Livet er elektrisk og groovet gløder. 7
Platecoveret. I desse streamingtider spelar kanskje ikkje coveret lenger den same rolla som det gjorde den gongen då eit album vart utgjeve i vinylformat, og berre det. Men eg legg no merke til platecoveret på den nye plata til Savages like fullt eg. Ei knyta hand. For så vidt ein klisjé det, om kamp, motstand og styrke. I små bokstavar ved sida av står bandnamnet, og platetittelen. Adore Life. Ikkje med utropsteikn, ikkje som ei formaning, ikkje som ein manifestasjon slik bandet ganske så pompøst nytta coveret til på debutalbumet sitt Silence Yourself. Heller litt tilbakehalde står dei to vesentlige orda der, ved sida av den kraftfulle armen. Litt i stil med Jehnny Beth sitt varlige spørsmål «Is it human to adore life?». Som ho stiller i den dempa balladen som berre ber tittelen Adore. Ein vakker song der Jehnny Beth og Savages omfamnar livet.
Og i sentrum av livet finst kjærleiken. Det er den, og først og fremst den, Savages behandlar her på sitt andre album. «If you don’t love me, you don’t love anybody» proklamerar Beth innleiingsvis. Ho gjer det i front av ein elektrisk lydvegg, eit massivt groove. Ho konstaterer også at «love is The Answer» under desse soniske tilhøva. Ho talar om død og galskap, men høgast om sjansane for ei strålande framtid. Og gitaren, og bassgitaren og trommene er ei rå kraft. Slik dei også er det når Beth presenterer ein Sad Person. Ein elskar, men også seg sjølv, og slår fast (slik bortimot ein samla menneskeheit har gjort før henne) at «love is a disease, the strongest addiction I know».
Då Londonkvartetten Savages albumdebuterte i 2013 var det så avgjort i åtaksorienterte former. Gitaren var kvass, groovet merkbart, og Beth song om kjærleik og lidenskap i balansegangen mellom smerte og forløysing. I ordelag som fekk fram førestillingar om eit truande mørke, og få lysstrimer. Er det ikkje litt annleis denne gongen spør eg meg. For all del, gitaren er like kvass, Gemma Thompson sin gitar. Og groovet, ja groovet, rytmikken gestalta av Fay Milton med trommestikkene, og ikkje minst av bassgitaren til Ayse Hassan, som er langt forbi merkbar, som tar bustad i meg, det er minst slik det var sist. Men det er noko med tonen i orda til Jehnny Beth. Renn det ikkje meir lys over dei? Tenderar dei ikkje mot å vere smått livsbejaende? Jo, og med platetittelen i mente hadde det vel vore reint lureri om det ikkje hadde vore slik.
Men lureri er det ikkje, for Savages driv ikkje med lureri. Dei veit kva dei driv med, dei veit kvar dei vil og kvar dei skal. Tilfeldigheiter har eg inntrykk av at det er minimalt av her. Improvisasjon og tåkete tilhøve likeså. Dette er kraftfull og konsis rock’n roll med eit punkhjerta, for ikkje å seie postpunkhjerta, som livgjevande utgangspunkt. Men altså utan at dei kastar alle hemningar over bord og lar det stå til. Det er noko definitivt gjennomtenkt over støyen dei lagar. Som døme på kva dei kan få seg til å gjere for at songane skal sitte, bør det vel nemnast at bandet i forkant av plateinnspelinga gjorde ni konsertar i New York. Der dei berre spelte nytt materiale, for å teste det ut, kjenne på reaksjonar, og så flikke og ordne det til frå det utgangspunktet. For dei ynskjer å treffe sitt publikum. Med kalkulert presisjon, spør du kanskje? Eller var det eg som spurde? Eit forsøksvis svar blir i alle fall noko slikt som at «det kan godt hende, og det kan også godt hende at dei er i overkant pretensiøse, og at dei smiler for lite, men at det gjer meg svært lite, så lenge dei treff, og her finst det låtar som treff, ikkje samfulle ti, men i alle fall ein god halvpart».
Er det ei endring i dei soniske forholda sidan debuten så må det vere at det låte litt lausare og ledugare denne gongen. I alle fall på nokre spor. Adore er nemnt, og er ein av desse. Slowing Down the World ein annan, med sitt elegante gyng og sitt knurrande begjær. Eg kunne føye til den temposkiftande punklettvektaren TIWYG («this is what you get when you mess with love») også, eller den noko rotete Surrender, men då er eg vel over på låtar som eg ikkje finn den heilt store hugnaden for. Slike songar, slike eg ikkje finn hugnad for altså, er det kanskje litt fleire av på Adore Life enn på Silence Yourself. Noko som nok fører til at albumet, sjølv om det på mange vis virkar meir tiltalande på meg enn debuten, ikkje sprakar like kontinuerlig intenst i mellomgolvet. Men sprakar gjer det.