for». Kanskje han kikkar litt inn i seg sjølv i den songen? Inne i sitt eige kjensleregister er han nok også i Why Do You Have Kids?, men det som set fyr i han her skjer frå ein observatørposisjon. Han ser ei rusa mor og eit lite barn i ei vogn. Han ser oske ifrå mora sin sigarett drysse nedover barnet. Det får han til å stille seg spørsmålet i tittelen, og til å levere eit aggressivt nummer om dårleg foreldreskap og sosial arv. Nok ikkje det ein kan kalle eit vanleg songtema i garasjerockland.
Med seg på laget har Gallo ein bassist og ein trommis. Fleire er dei ikkje, fleire trengst ikkje. Dei er karar om å skape noko tett og lausleg, drivande og skittent. Dei kryp både lågt og skapar brann i den smått suspekte saken Black Market Eye. Driv punkhastig mot ein tidleg målstrek i Please Yourself. Og skapar noko utrygt rundt eit fengande refreng i Put the Kids to Bed. Ein song om eit parforhold så dødt at det er som dei lever saman i eit gravkammer. Trøbbel mellom to er også temaet i det syrleg luskande nummeret Started a War. Ei ganske så treffande skildring av den store uhandterlege stilla som inntreff i etterkant av at noko skeivt er sagt, eller ingenting er sagt, eller …
Så slik, med slike låtar, overtyder denne Gallo meg ganske så ettertrykkeleg om at låtar det er noko kan han skrive. Og saman med sine to kombattantar i trioen dei stundom likar å kalle RG3 veit han å gje låtane eit grumsete og uimotståeleg liv.
8/10