Pål Angelskår – The Cellar Door Was Open, I Could Never Stay Away

Standard

Kjellaren og nostalgien, melankolien og den gode poptonen.                                                       7

VOW200LP Voices of Wonder Pål Angelskår The Cellar Door Was Open, I Could...(LP)  Eg sitt og ser på eit bilde av eit kjellarrom, ein teikning. Eg fant den inne i coveret: På golvet ligg eit dusin Lp-plater (frå Free til Lemonheads, frå Neil Young til Sister Rain). På veggen heng det bilde og plakatar (frå Kong Olav til Madonna, frå Karate Kid til Marillion). Her er ei bokhylle, og ein bokstabel i ferd med å velte. Her er eit orgel, ein gitar, ein bandspelar, ei skrivemaskin, ei skuff full av brev, ei flaske vin og ein stabel med ved. Her er forgangne minner, her er levande minner, og døra står open.

The Cellar Door Was Open, I Could Never Stay Away, ein innbydande tittel. Pål Angelskår sitt der, midt i tittelen, og minnest. Gamle minner og ferske minner. Gode minner og vondare minner. Om vennskap og kjærleik.

Tre år etter Follow Me er Angelskår her med plate igjen. Sitt andre soloalbum. Og han er der han har vore, i det der popmelankolske hjørnet sitt. Slik vi kjenner han frå Minor Majority. Med varme i tonefallet syng han sine sindige og smidige songar om ulike grader av fred og ufred mellom to menneske. Melodiske songar. Melodiar som veks seg sterkare og sterkare.

Og aller sterkast denne gongen veks Back When the Summer Felt More Like a Year seg. Ein innbydande tittel. Ein song som drar meg til seg. Ein gripande men også gåtefull historie, som Martin Hagfors har vore med å skrive (ein av fire songar han har vore med å skrive). Forsonlige pianotonar inviterer inn, eit varmblodig groove tar form, melodien tar tak. «Watching you from across the street» syng songaren, og ein historie om innestengd galskap, gamal kjærleik og eit stansa tilvære trer fram. Eit engelsk barnerim («knick knack paddy whack») spelar ei smått magisk rolle der songen for alvor drar seg til, der den tar steget frå notid til fortid, der eit hammondorgel breier sine tonar utover sakene. Det er songar som dette som blir med ein vidare.

Angelskår er på ingen måte åleine her, han har eit bra lag med medhjelparar med seg. Opp mot åtte-ni stykk av dei kan finne på å delta på ein og same song, gjerne som traktørar av meir enn eitt instrument også (i alle fall når det gjeld produsent Roar Nilsen). Det blir for så vidt eit fyldig lydbilde av slikt, men det har ikkje blitt eit overdådig eit, på ingen måte, her er godt med luft. I songar som har eit nært slektskap til kvarandre, men som òg vel kan seiast å ha sitt eige vesen. Her er den semiakustiske This One Song Should Be Within Range (ein song om å skrive ein song som blir til ein song om velværet saman med ei kvinne). Her er det jazzige og minimalistiske, men koringsfyldige, nummeret Meeting You Unexpectedly Here. Her er den nydelige og smått uhyggelige countrystreifande Sleeping In the Light of a Friend, med subtil men særdeles effektfull koring frå Hilde Marie Kjersem (ho korar forresten på dei fleste låtane på plata). Her er i grunn ikkje ein einaste skikkelig svak låt i sikte.

To av låtane har ikkje Angelskår skrive sjølv. Lifeline er ført i penn av engelske Gus MacGregor, og er ein dugande nok popsong. Local Karaoke Queen har han plukka frå ei plate av norske Muzzelwhite. Ein tragisk historie om ein forsømt gut, der låtskrivaren (Tore Aurstad) klarer å få eit glimt av humor inn i det heilsvarte. Angelskår gjer ei nennsam og vakker tolking.

Det blir med andre ord vanskelig å bebreide Angelskår for at han ikkje kunne la vere å smyge seg på innsida av den der opne kjellardøra. For som de skjønar kan det virke som det har komme mykje bra utav det. I alle fall ei heil plate. Denne her.

TIDAL: The Cellar Door Was Open, I Could Never Stay Away

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s