Thee Oh Sees – A Weird Exits

Standard

Ein bra dose groovy psykedelia frå ein produktiv fyr og hans medsamansvorne.              7

  To trommeslagarar, ein bassist, og så John Dwyer. Slik er stoda her, på A Weird Exits. Og dei får det til. Eg kan vel ikkje seie anna. Dei får til å skape ein førti minuttar lang rock’n roll-seanse som både kastar seg ut i det frenetiske, driv inn i det kinetiske, og snik seg rundt i det psykedeliske.

At John  Dwyer er med, er i sentrum, er den drivande krafta, når det kjem musikk frå Thee Oh Sees er jo berre slik det skal vere. Det er hans prosjekt. Frå han kalla det OCS (utan å komme opp med ei eintydig forklaring på kva dei tre bokstavane stod for) og dreiv å sysla med instrumentell musikk ganske sånn på eiga hand, og til det blei meir eit bandprosjekt og via nokre mellomstasjonar blei til Thee Oh Sees.  A Weird Exits er noko slikt som Thee Oh Sees femtande utgjeving i løpet av ein tiårs-periode. Produktivitet der i garden altså. Noko som vel John Dwyer først og fremst må tildelast ansvaret for. For kven andre som er med og spelar i bandet har vore under stadig endring.

Ei omfattande endring i dei soniske tilhøva har ikkje Dwyer føretatt undervegs. Det meste som er å finne på dei femten platene kan det nok forsvarast å kalle psykedelisk garasjerock. Men når det er sagt, så er det ikkje stillstand som er karakteristisk for det Dwyer driv med. Nei, han og hans medsamansvorne beveger seg så definitivt både i hjerta av og i ytterkantane av sjangeren. Noko som så definitivt også er tilfelle med A Weird Exits.

Det er ei variert plate i grunn. I positiv tyding. Med eit sterkare fokus på rytmikk og det dansbare enn kva som har vore vanleg frå den kanten. Dei to trommeslagarane blir altså godt nytta, og bassist Tim Hellmann driv fram sine saker ganske så sentralt i lydbildet.

To av låtane er heilt utan vokal. Jammed Entrance står fram som ein krautslektning. Dyrkar monotoni på ein hengslete og ikkje heilt trufast måte, med synth-syre og ugode akkordar. Unwrap the Fiend pt. 2 er på si side ein meir vennlig ambientslekta sak.

Halvparten av dei åtte låtane på plata går ganske så frontalt og hardt til verks. Ticklish Warrior og Gelatinous Cube i eit hard rock møter grunge landskap. Medan Dead Man’s Gun og Plastic Plant, i all si skingrande prakt, har eit meir funky og medrivande hjerte. Det i takt med at det frå munnen til Dwyer blir formidla, tilliks med det eg oppfattar som ein gjennomgåande tone på plata, nokså desperate meldingar om tilstanden kring oss. Slike som: «Exercise in slow erasure, human kind and earthly nature, smoldering the ashen claw, closes all the exit doors».

Til slutt på plata kjem det så to spor som roar tempoet ganske så merkbart ned. Crawl out From the Fall out og The Axis som dei er titulert har ei samla speletid på fjorten minutt, så dei tar sin plass. Og dei ettergjer eit visst inntrykk. Særlig undergangsstemningslåta Crawl out From the Fall out, der den sig fram langs ei suggererande cello-drone (spelt av Greer McGettrick, så det er altså litt fleire deltakarar her enn eg antyda innleiingsvis). Sig fram, etter eit lite minutt med nennsam cymbal-kræsjing, i ei døsig form som ikkje har eit typisk Dwyer-stempel. Vokalen til Dwyer på låta har nærast ei vever form. Noko den vanlegvis ikkje har, sjølv om den oftast er å finne såpass langt bak i lydbildet at det er ei utfordring å fange opp kva mannen har å melde. Tydeligast er røysta hans i The Axis. Der den i malmfullt slag spør «don’t you know how much I don’t love you?», og deretter held fram med å brenne dei fleste bruer. Medan saftige orgeltonar fyller bildet, heilt fram til ein gitar tar fyr i avslutningsminuttet. På ei bra Thee Oh Sees plate, i ei lang rekke av slike.

Plata er ikkje lagt ut på streamingtenestene Tidal og Spotify.
Thee Oh Sees ser helst at lyttarane invisterer i eit fysisk format.

Thee Oh Sees – A Weird Exits

Og kjem på konsert:

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s