Sun Kil Moon – Universal Themes

Standard

Ein gretten gubbe og hans empatiske sider.                                                                                         8

  «What is most personal is most universal» uttalte psykologen Carl Rogers ein gong. I ettertid har mange andre tatt dei same orda i sin munn. Nokon har forfatta bøker basert på denne oppfatninga, i fleire bind til og med. Mark Kozelek byrja for nokre år sidan å laga plater der det sterkt personlige og private vart brodert ut i fyldige ordelag. Temaa var gjenkjennelige for nokon og ein kvar, og såleis altså universelle. På fjorårets Sun Kil Moon-utgjeving Benji kulminerte opplegget i ganske så engasjerande og meisterlige former. Når han no eit år seinare dukkar opp med Universal Themes er det sjølvsagt akkurat der han framleis er. I det personlige, det universelle.

My heart is drawn to the small out-of-the-way things
That I can’t help but to give my focus and attention and care
Cause they shut off what hijacks my brain
And help to tune out what can cause me pain

Det startar, plata startar, med at Kozelek fortel om ein dag då han fant ei dødelig skada pungrotte ute i hagen sin. Han ropte på kjærasten, Caroline. Dei to blei ståande å sjå på den vesle gnagaren, ei tåre rann nedover kinnet til Caroline. Mark får så ein telefon i frå Justin (gitaristen/songaren Justin Broadrick). Han inviterar med seg kompisen Tony for å sjå Justin utfolde seg på ei scene i San Fransisco med bandet sitt Godflesh. Mark framfører ein liten pasjonert omtale av konserten. Seinare, men stadig før songen er omme, er han tilbake hos Caroline, dei ser på ein HBO-serie, snakkar om rotta som måtte kapitulere, og Mark fabulerer om døden, om at han ville like å dø med musikk i øyrene: «The piano of Maurice Ravel or Godflesh’s guttural growls from hell».

Det handlar ein del om døden, men det handlar meir om det kvardagslege livet ­­– kjærleiken til Caroline, vennskap og middagsselskap,  barndomsminner og hagearbeid. Og så handlar det om musikk, boksing og ikkje minst ei filminnspeling i Sveits. Kort oppsummert kan ein vel kanskje, ved hjelp av Kozeleks eigne ord, hevde at Universal Themes handlar om at «the world don’t owe us shit», men at «to live another day is much better than to not», for trass alt: «it’s a beautiful world».

Det Mark Kozelek har presentert under Sun Kil Moon signaturen på dei siste albuma er ikkje songar heilt slik vi er vant til at songar er. For all del, det er songar, men dei har også eit visst slektskap til novelleformatet, og etter mitt syn liknar dei vel så mykje på ein ordrik hiphop-tekst som på ein klassisk vers-refreng-vers-song. Kvar låt kan virke uredigert, full av alt som rann Kozelek i hu den dagen han skreiv den. Lange medvitsstraumar, fulle av assosiasjonar og anekdotar. Tonesette dagboknotat. Men når songens slutt møter songens start og det tidvis kaotiske dramaet er unnagjort så heng det heile i grunnen ganske så forbanna godt i hop. Ikkje første gong ein høyrer det, og ikkje andre heller, men etter kvart. Og så er dei rike på empati desse songane, noko som står i kraftig kontrast til den grinete og usympatiske Kozelek som av og til trer fram i dagslyset sånn elles.

Traveling and playing and writing until I’m fucking dizzy
Some people love what I do and some get fucking pissy
But I don’t give a fuck, one day they’re all gonna miss me

Dei fleste fekk vel med seg den særdeles uelegante og umodne dissinga hans av The War On Drugs gjennom eit par-tre songar sist haust. Og det fordi eit sett som The War On Drugs hadde spelt frå ei scene på ein festival forstyrra hans eige sett på ei anna scene. Han har ved meir enn eitt høve verbalt overhøvla sitt eige publikum midt under konsertar. Og nyleg fant han det opportunt å synge ei særdeles ufin nidvise om ein kvinnelig engelsk musikkjournalist midt under ein konsert i London. Fordi han visstnok var misnøgd med nokre spørsmål ho hadde sendt han på e-post. Så er det dette med musikken versus mannen då. Å halde dei frå kvarandre. Det kan vere ei krevjande øving, og ekstra krevjande sidan Kozelek drar såpass mykje av seg sjølv og sitt liv inn i songane sine. Men eg prøver så godt eg kan.

Went to see a band tonight, and they wouldn’t play my favorite tunes
It’s 2012 but I like the ones from 1992
There was no place to sit, and god damnit I couldn’t use my phone
And fuck if the singer didn’t joke that we all looked like cookie cut out clones
And they played too long
And I didn’t like his new words
About guys in tennis shoes, and moderately talented yet attractive young girls
And when I get home I tell you just what I’m gonna do
I’m gonna cry me a river Williamsburg sleeve tattoo blues

 Mark Kozelek tar perspektivet til ein i publikum. Ein som ikkje er nøgd med desse nye Sun Kil Moon-greiene. Ein som likar Red House Painters betre, og då særlig debutplata frå 1992. Ein som ikkje likar at Kozelek fresar mot publikums mobiltelefonbruk. No, i songen, i bluesen, med det elegante namnet I’m Gonna Cry Me A River Williamsburg Sleeve Tattoo Blues, vender Kozelek seg til denne publikummaren og vil formidle at det finst alvorligare årsaker her i verda til å kjenne seg råka av den store urettvisa, langt alvorligare. For kva med den sterkt funksjonshemma Billy, som alltid smilte, men som døydde 36 år gammal? Og kva med den ti år gamle guten som blei skoten av ein jeger? Og kva med mora hans? Eller mora til boksaren Jimmy Garcia som miste livet i ringen? Og kva med all anna slags djevelskap og sjukdom der ute, kva då med det?

My friend Teresa she’s been in so much pain
When I visit her, I do my best not to bitch and complain
So we goof around, I can tell her dumb jokes
But underneath it all, I’ve got a numb fear deep in my bones
Cause someone I love is so sick and so tired and weak

På Benji song Kozelek om Carissa og hennar meiningslause død, denne gongen syng han om Teresa. Ei kvinne, ein venn, med ein alvorlig sjukdom. With a Sort of Grace I Went To the Bathroom to Cry er songens tittel, og det er også det Mark gjer når han er på besøk hos barndomsvenninna og han opplever at det som har ramma henne blir for tungt å handtere.

Universal Themes skildrar også stunder av pur lykke. Avslutningsvis til dømes. I songen med den omstendelige tittelen This Is My First Day And I’m Indian And I Work At A Gas Station. Denne lykkedelen, den siste delen, av denne ti minuttar lange songen har forresten ein viss link til Benji. Ben’s My Friend heitte songen som avslutta den plata, og var mellom anna ei skildring av ein misunnelig Kozelek som avslår eit backstagetreff med Ben Giddard og hans Postal Service. Ben Giddard dukkar nemlig også opp i siste songen denne gongen. Før Giddard dukkar opp handlar det mykje om ei mentalt frustrerande filminnspeling i «Flims, Switzerland». Men altså, til slutt er det trivnad, stor trivnad, som blir skildra. Med både Ben Giddard og Bob Mould involvert. Ein skikkelig godkveld er det. Og dagen etter er det «february 24th, and I still feel a little high from how good everything felt last night», og nokre vennlige tonar frå eit keyboard dør sakte hen.

With A Sort of Grace I Went To the Bathroom to Cry har på si side grumse-elektrisk gitarlyd av Crazy Horse-slaget. Og sonisk er nok Universal Themes ei meir elektrisk og rytmisk orientert plate enn Benji – den gode gamle Sonic Youth-trommisen Steve Shelley spelar trommer på dei fleste kutta her. Men ei funky affære vil eg halde meg langt unna å påstå at det er. Det er ei affære som tar seg tid, som gjer sine retningsendringar undervegs – både elegante og uelegante. Det er i grunnen ei skikkelig god Sun Kil Moon-skive.

TIDAL: Universal Themes

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s