Fjorden Baby! – Oh Yeah!

Standard

Med koking og loking og det som meir groovy er skapar bergensbanden gode tilstandar inne i kroken. 7

 Då er ikkje Tryllefløyten lenger berre ein opera av Mozart. Då er Tryllefløyten også ein norsk popsong. Ein ganske så storarta ein. Smidd i vinnande melodiske former, virvla inn i boblande og flytande synth-straumar, og tilgodesett eit varmt groove. Men utan at songaren av den grunn finn det opportunt å synge om varme ting. Sånn lettare flegmatisk, noko nedtrykt og smått arrogant gjentar og gjentar (og gjentar) han at han «har bagasje med». Og slik eg forstår det kunne han gjerne tenke seg å bli kvitt noko av denne bagasjen. Han vender seg i alle fall til både lege, terapeut og ei kvinne, og han spør «kan eg forandre meg, kan du forvandle meg, til en an person, er det en konspirasjon?». Rim og ordspel, skarrande r’ar og fiffige vendingar er i omløp. Kontrastar gjer seg til kjenne, tonane har dansen i seg, og Fjorden Baby! har signert tre minutt og femtito sekundar som vel kan vise seg å bli ein liten norsk popklassikar (i alle fall her inne i kroken hos meg).

Oh Yeah! heiter plata der Tryllefløyten er å finne. Bergenskvintetten si fjerde plate. Den er ikkje dårligare enn det beste dei har gjort av slikt før (les Fjordkloden (2013), les Se Deg Rundt i Rommet (2011)). Det finst altså fleire songar enn Tryllefløyten som gjer susen her, ja jaggu gjer det det.

Har En Drøm syng Sturle Kvilekval frå ein noko annan stad enn det Jørn Hoel gjorde. Ein ganske så motsetnadsfull stad. Der refrenget representerer harmonien, samsongen og varmen, medan dei to versa er av det sleipe slaget, slike som «henger der på hjørnet og venter på at noe skal skje». Ferdigkokt blir det noko slikt som tre minuttar med groovy poplist. Eit ord eg heller ikkje finn det heilt framand å nytte om songen Igjen og Igjen. Albumets førstesingel, med John Olav Nilsen som duettpartnar til Kvilekval. I ein ganske utstrakt leik med klisjear, ordspel og skuldspørsmål naglar dei to ein temmelig fengande sak fast i øyregangane. Vel og merke med særdeles god hjelp frå eit lettspelande band, og spesielt synth-maestro Nam Phoung Nguyen. Hans leikne og lette psykedeliske strøk er heilt avgjerande for låtas utkome (for fleirtalet av dei andre låtane på plata også forresten).

Bandet har på ingen måte stega utav terrenget dei har helde til i sidan dei første gong let høyra ifrå seg. Dei er framleis sjelefrendar av The Aller Værste, og dei har sine anglofile trekk, frå Clash sine meir dubprega steg til Madchesterbølgja sin rytmiske kok og medrivande arroganse. Men mest er dei jo seg sjølve då, smidige og melodiske, og med ein elastisk evne til å variere sitt eige uttrykk ut i mang slags retningar. Frå opningssporet Sigøyneren sin skurrande gitarlyd til røffe elektropfunk-fakter a la Primal Scream i Slangetemmer. Sistnemnte med eit rapvers frå Store P.

«Igjen og igjen og igjen og igjen» lyde refrenget i ein allereie omtalt låt. Og slik er det med mange av songane til Fjorden Baby!. Linjer blir gjentatt. Nokre gonger ein gong, som ei slags poengtering, andre gonger meir utstrakt, i pop-allsongens teneste. Det flotte med det er at songaren (i alle fall nesten) alltid klarar å få det til å funke som ein uttrykksfull mani. Det repeterande finst der i groovet også. Saman med ein dansande og lettbeint kåtskap. Eit groove som kanskje ikkje har vore feitare på nokon Fjorden Baby! plate enn det er på denne. Og som gjer sitt til at sju av ti låtar bringer eit glis fram i ansiktet mitt.

TIDAL: OH YEAH!

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s