Frå avdelinga «nyare postpunk det gnistrar litt av». 7
«Why does it shake?» spør songaren, i eit essensielt spor mot slutten av plata. Eit for så vidt relevant spørsmål det, av fleire grunnar. Rundt han går det føre seg. Ein rytmeduo gjer det tett og med driv. Dei er på på på. Ein gitarist serverer sakene dirrande med desorienterte tonar. Han er her her her. Og songaren syng om både evig ungdom og kroppslig og mentalt forfall. «I’ll be the first to never die» syng han, «nice taught» legg han lakonisk til. «Why does it shake – the body, the body, the body – Why does it move – the fear, the fear, the fear» gjentar han fleire gonger i songens siste fase. Medan energien rår i klassisk postpunkmodus. I det der feberherja lendet mellom Joy Division og Pere Ubu.
Joe Casey heiter songaren som spør og formulerer seg slik. Hans dunkle barytonrøyst har sin tumleplass hos Detroit-kvartetten Protomartyr. Der den ikkje fer i all slags retningar, men ytrar sin tvitydige dysterskap i eit ikkje spesielt vidt leie ein stad mellom song og snakkesong. Men effektfullt nok. Ordet effektfullt går det an å henge som merkelapp på gitarspelet til Greg Ahee også. Tonalt eller atonalt. Mest det siste. Der det i råskap flyt, brenn og herjar.
Bandnamnet som kvartetten har plukka opp frå tidleg kristen tid, handlar om liding, død og sterk overtyding. Kor deskriptivt dette er for songane til bandet er eg noko usikker på, men dei har så avgjort i langt større grad sitt utspring i det grublande og mørksindige sinnelaget enn i det lyse desse songane, så heilt malplassert er det vel ikkje. Platetittelen, The Agent Intellect, er henta frå Aristoteles, og handlar om interaksjonen mellom intellektet og eins oppfatning av eigen identitet. Eg har inga klokkeklar formeining om korleis dette korresponderer med dei tolv songane på plata heller. Sånn bortsett frå at i den grad eg klarar å sense kva Casey syng om så handlar det mykje om det evige slitet å forstå seg sjølv og ikkje minst andre. Altså, at ein stort sett ikkje forstår så mykje, og at ein viss resignasjon då fort kan bre om seg.
Som når Casey i Dope Cloud gjer eit mantra utav linja «that’s not gonna save you man», eller i Pontiac 87 hevdar at «there’s no use being sad about it», eller hardnakka påstår i Clandestine Time at «they don’t see us, us, us, us, us …». Og ikkje minst når han i den absolutt sviande energiske, men samstundes ikkje så reint lite fengande, I Forgive You, trør til med dette refrenget:
What’s the matter with you?
Why you keep on making that mistake?
I forgive you
But I feel it’ll happen all again
Noko annleis er det med Ellen. Den over seks minuttar lange, og smått episke, songen Ellen. Der ein død mann sender, frå sitt hinsidige tilvære, eit kjærleiksbrev til si levande men sterkt demente kone. Dei to er Joe Casey sine eigne foreldre. Songen er ikkje utan gripande potensiale, men sentimental er den ikkje.
The Agent Intellect er Protomartyr sitt tredje album på tre år. For når snart førti år gamle Joe Casey endelig tok steget inn i eit rockeband var det sjølvsagt ikkje tid for å lene seg tilbake. Då blir det til at produktiviteten glødar, og jammen er det ikkje fritt for at tonane gjer det også.