Verda: Kjærleiken lever, blodet flyt. Sun Kil Moon presenterer ein to timars seanse om tilstanden.
Det der å fatta seg i kortheit ligg ikkje for Mark Kozelek. Så er i alle fall tilfelle når han kler seg i Sun Kil Moon-hamen. Det er berre blitt tydelegare og tydelegare med åra. For alvor byrja det vel med Benji. Mannens definitive albumtriumf frå 2014. I ein beskrivande stil og i eit assosierande lune lirka han der fram den eine storarta låta etter den andre, om livet og døden og kjærleiken. Frie for ironi og metaforar, og sterke på både flyktige og solide tankar omkring det å vere eit middelaldrande menneske. Basert på opplevingar ein kunne mistenke var ganske så personlege, men som likevel (eller kanskje heller nettopp derfor) hadde det allmenngyldige ved seg. Det han har gjort sidan har vore i same gata.
Mitt første inntrykk av Common as Love and Light are Red Valleys of Blood er at dette her herr Kozelek, dette liknar ein overkill. Albumet er dobbelt, tekstane meir ordrike enn nokon gong. Låtar som varer i både 10 og 12 minuttar, og ei samla speletid på godt over to timar. «Skal eg gå inn i dette då» tenker eg medan albumet luntar av garde berre sånn halvvegs i fokus. Tja svarar eg, og drar på ferie. Eg tenker ikkje så mykje som eit nanosekund på albumet den neste veka. Tilbake i godstolen er det nå likevel nett det albumet som blir søkt opp.
«Dobbelt, to timar, Bergen to Trondheim, Stranger Than Paradise, hmm», eg må sjekke dette litt nærmare. Og nærmare kjem eg, og nærmare kjem Sun Kil Moon, og det handlar om kjærleik og terror. Livets dualitet. Common as Love and Light are Red Valleys of Blood. «Why is this world simultaneously so beautiful and a pile of shit?».
Og det er eit groove her som er meir groovy enn det eg kan minnast Sun Kil Moon nokon gong har vore. Kozelek sjølv og hans faste trommekompanjong dei siste åra Steve Shelley er i all hovudsak aleine om å vere ansvarleg for dette. Bassisten Kozelek trer fram (som aldri før) og Shelley spelar smidig og vitalt. Kozelek nyttar i tillegg synthesizeren vel så ivrig som sin kjære nylonstreng-gitar. Eg nemnte sist gong eg skreiv om ei Sun Kil Moon utgjeving at tekstane til Kozelek hadde eit visst slektskap til hiphop-tekstar. Denne gongen er eg tilbøyeleg til å seie det same om det soniske opplegget. Utan at dette blir hiphop akkurat. Kozelek syng nå han, på sin sedvanlege nedpå måte, frå det melodiøse til det resiterande.
There is healing in writing poems
There is healing in psychotherapy
There is healing in taking walks along the beach
But never underestimate the healing of music, baby
Kozelek startar albumet med ein song som, om ein skulle legge tittelen åleine til grunn, verkar å vere ei ærbødig helsing til staten der han vaks opp. Men God Bless Ohio er vel for så vidt noko litt anna enn det. Den handlar om gode og dårlege barndomsminner, forfall og vald, og driv inn mot det essensielle spørsmålet «What saved me from the dark clouds hanging over Ohio?». Det er der musikken kjem inn, som redninga, som faktoren som har gitt hovudpersonen eit betre liv enn utgangspunktet bar bod om. Men dette er ikkje eit beiskt oppgjer med røtene. Eg tykkjer meir å høyre ein fleirdimensjonal song med varme og vemod som drivande krefter. Seinare, i songane som fylgjer, opplever eg at det dimensjonale til tider har eit meir svart/kvitt preg.
Ei hovudlinje albumet igjennom er Kozelek som tar kraftig parti for offeret og det gode, og endå kraftigare hudflettar valdsmannen og terroristen. I song etter song dukkar det opp kortare eller lengre skildringar og/eller tiradar om verkelege drap og terrorhandlingar.
Songen Bergen to Trondheim handlar særdeles lite om ein flytur mellom dei to norske byane. Desto meir handlar den om terroren mot ein nattklubb i Orlando. Og så handlar den om eit dikt av Muhammad Ali. Verdshistorias kortaste dikt. «Me, we» lyde heile diktet, og Kozelek gjer det til refreng, og til referansepunkt for kven det er som kan gjere noko med situasjonen. Med hatet, kløfta, mistrua, valden, terroren. Det er mogeleg han er inne på noko.
Apropos Ali. Boksing er ein sport Kozelek har eit lidenskapeleg forhold til, og det dukkar derfor opp referansar til nevekjemparar rett som det er i Kozelek sin assosierande og absolutt ikkje heilt lineære ordflaum. Plutseleg dukkar Bowie opp også, Kozelek likar Bowie. Eller Radiohead, som han ikkje likar noko spesielt. Eller Trump, som ikkje heilt overraskande er eit «asshole». Eller Jim Jarmusch-filmen Stranger Than Paradise, men utan at songen med same tittel handlar det aller minste om filmen. Han fortel om andre filmar og tv-seriar han har sett også, og om eit møte med Cameron Crowe. Han legg inn nokre flyktige ord om huset sitt i San Fransisco, og nokre temmeleg harmdirrande tankar om folks «social media»-vanar.
Portugal derimot elskar han, og syng om det i ein av dei finaste songane på plata (heilt til den blir noko forkludra av ei opplesing av eit brev han har fått frå ein konsertarrangør). Og så elskar han Caroline, og lar det komme til uttrykk sånn innimellom, i fleire av songane. Mot slutten prøver han å framføre ein Vague Rock Song, men gjer i metaordelag uttrykk for at han ikkje får det til. Sjølv om eg nå vil kalle den rett så funky og artig. Funky kan vel Bastille Day også kallast, og aggressiv, ja albumets mest aggressive spor; eit nådelaust oppgjer med djevelskap.
Elegante formuleringar eller lyrisk finesse kan det neppe kallast det Kozelek har føre seg. Av og til kan det dukke opp formuleringar eg opplever blir noko klumpete eller overflødige. Ja det kunne sikkert blitt redigert i sakene utan at skade hadde skjedd. Samstundes: Hadde ikkje då noko stått i fare for å bli borte? Dualiteten mellom det bitande gode og det noko uvørdent uelegante eller smått malplasserte. For eg ser ikkje bort ifrå at nett det er ei viktig årsak til at eg endå ein gong lar meg fascinere av eit Sun Kil Moon-album.
8/10
TIDAL: SUN KIL MOON – COMMON AS LIGHT AND LOVE ARE RED VALLEYS OF BLOOD