Daniel Romano – If I’ve Only One Time Askin»

Standard

Country på gamle måten anno 2015: Trist og friskt.                                                                          8

  Ganske så håplaust, det er vel i grunn det det er. Dette som Daniel Romano har føre seg på denne plata si. Country frå forne dagar, og kjærleik som bukkar under i låt etter låt. Lindrande omstende er vanskelig å finne. If I’ve Only One Time Askin’ er tittelen, og angeren som osar av det utsagne kan vel seiast å vere ganske så karakteristisk. Bitre kjensler florerar og nåden har dratt sin kos. Men, forunderlig nok, dei står oppreist desse songane, jaggu gjer dei det.

Det er ikkje aller første gong at canadiske Daniel Romano gjer ut plate. Det er vel noko sånt som fjerde gongen, under eige namn. Før det, før han tok sitt eige namn i bruk på denne måten, sysla han litt rundt med andre ting. Han spelte nokre år punk i eit band kalla Attack In Black. Countryvegen svinga han inn på i 2009 som ein tredjedel av den obskure og kortlevde trioen Daniel, Fred & Julie. Året etter satt han så heime i sitt eige private studio og laga si første plate under eige namn. Han hadde pådratt seg ein del kjipe erfaringar frå musikkindustrien, og i god ironisk ånd kalla han plata for Workin’ For the Music Man. Den blei ingen hit. Det kan ein vel ikkje seie at platene som har fylgt i åra etter har blitt heller. Men eit visst rykte, eit visst renommé, har han klart å skape seg. Forståelig nok.

Det kan tyde på at Romano framleis er av den oppfatning at sjølvgjort er mest velgjort. For det er i heimestudioet at denne fjerde plata er blitt til også, og det aller meste av lyd ein kan høyre er det Romano sjølv som står for. Men nokre andre har han då slept til. Eg kan høyre ein steelgitar her, eit trekkspel der, litt fele, nokre pianotonar, og så litt vokal korings-assistanse. Ikkje heilt ukjente Caitlin Rose er ein av dei vokale bidragsytarane.

Eg høyrer Caitlin Rose i Strange Faces. Men kanskje like viktig: eg høyrer eit medfølande trekkspel. I ein melodisk smidig og raffinert countrylåt. Kanskje den beste på plata. Med ein mildt sagt desillusjonert fyr i hovudrolla, ein som ser for seg at han vil trø feil sama kor han skulle finne på å trø. Likevel ber han fram ein liten draum:

If I had a way to feel the things that sit just out of reach
I would touch the strangest faces ‘til they’re not so strange to me

Eg høyrer plata starte med smektande strykarar. Men der høyrer eg nok feil. For det er berre Romaro som har kreert lyden av ei handfull strykarar på synthesizeren sin (den luringen). Like fullt: opningssporet, I’m Gonna Teach You, er av det slaget som sender tankane tilbake til den gongen på sekstitalet då country miksa seg med pop for første gongen. Namn som George Jones og Glen Campbell spring i hu. Førstnemnte er forresten ein aktuell mann når det kjem til platas einaste coverlåt. Learning To Do Without Me var eit dugande avslutningsspor på ei ganske så middelmåtig åttitalsplate av Jones. Romaro syng den med inderlig omhu og plasserer den i langt betre omgjevnader her.

Som ein overgang mellom kvar låt har Romaro lagt inn små mellomspel. Klimprande, halvskeive, heilskeive, skrudde og effektfulle mellomspel. Det skapar ein førestilling av at dette er saker som høyrer i hop. 11 songar som fortel om mellommenneskelig punkteringar. Eller Eleven Kinds of Loneliness som Richard Yates så vakkert kalla noko liknande i ei gripande novellesamling.

Det beste mellomspelet kjem i enden av balladen The One That Got Away (Came Back Today). Eit funky eit, med ein Romaro (og ei kvinne) som fleire gonger gjentek ordet «mosey». Mystisk? Vel, på facebook-sida til Romano blir det hevda at han «delivers mosey croonin’», og, i eit halvhjerta forsøk på å komme unna countrymerkelappen, har han titulert seg som «The King of Mosey». Har eg forstått han riktig er dette eit slags forsøk på å distansere seg frå den glatte Nashville-countryen som blir sett på som country i dag, for heller å omfamne den klassiske countryen, frå 50- og 60-talet.

I kor stor grad det Romaro har føre seg er 2015 og ikkje 1965 skal eg ikkje foreta ei seriøs vekting av. Eg føler det som særdeles lite avgjerande for korleis mi oppleving av albumet blir. Det avgjerande er nærværet og tonen. Heilt sikker kan ein jo aldri vere, men eg trur det er der, akkurat der, i nærværet og tonen, at årsaka til at Romaro og eg hamnar på same frekvens må ligge.

Ein frekvens der eit bitande tittelkutt om ei prostituert kvinne som føler seg djupt fornærma av ein innbilsk kunde tar sin plass. Der songen om at byrdefullt blir det like forbanna dette livet, enten utgangspunktet er rikdom eller fattigdom, There’s a Hardship, høyrer heime. Saman med den John Prine-aktige songen om Two Word Joe. Ein kar som brenn seg så kraftig på kjærleiken at han nesten mister taleevna. Og ein og annan song til. Ja sånn om lag alle, for å seie det enkelt. For vi snakkar jo i grunn om å vere på frekvens frå første til siste tone.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s