Drive-By Truckers – American Band

Standard

Ei handfull sterke historier, og i alle fall éin framtidig Drive-By Truckers klassikar.      7

Bilderesultat for drive-by truckers american band  Ein vårdag i 1931 blei femten år gamle Ramon Casiano skoten og drepen. «And the killer got away» syng Mike Cooley. Drapsmannen sitt namn var Harlon B. Carter. «He had the makings of a leader, of a certain kind of men, who need to feel the world’s against him» syng Cooley om han. Om denne Carter og hans menn. Harlon B. Carter som fleire år seinare stod i bresjen for å gjere The National Rifle Association til den store og sterke forkjemparen for amerikanarars rett til å bere private skytevåpen. Songen ber namnet etter ungguten han tok livet av. Og den drar linjer. «Someone killed Ramon Casiano, and Ramon still ain’t dead enough» konkluderer Cooley, og stirar dagens USA midt i kvitauga.

I februar 2012 blei den sytten år gamle afroamerikanaren Trayvon Martin skoten og drepen av George Zimmerman. Martin var uvæpna, Zimmerman blei frikjent. I august 2014 blei den atten år gamle afroamerikanaren Michael Brown skoten og drepen av ein politimann. Brown var uvæpna, ein storjury avgjorde å ikkje ta ut tiltale mot politimannen.

If you say it wasn’t racial
When they shot him in his tracks
Well I guess that means that you ain’t black

Det er Patterson Hood som slår det fast i ein song om dei siste åras drap på unge svarte amerikanarar. What It Means heiter songen, «what it means?» spør han seg sjølv og dei som måtte høyre på han. Det er ein sterk song. Ein desillusjonert og sint song. «We’re living in an age, where limitations are forgotten» syng Hood, men kva hjelp er det i det når sjølve kjerna er pill roten. Når gamle fordommar blir dyrka og redselen er drivkrafta. Når folk vil at sanninga skal vere redelig og balansert berre så lenge den inkluderer eins eigne førestillingar om korleis alt heng i hop. Det er då det er på sin plass, synst Patterson Hood, å slå fast at «there’s no sunlight in our asses, and our heads are stuck up in it».

Patterson Hood og Mike Cooley og deira fem-mannsbande kalla Drive-By Truckers står med heile sitt soniske uttrykk planta i sørstatsrockens vesen. Derifrå går dei i strupen på rasisme, våpenlova, gromsete sørstatstradisjonar og eit Amerika dei ikkje heilt vil vedkjenne seg. Coveret «prydar» dei med eit semi-svartkvitt foto av det amerikanske flagget på halv stang. Men stridig kallar dei plata for American Band, og eg tenker det ligg ein viss optimisme i den tittelen. Eg tenker den er eit aldri så lite statement om at det finst ein annan veg enn Trump-vegen og Clinton-vegen. Ein veg som nok heller ikkje går dit tradisjonen dei er oppflaska på går.

At gamle ærverdige Lynyrd Skynyrd stadig blir dratt fram når ein skal plassere Drive-By Truckers i ein musikktradisjon er fullt forståelig. I tillegg til den sonisk sett opplagte slektskapen hadde jo også Lynyrd Skynyrd ei sentral rolle på Drive-By Truckers sitt smått legendariske dobbeltalbum frå 2001, Southern Rock Opera. Men der Lynyrd Skynyrd sitt fremste politiske statement vel var den nokså sørstats-romantiserande Sweet Home Alabama, har Drive-By Truckers alltid fremja eit tydelig dualistisk forhold til sørstatane. Dei ber på ein stoltheit, men har ein tydelig antipati mot den reaksjonære biten av kulturen. Noko som vel aldri har komme tydeligare fram enn her på American Band, deira ellevte studioalbum.

For eit år sidan skreiv Patterson Hood ein artikkel for New York Times. Der oppmoda han folket i sørstatane om å gå vidare utan sin nedarva redsel, sine fordommar og si overtru, og utan det splittande sørstatsflagget. Artikkelen blei ikkje berre tatt vel imot. Han held ikkje kjeft for det. Darkened Flags On the Cusp of Dawn heiter den elektrisk råaste songen på American Band.

Country, eller kanskje meir presist countryrock har alltid vore ein viktig del av brygget til Drive-By Truckers. Noko som viser att i fleirtalet av låtane på American Band. I si mest elektrisk drivande (for ikkje å seie medrivande) form i Ramon Casiano. Så er det også slik at underteikna opplever ein og annan låt av dette slaget utover på plata å ha ein litt fargelaus sonisk karakter. Men ikkje What It Means. Det store høgdepunktet What It Means. Som eg allereie har sagt mykje om, men eg føler for å legge til at den har eit særdeles attraktivt melodiske vesen. Eit luftig og ekspanderande eit, der orgelet til Jay Gonzales spelar ei foredlande rolle.

I bakkatalogen til Drive-By Truckers finst det nok betre plater (Southern Rock Opera, Decoration Day, The Dirty South og Brighter Than Creation’s Dark), men det som blir fortalt i song etter song på American Band står opp og fram og dirrar som noko av verdi. I sterk kontrast til det freakshowet av ein valgkamp som for tida er i ferd med å latterliggjere heimlandet deira.

TIDAL: DRIVE-BY TRUCKERS – AMERICAN BAND

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s