Beyoncé – Lemonade

Standard

Ei samling sterke songar som går vegen frå kneståande fortviling til glødande styrke.   8

  Heilt til slutt i songen Freedom, i det den vel eigentlig er ferdig, kan vi høyre bestemora til Jay Z, Hattie White, fortelje at ho har hatt sine oppturar og nedturar, men at ho alltid klarte å finne ein indre styrke sterk nok til å dra henne opp i ståande stilling, «I was served lemons, but  I made lemonade» seier ho med eit smil om leppene. Ein uttale som fangar essensen i det konglomerat av meldingar og heite tonar som Beyoncé presenterer på sitt sjette album. Så derfor har ho høvelig nok kalla det for Lemonade.

Styrke, indre styrke, kvinnelig styrke. Det er det det handlar om. Frå det startar i fortviling, i kneståande, med spørsmålet «what are you doing my love?», i det elegiske opningssporet Pray You Catch Me. Til dama i groovy og energiske former syng stolt om sitt eige opphav og afro-amerikanarar generelt i avslutningssporet Formation.

Det er sagt at plata handlar om eit ekteskap. Det er sagt at den handlar om Beyoncé og Jay Z sitt ekteskap. Eller meir korrekt, kva utroskap kan gjere med den såra parten i eit ekteskap. Beyoncé og Jay Z sitt ekteskap? Nei, eg veit ikkje om det handlar om deira ekteskap. Det er uansett heilt underordna. Det eg veit, fordi eg høyrer det, er at Beyoncé får fram korleis det kan vere å kjenne sviket. Korleis den svikta dveler med det, men ikkje blir lamma av det. Korleis ho går løypa frå avsløring via sinne til ho tar eit steg til sides viser fingeren til rotenskapen og går vidare. Eg trur eg vil kalle Lemonade for både den såraste og den røffaste plata til Beyoncé.

Lemonade landa, slik plater av og til gjer no til dags, ganske så uventa og brått på ei strøymeteneste nær meg. I denne samanhengen på Tidal, sidan Beyoncé nå ein gong er medeigar av den tenesta. I dagane som fylgde blei plata omfamna og snakka glødane om i omtale etter omtale etter omtale. Og når musikkskribentar rundt om kring på internett i desse midtsommarsdagar driv og lagar lister over dei beste platene så langt i år, ja så noterer eg meg at Lemonade går igjen og igjen og igjen. Eg ser ikkje nokon grunn til å gå hardt ut i mot det. Til det gnistrar det for mykje av plata. Og så er den eit album, eit slikt som funkar best om det blir spelt frå første til siste tone nett slik det er sett saman. Noko eg gjer utan å kjenne på skippetrong, for direkte svake låtar finst ikkje her (sjølv om det halvegse countryforsøket Daddy Lessons ikkje er det heilt store).

Men det er låtar her som er sterkare enn andre. Eg finn dei fleste av dei i første halvdel. Og aller mest finn eg Hold Up. Ein luftig og spartansk orkestrert låt. Nøysam og funky. Eit trip hop nummer. Eit grasiøst eit. Med songaren heilt fremst i bildet, og derifrå vil ho gjere det fullstendig klart: «What a wicked way to treat the girl that loves you, Hold up, they don’t love you like I love you». Ho gjer det med noko eg meiner må vere eit sjølvsikkert glimt i augekroken. I eit raffinert refreng spør ho så seg sjølv «What’s worse, lookin» jealous or crazy?», og kjem kort etter opp med svaret: «I’d rather be crazy». Og dermed slenge ho baseball-kølla over skuldra og går rake vegen mot nærmaste bil. Father John Misty har vore med å skrive låta. Ezra Koenig frå Vampire Weekend står oppført som medprodusent. Og ja, eg anar spora av dei begge.

Mange andre, både mindre kjente og temmelig så kjente, musikarar og låtskrivarar deltar også. På Hold Up, og på andre låtar. The Weeknd deltar på det basstunge og funky suggererande nummeret 6 Inch. Ein song der Beyoncé slår eit slag for hardt arbeid, at det kan føre til rikdom, og at den er fortent. Ein song der også Animal Collective-låta My Girl blir vevd inn. I Don’t Hurt Yourself er det på si side Led Zeppelin-låta When the Levee Breaks som spelar ei rolle. Som blir sampla inn i opplegget. Eit opplegg som Jack White er sterkt involvert i. Som både låtskrivar, bassist og songpartnar. Albumets råaste nummer. «Who the fuck do you think I am? You ain’t married to no average bitch boy» slår Beyoncé fast innleiingsvis og går så inn i det med ein snerr og eit bitande sinne og ein ukultivert stemmebruk. Og virvlar opp emosjonar i fri flyt. Slik det for så vidt blir gjort fleire stader på albumet. Kanskje ikkje i fri flyt, men i alle fall sterkt til stades er emosjonane i albumets smertefulle soulballade Sandcastles. Medan Sorry er det elektronika orienterte soulnummeret som dreg fram vise-fingen motivet og slett ikkje ber om orsaking.

Orsaking blir det vel heller ikkje bedd om i Freedom. Songen der Kendrick Lamar dukkar opp med eit inspirert vers, men der Beyoncé utan tvil spelar hovudrolla. Eit forrykande og fengande nummer. Eit manifest om svarte kvinner, til svarte kvinner. Om å kaste lenkene, og «keep running, cause a winner don’t quit on themselves». Og du verden som orgelet grev djupt.

Så slik, med slike låtar, har Beyoncé miksa i hop ein Lemonade som verkelig smakar. Smakar av sterke kjensler, indre styrke, og ein frilyndt og medrivande r&b-musikalitet.

TIDAL: BEYONCÉ – LEMONADE

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s