Rytmisk popmusikk og ein ung mann som har mista jenta si.
Det står eit lite dikt inne i coveret, forfatta av Daniel Kvammen vil eg tru:
Tusen augu som ser, men ikkje dine
Tusen festar, men ingen der du er
Eit sentrum spalta i tusen bitar
Vektlaus i tomrommet etter deg
Eg vil ikkje ha evig liv,
Eg vil berre ha jenta mi
Elleve dagar før Vektlaus kom ut registrerte eg at det blei publisert eit bilde av Kvammen blant plateomslag som Blood on the Tracks (Dylan), Tunnel of Love (Springsteen) og Sea Change (Beck). Alle album kjent for at dei handlar om eit kjærleiksbrot.
Dermed skulle det vere klinkande klart kva som er temaet på Daniel Kvammen sitt andre album. Men av dei svartaste i klassen er så definitivt ikkje Vektlaus. Albumet har då ein sprett i seg som lettar på tilhøva, og ordvala tyder på at hovudpersonen til trass for sin vektlause tilstand evnar å rette blikket mot håpet i monaleg grad.
I sonisk forstand er nok ikkje dei tre ovannemnte albuma så veldig nærliggande å trekke fram som slektningar av Vektlaus. Det same kan vel for så vidt også seiast om den to år gamle visepop-debuten til Kvammen. For han og hans ganske så rikhaldige lag av musikalske kombattantar fører denne gongen opplegget inn i eit rytmisk farvatn som får meg til å tenke på band som New Order og Depeche Mode. Eit farvatn der keyboard og synthesizer er vel så mykje i bruk som gitaren. Lydbildet rommar litt av kvart, kan kallast stort, og har ei ganske så treffsikker popkjensle. Fengande refreng er gjennomgangsmelodien.
47 sekund ut i opningssporet «Ingemannsland» skjer ei essensiell forvandling. Songen som først er ein varleg ballade, der songaren presenterer situasjonen («eg som trudde at me to skulle gå her i lag, men det blei rett og slett ikkje noko av»), blir brått til ein eksaltert popsong. Trommer dunkar inn og eit illevarslande synth-tema melder seg på. Stramt driv den nå av garde, med ein postpunkfaktor i ryggrada. Og refrenget er storarta: «Det er for langt heim frå verdens ende, det er for langt heim utta deg, eg flyg aleine i detta store universet, som ein brennande komet».
Men fortida er eit anna land. Det er Daniel Kvammen sjølv som syng det. I songen som kjem etterpå. Ein særdeles lettbeint poptrave, med subtile strykarar og melodisk velstand. Tittelen er, situasjonen tatt i betraktning, eit ikkje heilt uvanleg forslag: «Om du vil ei gong til». Songaren drar fram både hiphop-artisten Drake og filmklassikaren Tatt av Vinden, og grunnar over alt som skulle vore sagt, ting som skulle ha vore annleis, og slikt.
Seinare vitjar han «Skostredet». Der han syng varleg til ei Marie, i ein song som veks seg ganske så sonisk stor etter kvart. Han syng også ein sår ballade kalla «Me to var ikkje lagd for denne verden», som vel helst handlar om to som ikkje heilt var laga for kvarandre – «Me kan ikkje væra i lag meir, eller så kjem me til å døy». Men songaren formidlar også at han både trur og veit at kjærleiken finst. Han gjer det mellom anna i songen «Gatelangs gjennom sorg og synd». Ein song eg opplever noko meir oppløftande enn det tittelen tyder på. Med sine tydelege Håkan Hellström-avtrykk, sitt allsong inviterande refreng («Oslo, me kræsja inn i mørgosola, Oslo, løft me opp, opp frå jorda») og sin rytmiske fest av ei avslutning byr den vel i grunn opp til dans. Kanskje til og med for moro skyld. Litt i kontrast til albumets første singel der songaren jo hevda at «Me dansar ikkje for moro skyld». Men kanskje mindre i kontrast til avslutningsnummeret sitt bodskap av trøyst og håp, «Det beste venter fortsatt».
Eit billig sluttpoeng kan då bli at kanskje er den beste musikken til Daniel Kvammen framleis ikkje spelt inn. Kanskje har framtida meir å by på. Noko som på ingen måte spenner bein under at Vektlaus er eit popalbum det er veldig lett å bli glad i.
7/10
TIDAL: DANIEL KVAMMEN – VEKTLAUS