Woods – City Sun Eater In the River of Light

Standard

Sol og groove og jazzkrydra pop-psykedelia.                                                                                   7

 For andre gong har Woods vitja eit skikkelig platestudio for å spele inn eit album. Sitt niande album. Det er altså ikkje noko dei har hatt for vane å gjere (å spele inn musikk i platestudio). Det var når dei skulle til med si førre utgjeving, With Light and With Love, at dei gjorde det for første gong. Tok inn på denne, litt breiare vegen. Men Woods har ikkje nytta høvet til å legge seg trygt og danna midt i vegen (berre litt innimellom). Dei dreg inn nyare oppdagingar og inspirasjon frå både omkringliggande og fjernare trakter. Utan å kødde sitt eige vesen for mykje til. Dei er så absolutt og først og fremst Woods slik vi kjenner dei. Låtskrivar og songar Jeremy Earl si noko nyansefattige og begrensa falsettrøyst må nok bli vurdert å vere ein faktor som til dels sørger for det. Den driv liksom ikkje særlig langt utafor si komfortsone. Ei komfortsone som handlar om varme og sympatisk melodiføring i ein popmelankolsk solnedgang med mykje behag i seg. Så eg slit med å bruke begrensingane så veldig imot Earl, eg gjer det.

Det disige som var der før i tida har dei lagt frå seg i studioet, og så har dei vel polert tonane ein tanke meir. Men den psykedeliske faktoren har dei ikkje svikta. Særskilt er den der i eit groovy jazzlynne som pregar fleire av låtane, dei beste låtane.

Blåsarar har ikkje vore ein faktor på tidlegare Woods-plater. Det er det på City Sun Eater in the River of Light. Saksofon, trompet og fløyte, ifrå eit band som denne gongen er eit sjumannsband. Dei vanlige skuldige: Jeremy Earl og Javier Taveniere. I tillegg trommisen Aaron Neveu og tangentist John Andrews, som begge også var med på førre plate. Heilt ny inn, i tillegg til dei to blåsaransvarlege Alec Spiegelman og Cole Karmen-Green, er Jon Catfish Delorme på pedal steel. Saman har dei koka i hop noko som spenner frå det tilbakelena og milde til det meir offensive og temperamentsfulle.

Dei tre høgdepunkta, for det er tre høgdepunkt her slik eg ser det, er dei tre lengste, og sonisk rikaste, låtane på plata. Seks minuttar lange Sun City Creeps, nesten seks minuttar lange The Take og nesten fem minuttar lange Can’t See At All.

Plata har ikkje noko tittelspor men opningssporet Sun City Creeps kan kanskje sjåast på som å vere i nærleiken av eit slikt. I alle fall er det ein rett så fantastisk smeltedigel av ei låt. Her er det mykje, her skjer det mykje, samstundes som låta heile tida held seg trygt og groovy på skinnene. Det ligg ein jazzrytmikk der (inspirert av etiopisk jazz i fylgje bandet), blåsarane er sydande, Earl hiv seg i ein gitarsolo av det brunstige slaget, og det er sveitt og det er funky, men samstundes noko for ein lat sommardag – «we fall into love, take as we go».

The Take kjem med handslegne bongotrommer og ein jazzbassgang som grev seg fast. Rundt svevar og virvlar blåsarane, medan Earl helsar solskinnet og syng om å «get lost in each other». Idet låta nærmar seg tre og eit halvt minutt kjem det eit skrik og ein aldri så liten eksplosjon skjer, tempo og lydstyrke ekspanderar, og taket, som sjølvsagt alt er festa, blir endå sterkare.

Can’t See At All har eit par av albumets aller mest fengande melodilinjer. Like viktig: den er ein sumpete og saftige rakkar av reggae- og dubslekt, med wah-wah gitar og eit attråverdig orgeldriv.

Kva hovudskallen gjer på coveret burde eg sikkert la vere å ytre meg noko særlig om. Men eg ser no på tittelen. Den lange tittelen. Og eg ser på bildet, på skallen, og den skarpe gulfargen rundt den, og eg høyrer Earl synge om sol og vær og årstider og gjentakande draumar om solnedgang, og så funderer eg på om klodens klima kan vere eit tema her. Kanskje, kanskje ikkje. Men heilt sikkert er det at dei blar opp ein song som heiter Politics For Free, ein rett så fengande sak. Heilt utan agiterande verselinjer, men med eit refreng som kanskje seier sitt, i alle fall eit eller anna: «Constellations in the summer sky, In a world of shit, Let’s tune out». Noko meir grumsete og utydelig er det kva som blir formidla i I See In the Dark, men at den har eit godt krautgroove og litt uregjerlig gitarutøving som så absolutt er på sin plass det har den. I eit motsatt sonisk hjørne høyrer eg Morning Light, ein folkpopsong med vennlige steelgitarlinjer og eit ganske så elskelig vesen.

Snart er det sommar og slacke tider, og dette er heilt sikkert ei plate som blir med meg dit.

TIDAL: WOODS – CITY SUN EATER IN THE RIVER OF LIGHT

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s