Stillferdige songar smyg seg tett innpå. 7
Varleg og dvelande kjem den, og driv den av garde, opningssongen. 7 minuttar og 40 sekund brukar den, på å gjere seg ferdig. Det er heilt greitt, at den brukar tid på det altså. For eg kjenner i grunn aldri på noko behov for at den skal gjere seg ferdig. It’s Clearing Now heiter den. Og om eg skal seie det enkelt så seier eg at den er vakker. Skal eg seie det vanskeligare må eg bruke litt fleire ord: Gitaren er akustisk, det blir ikkje spelt komplekse tonar på den, det som blir spelt har meir ein rytmisk funksjon. Den kjem inn etter at nokre pianodråpar forsiktig har landa. Etter kvart melder det seg på litt sordinert gnissing frå ein fiolin, og heilt vag tromming. Men framføre alt dette, og heilt sentral, er røysta til Brigid Mae Power. På eit reint og flytande vis grip ho fatt i orda, gjer dei meining og melodi, i eit melankolsk sinnelag. Ho syng om hav og bølgjeslag og ein stad ho bur. Galway i Irland vil eg tru. Der ho har budd frå ho var tolv år og fram til heilt nyleg. Ho syng om sin «romantic mind» og kjærleikslukka som ikkje heilt har treft henne. «But it’s clearing, clearing now» syng ho. Og heilt mot slutten: «I have some peace inside of me».
Denne sjølvtitulerte plata, utgitt på den amerikanske labelen Tompkins Square, er ikkje det første Brigid Mae Power har gjort av musikk. Om ein kikkar innom hennar Bandcamp og Soundcloud sider er det ein del å finne. Og om ein høyrer på det, ja så høyrer ein songar spelt inn under lo-fi-tilhøve. Heime i stova, utandørs, eller i ei lokal kyrkje. Hennar einaste tidlegare albumutgjeving sneik ho seg visstnok i stille morgonstunder inn i St. Nicholas Church og spelte inn. Albumet har høvelig nok tittelen I Told You the Truth, og er ei spartansk folkplate, med litt fugleskrik og motordur i det fjerne.
For eit drygt år sidan gjorde Brigid Mae Power eit par oppvarmingsjobbar for den amerikanske singer/songwriteren Peter Broderick. Noko som i neste omgang førte til at han inviterte henne over til Portland, Oregon til å spele inn songar i studioet hans der. Slik blei det også, og slik blei plata til. Ei plate med åtte songar som alle vandrar i det dvelande sporet som opninga introduserer. I ein tone som, om eg skal finne fram til eit par medsøstrer, kan minne litt om det tidlegaste eg høyrte frå Angel Olsen og Sharon Van Etten.
Ei intim affære, med visse sfæriske element. Der det aldri blir tatt i bruk flust av instrument. Eit piano, og berre det, i Sometimes. Ein song der Brigid Mae Power fabulerer kring det å vere åleine versus å vere to. I ein annan song der pianotonar er einaste akkompagnement er det definitivt to aktørar i teksten. Ei mor og eit barn. Som Brigid Mae Power sitt mellomnamn skulle tilseie så er ho mor. Ei einslig mor. Ho syng om det på gripande vis i Lookin’ At You In a Photo. Ho stirer på fotografiet, og minner strøymer på. «You were so happy» syng ho, men «I was so tired and lonely». Ho luftar eit dårlig samvit, og ein forelder si tilkortkoming, før siste håpefulle linje kjem flytande: «we came through it sweetheart».
Eit einslig pumpe-orgel er med og formar songen Let Me Hold You Through This til noko som kan minne om ei tilårskomen salme. Og bakom, eit par meter bakom, sitt Peter Broderick og syng med. Syng med gjer han i éin song til på plata, avslutningssporet How You Feel. Då sitt han litt nærare, og det blir plukka fint på ein akustisk gitar, og det handlar om å endre seg, og det er vemodsvakkert og håpefullt, og siste linja lyde «I feel safer than I ever have before».
Antibråk, men ikkje utan kraft.
TIDAL: BRIGID MAE POWER – BRIGID MAE POWER