The Sadies – Northern Passages

Standard

Framleis like glødande til stades i sitt gjenkjennelege og kjære landskap. 

Bilderesultat for sadies northern passages  Den første songen eg høyrde frå Northern Passages vil eg kalle smått fornøyeleg. It’s Easy (Like Walking) er tittelen. The Sadies har gitt mikrofonen til Kurt Vile. Den soniske tonen er lett slentrande. Absolutt litt sånn i Vile si ånd. Men det er ein Sadies-låt god som nokon. Litt over mot popsida av deira fleirfaldige vesen. Med ein melodi eg raskt tok til meg, og ein tekst med eit lunt smil i seg. «My left hand’s got a permanent air guitar tick» startar Vile, og syng så ein song om både luftgitarspeling, gitarspeling, broderleg samspel, fred og fordragelegheit – «It’s easy like walking».

Songen dukka opp eit par månader før albumet den skulle vere ein del vart sleppt. Eg kom i tankar om at eg har skrive om mang slags band og artistar her inne i Popkroken, men eg har skrive lite om The Sadies. Så godt som ingenting. Ein svikt det der. For med tanke på den solide CV’en dei har å vise til er dei så absolutt verdt å dvele ved.

Kvartetten frå Toronto, Canada har helde det gåande ein tjue års tid nå. Dei har gitt ut eit drygt titals plater som berre The Sadies, i tillegg har dei signert fleire som band for, og samarbeidspartnar med, andre (Jon Langford, John Doe, Andre Williams, Neko Case, etc). Eg har ikkje høyrt riktig alt av dette, men det eg har høyrt, det eg har gjort meg kjent med, er av eit slikt kaliber at det aldri kan karakteriserast som dårlegare enn bra.

Det er på fleire vis noko konstant, noko djupt gjenkjenneleg, over det The Sadies har føre seg på utgjeving etter utgjeving. Frå dei på det Steve Albini-innspelte debutalbumet  Precious Moments presenterte ein vital miks av countryrock, folkrock, surfrock, psychpop og garasjerock er det der dei har halde seg. I det for så vidt fleirsidige landskapet. Men ei gradvis dreiing har nå likevel skjedd. Bandet dansa vel noko kjappare mellom sjangrane, frå fyrig instrumental surf-rock til country-tristesse til garasjebrann, på sine tidlege album enn kva dei har gjort dei seinare åra. Med albumet New Seasons i 2007 dreiv dei nok inn i eit meir kongruent sonisk landskap, ramma inn av om lag like mykje slikt som The Byrds i si tid dreiv på med og slikt som 13th Floor Elevators synst var så attraktivt. Dei reine instrumentale surfrock-låtane som hyppig dukka opp på dei første platene, er det mellom anna blitt færre av med åra.

Gary Louris frå The Jayhawks var hyra inn som produsent på nemnte New Seasons. Han gjentok bedrifta på deira neste reine The Sadies plate, Darker Circles (2010). Til, etter underteikna si meining, eit endå sterkare sluttresultat. Delvis fordi brørne Dallas og Travis Good her kom opp med si sterkaste rekke av låtar. Delvis fordi albumet har ei merksemdsskapande rastløyse i seg. Delvis fordi den er litt mørkare, samstundes som den er litt luftigare. Og så spelar dei vel berre så forbanna bra i hop dei fire. Good-brørne på sine gitarar, som om dei heile tida er midt i ein og same tanke. Medan den dynamiske bass/tromme duoen Sean Dean og Mike Belitsky held groovet rutinert og vitalt i gang.

Tida er ein faktor. I eit lite liner notes bakpå coveret til Darker Circles blir det hevda at «Bands get worse over time; it’s an immutable law». Vel «Not The Sadies» blir det klinkande klart slått fast. Det finst grunnar til å seie seg samd i det. Både i 2010, og også om ein gjer utsagne gjeldande i 2017. For Northern Passages viser seg å innehalde dei sedvanlege cirka 35 minuttane med Sadies-tonar som på slikt mystisk vis kryp innunder hud og bryst og der berre gjer godt.

Tida er ein faktor i mykje av det Good-brørne har sunge om sidan New Seasons. I tradisjonen til låtar som Another Year Again og Another Yesterday Again heiter ein av årets låtar Another Season Again, og er ein garasjerockrøvar med eit sterkt sonisk slektskap til Another Day Again (frå Darker Circles). Ein anna song er titulert The Good Years, og er ei trist lita country-vise om tida og tagnaden som tærer på eit forhold. I det absolutt nydelege akustisk-orienterte folkrocksporet Riverview Fog blir det på si side sunge til ein venn. Med lengt og vennlege ord, og med eit klart ynskje om å snart kunne møtast etter alle desse dagane som så umerkeleg har «passed away, oh yeah».

Det blir også sunge om englar og djevlar og agnostikarar. I det dusemente men storarta livfulle psychrock-nummeret The Element Song blir det hevda at «the angels here among us are no better than the devil», medan vi andre «sing along» på veg mot undergangen. I eit meir sarkastisk lune er gjengen når det i den friske countrylåta God Bless the Infidels blir stilt spørsmål av typen «was it really God’s will for christians to kill all the witches and burn them on a stake?». To songar eg opplever også har eit bodskap som kan tolkast inn i dagens politiske landskap.

Med slike songar, varierte og sterke songar, har eit av dei mest sympatiske banda der ute endå ein gong levert frå seg eit album verdt å ta med seg vidare. Eit slikt eit som er heilt utan flosklar og kjipe kompromiss. Oh yeah.

8/10

TIDAL: THE SADIES – NORTHERN PASSAGES

Picture

 

Kommenter innlegget