Kyle Craft – Dolls of Highland

Standard

Ein stad mellom Glam og Dylan hiv Kyle Craft seg ut i det.                                                       7

  Ein noko mutt fyr eg aldri har høyrt om før stirar mot meg frå coveret. Kva er no det for ein måte å ynskje folk velkommen på, tenker eg. Skal eg verkelig lytte til deg? Nei, slår eg fast, og plasserer plata utafor sidelinja. Der ligg den i fred, nokre veker. Men eg er ikkje urokkelig, og tittelen er jo slett ikkje heilt umulig, ja eg er vel beint fram litt nysgjerrig på kva som kan skjule seg bakom den. Så ein ettermiddag lar eg mutt vere mutt og går for Dolls of Highland. I sekundane som no fylgjer trillar utemde pianotonar inn og utav ei innleiing som virkar å vere på veg mot noko. Etter tjuefem sekund startar fyren å synge. Han mutte. Og han syng om ei kvinne, ei vill ei, ei farlig ei. Dotter av ein demon og ein djevel. Ei uimotståelig ei. Eye of a Hurricane er tittelen, på songen, på denne historia, om kvinna, og han som brenn seg på henne. Den endar opp nede i katakombane ein stad med  søte kyss og kalde forbanningar. Eit stykke forbi det eg vel vil kalle mutte tendensar.

Kyle Craft hiv seg inn i songen utan blygsel, både den første, den andre, den tredje, ja samfulle tolv på dette debutalbumet sitt. Han syng som om det skulle vere den siste gongen han fekk lov til det. Heilt innanifrå. Uskolert, kraftfullt. Absolutt ikkje heilt som Dylan, men litt som Dylan likevel. Tenorutgåva. Så kanskje meir som Ezra Furman. Men mest, klart mest, som Kyle Craft frå Shreveport, Louisiana, no busett i Portland, Oregon, med platekontrakt hos SubPop.

«I tried, my girl, to put you in a song» syng Craft ein stad på plata. Vel, det er ikkje slik at han berre prøver, han fullbyrdar det også. For det er minst éi kvinne til stades i kvar einaste song på plata. Ja ikkje berre er dei der, dei regjerer kvar ein song. Kanskje ikkje då så rart at det også var ei kvinne, eller kanskje meir korrekt mangelen på ei, som var årsaka til at Kyle Craft starta å skrive desse songane. Det er i alle fall slik eg har registrert han fortelje det sjølv. At då han budde i Shreveport, hadde han eit lengre forhold til ei dame. I åtte år, fortel han. Men så ein dag var det over. Og Kyle Craft måtte angripe livet litt annleis. Musikk hadde han så langt putla litt med, men ikkje i utstrekt grad. No starta han gjere det. Flytta nordvestover, skreiv songar, spelte rundt omkring. I nokre år. Til han altså no i ein alder av 27 år debuterer på den gamle grunge-labelen, med eit album der han spelar det meste sjølv, både gitarar, orgel, piano, trommer, bass og meir til.

Ei anna skilsettande oppleving, i fylgje Craft, fann stad ei god stund tidlegare. Før den åtte årige historia med kvinna. Den opplevinga handla om ei plate, ei samleplate av David Bowie, som unge Kyle ein dag kjøpte på den lokale K-Mart. Ei plate som skulle vere med å dra han i ein retning. I den retninga han gjer seg til kjenne på Dolls of Highland. Som ein uekte son av Ziggy Stardust. Men ein son som ikkje diskvalifiserer sin eigentlige oppvekst ved Mississippis breidder. Og som heller ikkje legg skjul på at Bob Dylan-tonar har forfylgt han i mange år.

«Well the gloom girl sank her teeth into the backbone of the night» er den første linja Craft syng i songen Gloom Girl. Og eg høyrer meir enn eit vagt ekko av Dylan når Craft ikkje lenge etter fylgjer opp med «her breath filled up the back room where the lonesome man was lost». Med slike ord og linjer, slike som absolutt set spor etter seg skildrar han «a sad show» blant sjeler som aldri rakk den siste bussen. Slektningar av desse sjelene dukkar for så vidt opp i fleire songar på plata. Det går vel an å seie at det er ei slik plate. Ei som vitjar den sida av livet. Der kjærleiksforhold og andre mellommenneskelige forhold er blitt ganske så kludrete. Lady of the Ark heiter ein av desse songane.  Ein av dei beste. I tiltrekkande melodiske strofer blir det her fortalt ei historie om to som har ein ganske så destruktiv innverknad på kvarandre, og der ho, Lady, endar opp «defeated, torned between the devil and the holy ghost». Jane derimot, Jane går i kamp med the Reaper. I den kanskje aller sterkaste songen på plata (Jane Beat the Reaper). Nektar å la han øydelegge festen. Men det er ein smertefull kamp, det er sjølve livet. Craft viser henne all den sympatien han kan hente fram, med partypiano, orgeldriv og den i alle fall litt oppløftande konklusjonen «no one takes the party from Jane».

Og eg tar ikkje i frå Kyle Craft at denne debutplata hans er eit aldri så lite party den også. Det er den.

TIDAL: KYLE CRAFT – DOLLS OF HIGHLAND

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s